Stortinget - Møte onsdag den 27. januar 1999 kl. 10

Dato: 27.01.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 38

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg vil tillata meg å stilla følgjande spørsmål til sosialministeren:

«Det er no vedteke at einslege forsytarar mistar rett til overgangsstønad og ekstra barnetrygd når dei har fast sambuar. Etter lov om sosiale tenester er det ikkje mogleg å trekkja inn sambuar si inntekt ved utmåling av sosialhjelp.

Kva vurdering har statsråden av dette?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Stønadsordningane for einslege forsytarar vart innførte i ei tid då ein anten var gift eller levde aleine. Sambuarforma var lite vanleg. Det var òg meir vanleg at kvinna var heimearbeidande. Samfunnet har endra seg. I dag er sambuarskap svært utbreitt og allment akseptert. Det synest òg då meir naturleg å tilpassa stønadsordningane til faktiske familie- og samlivsmønster. Val av samlivsform bør ikkje påverkast av at den eine forma gjev større rett til offentlege stønader enn den andre.

Formålet med stønadsordninga i folketrygdlova er å setja einslege forsytarar i stand til å forsyta seg sjølve etter ein rimeleg overgangsperiode. Den som har sambuar til å dela buutgifter og andre hushaldningsutgifter med, har ikkje like stort behov for stønad. På denne bakgrunn jamsteller folketrygdlova og barnetrygdlova stabile sambuarforhold – dvs. at dei har vart i 12 av dei siste 18 månadene – med ekteskap.

Eg vil presisera at lovendringane i folketrygdlova og barnetrygdlova ikkje rokkar ved utgangspunktet: Sambuarar har ikkje, i motsetnad til ektefellar, gjensidig underhaldsplikt for kvarandre. Korkje ein sambuar eller ein ektefelle har heller noko direkte forsytaransvar for den andres særkullbarn. Det er det dei biologiske foreldra som har. Den andre av foreldra, som ikkje har den daglege omsorga for barnet, skal betala barnebidrag.

Når det gjeld lova om sosiale tenester, er denne det siste tryggleiksnettet i velferdsstaten. Lova skal m.a. sikra alle som har opphald i Noreg, forsvarleg livsopphald. Sosialhjelpa er likevel av subsidiær karakter. Den enkelte har i utgangspunktet ansvar for å syta for eige underhald ved å nytta alle aktuelle utvegar. Når alle aktuelle utvegar er nytta fullt ut, men ikkje strekk til, har den som ikkje kan syta for livsopphaldet sitt, krav på økonomisk stønad. Eg vil peika på at tildeling og utmåling av økonomisk stønad skal skje etter ei individuell behovsprøving på grunnlag av søkjaren sin økonomiske, sosiale og helsemessige situasjon. Dette er eit anna utgangspunkt enn det som gjeld for barnetrygd og overgangsstønad.

Ved utmåling av økonomisk stønad til sambuarar må det leggjast til grunn at sambuarar ikkje har gjensidig underhaldsplikt. Det kan likevel takast omsyn til økonomiske fordelar ved felles hushald. Det kan òg takast omsyn til at søkjaren faktisk blir underhalden av sambuaren.

Regjeringa skal leggja fram ei melding om utjamning i levekår denne våren, der situasjonen til m.a. einslege forsytarar vil bli vurdert. g det regjeringsoppnemnde sambuarutvalet arbeider med problemstillinga. Utvalet går gjennom lover og regelverk og vurderer sambuarane sine rettar og plikter på meir prinsipielt grunnlag. Det tek sikte på å leggja fram innstillinga si i løpet av våren.

Både meldinga og oppfølginga av utvalsrapporten vil gje høve til å ta opp vilkåra for einslege forsørgjarar på breiare basis.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg vil takka statsråden for vaksenopplæringa, sjølv om eg nok kjenner til desse lovene relativt godt.

Svaret reiser mange fleire spørsmål enn det klargjer. Dette må verta ein kortversjon, sidan eg berre har eitt minutt.

Eg vil fyrst seia at eg tykkjer det er eit skuffande svar, for det tyder på at ein korkje ser problema eller har tenkt gjennom dei. Konsekvensane av dette vert at einslege forsørgjarar som har lita eller inga inntekt – og dersom dei vert sjuke medan dei har lita eller inga inntekt, får dei heller ikkje sjukepengar, for å skyta inn det – vert sosialhjelpsmottakarar, for her er det andre føresetnader, og det seier statsråden at det skal halda fram med å vera. Konsekvensen for kommunane er at dei kan få store meirkostnader som følgje av dette. Det trur eg ikkje Stortinget vart gjort merksam på ved endringa av folketrygdlova og barnetrygdlova.

Eg vil igjen spørja: Vil sosialministeren ordna opp i dette, eller i alle fall arbeida vidare med å sjå om her er ein dobbelkommunikasjon når det gjeld lovverket?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er ikkje mi meining å læra Oddbjørg Ausdal Starrfelt noko om eit område som eg veit at ho har bakgrunn for å kjenna godt til, men eg har gjeve mitt svar ut frå slik som ho har bedt om det. Ho har bedt om ei vurdering av desse to lovverka, og det har ho fått.

La meg elles leggja til at den store omlegginga av stønaden til einslege forsørgjarar skjedde etter forslag i velferdsmeldinga, vedteke av Stortinget utan støtte frå regjeringspartia, og evalueringa der er lagd til år 2001. Men som eg peikte på i mitt hovudsvar: Eg vil syta for at både i Sambuarutvalet si innstilling og i stortingsmeldinga om utjamning i levekår vil dei einslege forsørgjarane sin situasjon bli nærmare vurdert.

Presidenten: Den reglementsmessige tid for formiddagens møte er snart omme. Presidenten vil foreslå at vi fortsetter spørretimen og ferdigbehandler dagens kart på overtid. – Det anses bifalt.