Stortinget - Møte onsdag den 28. oktober 1998 kl. 10

Dato: 28.10.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 1

Per Sandberg (Frp): «Barne- og familiedepartementet har funnet frem til en beregningsmåte for samværsdager som skal fjerne «tvilen» om det er delt omsorg eller ikke. Dette har de gjort ved å flytte grensen for delt omsorg fra 4 til 5 måneder, i tillegg har de fjernet noe av den faktiske samværsretten for å garantere at samværsforeldre kommer under grensen.

Er dette i tråd med statsrådens ønske om at fedre skal stille opp mer for barna sine, og er det et ønske med en slik skjev fordeling av de økonomiske sidene ved likedelt omsorg for barn?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg vil innleia med å opplysa om at den utslagsgjevande skilnaden mellom delt bustad, altså tidlegare delt omsorg, og utvida samvær ikkje handlar om tid, men om kven som skal avgjera saker i dagleglivet. I samband med dei siste endringane i barnelova gjorde departementet det klart kva som er meint med desse omgrepa. Det stod i Ot.prp. nr. 56 for 1996-97 s. 53 og fylgjande. Ved utvida samvær, som kan gjelda samvær opp imot halvparten av tida, har barnet fast tilhald hos ein av foreldra. Den barnet bur fast hos, har rett til å ta større daglege avgjerder åleine for barnet. Dersom foreldra har avtalt delt bustad for barnet, tar foreldra større daglege avgjerder saman.

Fostringstilskotet, eller bidraget, som det heiter på bokmål, skal i dag reknast etter skjønn dersom foreldra har delt den faktiske omsorga for barnet/borna, og er såleis den einaste regelen i dag der det er tatt økonomisk omsyn til samvær. Unntaksregelen skil ikkje mellom delt bustad og utvida samvær. Klarlegginga av omgrepet delt omsorg i forskrifta om fastsetting og endring av fostringstilskotet vart tilrådd i Ot. prp. nr. 36 for 1991-92. Grensa på fem månader vart grunngjeve med at ein ville gå klar av konfliktar kring spørsmålet om det låg føre delt omsorg eller ikkje. Departementet tok i denne samanhengen omsyn til synet høyringsinstansane hadde på saka. Fleire av høyringsinstansane frykta at mange ville skyta seg inn under forskrifta dersom grensa vart sett for lågt. Dette kunne føra med seg konfliktar som kunne gå ut over borna.

Før klargjeringa av omgrepet delt omsorg vart tatt inn i forskrifta om fostringstilskot, fanst det ikkje noka fast grense. Avgjerdsorganet måtte ut frå ei samla vurdering avgjera om det låg føre delt omsorg. Utvida samvær fekk ikkje påverka fastsettinga av fostringstilskotet. I denne samanhengen uttalte departementet i Ot. prp. nr. 44 for 1987-88 at det normalt ikkje låg føre delt omsorg dersom tidslengda ikkje kom opp i fire månader eller meir i året. Det er vel dette representanten meiner når han seier at grensa vart flytta i 1992.

Eg arbeider for tida med endringar i ordninga om fostringstilskot. I denne samanhengen er det eit mål å oppmoda til vedvarande omsorg frå begge foreldra. Utgiftene skal delast mellom foreldra etter økonomisk evne så rett og rimeleg som mogleg. Eg vil derfor ta opp spørsmålet om samvær skal takast med ved fastsettinga av fostringstilskotet for foreldre med mindre samvær enn etter reglane i dag. Dette gjer vi fordi vi er opptatt av at fedrane skal stilla meir opp for borna sine.

Gunnar Breimo hadde her overtatt presidentplassen.

Per Sandberg (Frp): Poenget er akkurat at i en situasjon der vi har to bidragsbetalende fedre som har likelydende samværsavtaler for barna sine, må den ene betale fullt bidrag, mens den andre, som har felles eller delt omsorg, slipper det. En ekstra dag med samvær med barna kan altså bety ti tusener av kroner for den ene bidragsyteren. Den magiske grensen går ved fem måneder, som i bidragssystemet betyr 152,5 dager. Da regnes omsorgen for å være delt, og gjensidig bidragsplikt utløses. Erfaring viser nå at den enkelte saksbehandler i trygdeetaten regner hele og halve samværsdager på en sånn måte at bidragsbetaler hele tiden kommer under denne grensen. Synes ikke statsråden at dette er en neglisjering av den vesentlige omsorgen samværsforeldre yter for sine barn?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Om det er ei neglisjering eller ei, skal eg ikkje uttala meg om, men det som er heilt klart, er at reglane slik dei er i dag, er mogne for forandringar. Noko av det som må vera intensjonen med reglane, er at ein skal oppfordra begge foreldra til å vera meir saman med borna sine, og at ein ikkje skal kunna ha ei slik «magisk» grense som vi har i regelverket i dag, for å rekna ut kor mykje ein skal betala. Slik kan ein kanskje unngå spekulative utrekningar for å utnytta systemet fullt ut.

Om vi lagar nye reglar, trur eg ikkje at dette blir problemfritt i framtida heller. Vi veit at foreldre sjølve kan gå inn på avtalar, og eg vonar at så mange som mogleg faktisk sjølve set opp ein avtale som er til bornas beste. Men dessverre er det her som regel to vaksne som er i konflikt med kvarandre, som prøver å få det best mogleg for seg sjølve, og som ikkje alltid har bornas beste i tankane når dei skal finna ut kor mykje dei skal hjelpa til med. Desse tinga, saman med eit regelverk som er for gammaldags, vil vi sjå på, slik at vi får meir rettferdige reglar for framtida.

Per Sandberg (Frp): Jeg deler selvsagt statsrådens oppfatning om at vi aldri kommer dit hen at dette blir problemfritt. Jeg er også fullstendig klar over at denne statsråden, i likhet med flere statsråder før henne, har planer og arbeider med gjennomgang av bidragsordningen osv. og har som målsetting å legge fram en proposisjon i dette tilfellet – høsten 1999. Men jeg må få lov til å si at treneringen i denne saken har foregått over svært lang tid og medfører stor omsorgssvikt for flere tusen barn hver dag. Ser ikke statsråden at dette må forseres kraftig? Eller er det rett og slett frykten for den ubehagelige reform som gjør at også dagens familieminister trenerer saken?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg skal ikkje ta på meg ansvaret for kva tidlegare statsrådar har gjort. Men eg har sagt til representanten før – og eg kan gjenta det: Dette er ei sak som er svært viktig, og som vi jobbar med i departementet. Men representanten veit like godt som meg at slike lovframlegg skal ut på høyring, og vi har fristar vi skal halda. Derfor tar dette tid. Men for meg er det absolutt ingen som helst grunn til at eg skulle prøva å trenera dette fordi det blir ubehageleg å legga det fram. Eg meiner faktisk at det trengst, og eg ynskjer å gjera det så raskt som mogleg. Men det som er viktig, er òg å få dei ulike partane i tale, slik at dette blir eit opplegg som faktisk blir til det beste for dei som er involverte i det. Tidlegare forslag, som ein har sendt ut på høyring, har ein jo mottatt ein god del kritikk for. Eg vil prøva å ta inn noko av den kritikken som har kome, når vi no skal senda nye forslag ut på høyring. Eg trur aldri at det går an å legga fram eit forslag som berre vil vekka begeistring. Kjeft får ein same kva ein gjer i denne saka, men det har ingenting med korkje trenering eller feigskap å gjera; det har å gjera med at det skal vera eit grundig forarbeid.