Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg vil tillata meg å stilla følgjande
spørsmål til sosialministeren:
«Det er no vedteke at einslege forsytarar
mistar rett til overgangsstønad og ekstra barnetrygd når
dei har fast sambuar. Etter lov om sosiale tenester er det ikkje
mogleg å trekkja inn sambuar si inntekt ved utmåling
av sosialhjelp.
Kva vurdering har statsråden av dette?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Stønadsordningane for einslege forsytarar
vart innførte i ei tid då ein anten var gift eller
levde aleine. Sambuarforma var lite vanleg. Det var òg
meir vanleg at kvinna var heimearbeidande. Samfunnet har endra seg.
I dag er sambuarskap svært utbreitt og allment akseptert.
Det synest òg då meir naturleg å tilpassa
stønadsordningane til faktiske familie- og samlivsmønster.
Val av samlivsform bør ikkje påverkast av at den
eine forma gjev større rett til offentlege stønader
enn den andre.
Formålet med stønadsordninga
i folketrygdlova er å setja einslege forsytarar i stand
til å forsyta seg sjølve etter ein rimeleg overgangsperiode.
Den som har sambuar til å dela buutgifter og andre hushaldningsutgifter
med, har ikkje like stort behov for stønad. På denne
bakgrunn jamsteller folketrygdlova og barnetrygdlova stabile sambuarforhold – dvs.
at dei har vart i 12 av dei siste 18 månadene – med
ekteskap.
Eg vil presisera at lovendringane i folketrygdlova
og barnetrygdlova ikkje rokkar ved utgangspunktet: Sambuarar har
ikkje, i motsetnad til ektefellar, gjensidig underhaldsplikt for
kvarandre. Korkje ein sambuar eller ein ektefelle har
heller noko direkte forsytaransvar for den andres særkullbarn.
Det er det dei biologiske foreldra som har. Den andre av foreldra,
som ikkje har den daglege omsorga for barnet, skal betala barnebidrag.
Når det gjeld lova om sosiale tenester,
er denne det siste tryggleiksnettet i velferdsstaten. Lova skal
m.a. sikra alle som har opphald i Noreg, forsvarleg livsopphald. Sosialhjelpa
er likevel av subsidiær karakter. Den enkelte har i utgangspunktet
ansvar for å syta for eige underhald ved å nytta
alle aktuelle utvegar. Når alle aktuelle utvegar
er nytta fullt ut, men ikkje strekk til, har den som ikkje kan syta
for livsopphaldet sitt, krav på økonomisk stønad.
Eg vil peika på at tildeling og utmåling av økonomisk
stønad skal skje etter ei individuell behovsprøving på grunnlag
av søkjaren sin økonomiske, sosiale og helsemessige
situasjon. Dette er eit anna utgangspunkt enn det som gjeld for
barnetrygd og overgangsstønad.
Ved utmåling av økonomisk
stønad til sambuarar må det leggjast til grunn
at sambuarar ikkje har gjensidig underhaldsplikt. Det kan likevel
takast omsyn til økonomiske fordelar ved felles hushald.
Det kan òg takast omsyn til at søkjaren faktisk
blir underhalden av sambuaren.
Regjeringa skal leggja fram ei melding om utjamning i
levekår denne våren, der situasjonen til m.a.
einslege forsytarar vil bli vurdert. g det regjeringsoppnemnde sambuarutvalet
arbeider med problemstillinga. Utvalet går gjennom lover
og regelverk og vurderer sambuarane sine rettar og plikter på meir
prinsipielt grunnlag. Det tek sikte på å leggja
fram innstillinga si i løpet av våren.
Både meldinga og oppfølginga
av utvalsrapporten vil gje høve til å ta opp vilkåra
for einslege forsørgjarar på breiare basis.
Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg vil takka statsråden for vaksenopplæringa,
sjølv om eg nok kjenner til desse lovene relativt godt.
Svaret reiser mange fleire spørsmål
enn det klargjer. Dette må verta ein kortversjon, sidan
eg berre har eitt minutt.
Eg vil fyrst seia at eg tykkjer det er eit
skuffande svar, for det tyder på at ein korkje ser problema
eller har tenkt gjennom dei. Konsekvensane av dette vert at einslege forsørgjarar
som har lita eller inga inntekt – og dersom dei vert sjuke
medan dei har lita eller inga inntekt, får dei heller ikkje
sjukepengar, for å skyta inn det – vert sosialhjelpsmottakarar,
for her er det andre føresetnader, og det seier statsråden
at det skal halda fram med å vera. Konsekvensen for kommunane
er at dei kan få store meirkostnader som følgje
av dette. Det trur eg ikkje Stortinget vart gjort merksam på ved
endringa av folketrygdlova og barnetrygdlova.
Eg vil igjen spørja: Vil sosialministeren
ordna opp i dette, eller i alle fall arbeida vidare med å sjå om
her er ein dobbelkommunikasjon når det gjeld lovverket?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er ikkje mi meining å læra
Oddbjørg Ausdal Starrfelt noko om eit område som
eg veit at ho har bakgrunn for å kjenna godt til, men eg
har gjeve mitt svar ut frå slik som ho har bedt om det.
Ho har bedt om ei vurdering av desse to lovverka, og det
har ho fått.
La meg elles leggja til at den store omlegginga
av stønaden til einslege forsørgjarar skjedde
etter forslag i velferdsmeldinga, vedteke av Stortinget utan støtte
frå regjeringspartia, og evalueringa der er lagd til år
2001. Men som eg peikte på i mitt hovudsvar: Eg vil syta
for at både i Sambuarutvalet si innstilling og i stortingsmeldinga
om utjamning i levekår vil dei einslege forsørgjarane sin
situasjon bli nærmare vurdert.
Presidenten: Den reglementsmessige tid for formiddagens
møte er snart omme. Presidenten vil foreslå at
vi fortsetter spørretimen og ferdigbehandler dagens kart
på overtid. – Det anses bifalt.