Stortinget - Møte onsdag den 28. oktober 1998 kl. 10

Dato: 28.10.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 2

Unn Aarrestad (Sp): Eg vil få stilla fylgjande spørsmål til barne- og familieministeren:

«Ifylgje Aftenposten 26. september 1998 skal nå norsk næringsliv på kurs for å læra å lokka til seg borna si kjøpekraft. Stadig fleire ser eit stort potensial i dei minste konsumentane.

Kva vil statsråden gjera for å hindra marknadsføring og reklame direkte retta mot born i Noreg?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Spørsmålet om born og reklame har blitt svært aktualisert den seinare tida, ikkje minst på grunn av oppslaget i Aftenposten den 26. september i år og seminaret som skal haldast i byrjinga av november under namnet «KIDS – Har du råd til å overse dem?».

Fyrst vil eg nemna at marknadsføringslova har eit forbod mot marknadsføring i strid med god marknadsføringsskikk. Denne regelen tar m.a. sikte på å verna born og unge mot at deira manglande røynsler skal bli utnytta. Kringkastingslova har eit forbod mot i det heile å senda reklame retta særleg mot born i radio eller fjernsyn. Kringkastingslova har også eit forbod mot å senda reklame ti minutt før og etter eit barneprogram.

Eg er veldig opptatt av og uroa over det kommersielle presset som born og unge blir utsette for. På Internett t.d. finst det mykje reklame retta mot born. Ofte er han skjult som spel eller andre aktivitetar som appellerer til borna. Generelt meiner eg å sjå ei negativ utvikling dei seinare åra. Når det gjeld å utvikla born til såkalla gode forbrukarar, er foreldra i dag hardt pressa av ein pågåande marknadsføringsbransje. Den tidlegare nemnde konferansen, «KIDS», er eit tydeleg teikn på at marknadsføringspresset mot born både aukar og blir meir aggressivt. I artikkelen i Aftenposten vart det frå marknadsføringshald sagt klårt frå at dei meiner at det ikkje lenger er grunn til å verna born mot reklame, slik ein hittil har gjort i Noreg. Folk frå departementet mitt vil vera til stades på konferansen, og vi vil sjølvsagt òg på andre måtar fylgja denne utviklinga nøye.

Når borna alt frå tidleg alder blir utsette for massiv, kommersiell påverknad og kjem heim med ynsker om å kjøpa både det eine og det andre, anten det skuldast påverknad frå jamaldrande, reklamekatalogar eller anna, stiller det store krav til foreldra om at dei skal vera vakne med omsyn til kva slags haldningar til forbruk dei skal gje borna sine. Utan omsyn til press vil det vera foreldra som tar avgjerda og som har ansvaret for å seia ja eller nei. Påverknaden frå jamaldrande er òg stor. Derfor trur eg det òg er viktig at foreldra spelar på lag, t.d. med andre foreldre i barnehagen eller nærmiljøet.

Regjeringa førebur ei melding til Stortinget om forbrukarpolitikken, som vi tar sikte på å legga fram for Stortinget til våren. I meldinga vil born og reklame vera eit viktig tema. Det finst ikkje noko enkelt svar på korleis vi skal takla det aukande kommersielle presset på born og unge. I meldinga vil vi skissera ulike tiltak og invitera til ein diskusjon særleg om balansen mellom å verna borna og å dyktiggjera dei, slik at dei sjølve kan velja.

Som barneminister meiner eg at ein bør visa stor aktsemd på dette området, og at barndommen til ein viss grad bør skjermast for pågåande marknadsføring. Eg kan òg nemna at gjennom Reform 97 er forbrukarlære blitt innført frå andre klassetrinn i grunnskulen. Reklame og påverknad er eitt av dei tema som blir tatt opp der. Personleg trur eg at opplæring og bevisstgjering av born og unge når det gjeld korleis ein skal takla reklame eller andre marknadsføringsframstøt, er veldig viktig, i tillegg til at vi må ha eit godt og velfungerande regelverk. Eg vil òg nemne at born, reklame og Internett er tema for ei utgreiing som no skjer i regi av Nordisk Ministerråd.

Unn Aarrestad (Sp): Eg takkar for eit imøtekomande svar.

Bakgrunnen for spørsmålet mitt er at næringslivet nå ikkje lenger aktar å skjerma norske born mot aktiv marknadsføring og reklame. Til det er norske born si kjøpekraft, òg gjennom påverknad av foreldra, for stor. Næringslivet veit òg at foreldra her er eit lett bytte.

Om kort tid arrangerer European Business Centre det omtala kurset, og dette er mynta på norsk næringsliv. Prosjektleiaren for dette kurset meiner at tida nå er inne for å fjerna skylappane òg i Noreg. Borna skal gjerast til ein kamparena for påverknad og marknadsdelar. Her er altså eit potensial som ikkje er utnytta ennå.

Vil statsråden utforma eit regelverk særskilt med tanke på desse problemstillingane?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Som eg nemnde i svaret mitt, har vi alt eit regelverk som er forholdsvis strengt på dette området. Vi vil òg i samband med forbrukarmeldinga koma inn på ulike tiltak for å motarbeida dei kreftene som er sette i gang.

Den nemnde konferansen, som både representanten Aarrestad og eg var inne på, vender seg til forbrukarar frå 0 til 13 år. Dei går altså heilt ned til 0-åringane når dei skal begynna å innretta sin marknadsføringstaktikk. Dei seier òg i samband med den konferansen dei skal ha, at dei skal ha litt etikk på dagsordenen, kanskje for at tilbodet skal sjå noko betre ut enn det det gjer for oss som les dette no.

Eg trur det beste verkemidlet vi har for å bygga opp borna, er å bevisstgjera både dei og foreldra, og at vi bruker både skulen, barnehagen og nærmiljøet til å vera med på å bygga dei opp. Vi vil òg sjå på eventuelle endringar i lovverket, eller handhevinga av lovverket, slik at vi så langt som råd er, klarer å skjerma oss. Eg har ingen illusjon om at vi klarer å skjerma oss totalt frå dette, men vi skal iallfall sjå kva vi har av verkemiddel for å gå så langt som mogleg.

Unn Aarrestad (Sp): Det er ingen tvil om at reklamen i sin karakter fremmer visse verdiar, særleg kommersielle framfor andre verdiar. Nå er det bornas kommersielle verdi det handlar om.

På det tidlegare omtala kurset skal altså fagfolk på høgt nivå møtast for å fanga borna si interesse og finna ut korleis ein kan skapa livslange kundeforhold gjennom merkebygging mot born. Kurset skal òg læra næringslivet effektive teknikkar i marknadsundersøking med born. Me veit at marknadsføringslova og dei reglane som gjeld for TV-reklame, gjev noko vern, som òg nemnt i førre svar. Men meiner statsråden at dette nå i desse aktive tider på dette området er nok, og vil statsråden følgja dette opp i ein vidare samanheng?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg veit ikkje om eg kan gi noko meir utfyllande svar enn det eg alt har gitt. Dette skal vi gjennomgå i forhold til lovverket, og eg vil, som eg òg sa i det fyrste svaret mitt, også senda nokre av mine folk som deltakarar på den konferansen for å lytta og læra, for eventuelt på den måten å sjå kva ein kan bruka som motmakt mot det som blir gitt av informasjon på denne konferansen.

Eg trur òg at dersom folk rundt oss reagerer og er med på å seia at dette ynskjer vi ikkje, er det òg med på å påverka dei som skal marknadsføra ulike varer. Som representanten Aarrestad no var inne på, går dette stort sett på kommersielle verdiar i forhold til marknadsføring. Der trur eg vi treng å dra alle gode krefter, og så skal eg gjera det eg kan både i forhold til lovverket og den meldinga som eg har sagt at vi skal koma med.