Petter Løvik (H): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål
til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
«Læreboka «Samfunnskunnskap
9» gir eit svært negativt inntrykk av fiskerinæringa
og har også fleire direkte feil. Så lenge vi
har ei offentleg godkjenningsordning vert innhaldet ståande
som offentleg godkjende fakta.
Kva vil statsråden gjere i denne konkrete
saka og generelt for å sikre at bøker der innhaldet
er stempla som offentleg godkjent, held faglege mål?»
Statsråd Jon Lilletun: Fiskerinæringa er vår nest største
eksportnæring og ei næring med gode framtidsutsikter.
Eg må berre seie meg lei for at dette viktige perspektivet
ikkje kjem fram i ei lærebok i samfunnsfag.
Arbeidet med gransking og godkjenning av lærebøker i
grunnskulen og i vidaregåande opplæring skjer
i samsvar med forskrift av 13. januar 1984. Det er Nasjonalt læremiddelsenter
som forvaltar forskrifta. Alle manuskript til lærebøker
det vert søkt godkjenning for, gjennomgår fagdidaktisk
gransking, ei gransking som gjeld likestilling mellom kjønna,
og språkleg gransking. Den språklege granskinga
vert utført av Norsk språkråd.
Når det gjeld å sikre at
innhaldet i lærebøkene held fagleg nivå,
dvs. er fagleg korrekt, ligg hovudansvaret hos forfattaren og forlaget.
Den fagdidaktiske granskinga skal vurdere læreboka
i forhold til
måla og hovudmomenta i
læreplanen for faget
den didaktiske heilskapen som den generelle delen, prinsippa
og retningslinene og læreplanen for faget inngår
i
Som ledd i denne granskinga skal det såleis
vurderast om stoffutvalet og framstillingsforma verkar til å realisere
intensjonane i L-97. I denne samanhengen vil det også i
den fagdidaktiske granskinga verte vurdert om lærestoffet
og framstillinga held faglege mål. Forlaga og Nasjonalt
læremiddelsenter samarbeider når det gjeld å sikre
at det faglege innhaldet er korrekt. I samfunnsfag, der denne boka
vert brukt, endrar forholda seg på mange område svært
raskt, og det er viktig at lærebøkene er fagleg
oppdaterte.
Det er sjølvsagt svært uheldig
at fiskerinæringa har fått ei omtale som ikkje
er korrekt, i ei godkjend og utgjeven lærebok. Eg vil likevel
nemne at volumet av lærebokmanuskript som skal granskast,
har vore svært stort i samband med grunnskulereforma, og
at arbeidet delvis har vore gjort under tidspress.
Nasjonalt læremiddelsenter vil be
forlaget rette opp det som ikkje er korrekt i den neste utgåva
av læreboka, slik at alle opplysningar om fiskerinæringa
vert korrekte. Nasjonalt læremiddelsenter vil også be
forlaget vurdere tiltak med tanke på dei skulane som allereie
har kjøpt læreboka, f.eks. ved at forlaget sender
ut korrigerte sider som kan leggjast inn.
Elles kan det opplysast at godkjenningsordninga
vil verte vidareført i forskrifta til den nye opplæringslova, som
trer i kraft 1. august 1999. Departementet og Nasjonalt læremiddelsenter
er opptekne av å sikre kvaliteten på lærebøkene.
I den samanhengen vert det no sett i gang eit forsøksprosjekt
i eit samarbeid mellom Den norske Forleggerforening, Norsk faglitterær
forfatter- og oversetterforening, Høgskulen i Vestfold
og Nasjonalt læremiddelsenter om vurdering og val av lærebøker
og andre læremiddel. Dette er eit prosjekt som tek sikte
på å auke kunnskapen om læremiddelkvalitet.
Samtidig vert det mogleg å prøve ut andre modellar
for godkjenning, der ein òg ser nærare på ansvarsdelinga
når det gjeld innhaldet.
I denne samanhengen viser eg til budsjettvedtaket
for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet under stortingsbehandlinga
av Budsjett-innst. S. nr. 12 for 1998-99, der eit av vedtaka lyder:
«Stortinget
ber Regjeringen vurdere kvalitetssikring av norsk lærebokproduksjon
med sikte på en vesentlig forenkling, eventuelt avvikling
av dagens godkjenningsordning for lærebøker.»
Petter Løvik (H): Eg takkar for svaret, som eg synest til ein
viss grad var imøtekomande.
Det er ille med direkte feil, men det alvorlegaste
her er kanskje den totale framstillinga av næringa, under
kapitlet «Arbeidslivet – muligheter og utfordringer».
Det er rett nok eit bilete frå fiskerinæringa
i dette kapitlet – eit bilete med teksten «Nedlagt
og fraflyttet fiskevær». På same sida
står teksten:
«Kvar
er hammaren Edvard, du treng han vel no
når døra skal spikrast igjen?»
Det er den kveldsroa som liksom ser ut til å ha
senka seg over fiskerinæringa i denne læreboka,
som gjer meg mest uroleg. Eg synest det er ille at Gyldendal ikkje
gjer ein god nok jobb, men eg håpar statsråden
er einig med meg når eg seier at det er endå verre å ha
ei godkjenningsordning som ikkje klarer å fange opp slike
ting.
Statsråd Jon Lilletun: Eg er heilt samd med representanten Løvik
i at det verste er den totale framstillinga av næringa
som ei næring under nedbygging, under pessimisme. Det gjev
oss nok ei utfordring på mange fleire felt enn det som
gjeld lærebøker, for det er eit eller anna bilete
som har festa seg hjå svært mange, og det slår òg ut
i rekrutteringa til f.eks. fiskerifaga. Her har vi ein felles jobb å gjere.
Så her deler eg representanten Løviks uro og syn.
Eg er òg einig i at det er leit når ein har ei godkjenningsordning
som ikkje har fanga opp dette.
Eg er òg glad for at representanten
Løvik oppfatta at her er vi i gang med eit ganske stort
arbeid, og at vi er veldig opptekne av at dette skal verte betre.
Eg meiner framleis at det arbeidspresset som har vore i samband med
gjennomføringa av reformene, er medverkande.
Petter Løvik (H): Rett nok skal det føyast til at det same
forlaget i andre verk har omtalt delar av næringa. Ein
går bl.a. inn på at det er ei moderne næring
og seier:
«Moderne
fiskebåter er fulle av elektroniske hjelpemidler som gjør
det enkelt å finne fiskestimene.»
Og så kjem det eg vil ta fatt i:
«Det
er ikke lenger greit å være fisk, om det var det før.»
Det må vi vel kunne slutte oss til.
Men det er heller ikkje greitt for oss som prøver å vere
med og rekruttere folk til ei næring som vi langs kysten
sjølve oppfattar som ei framtidsnæring. Som statsråden
korrekt sa, er det den nest største eksportnæringa,
ei næring som har enormt vekstpotensial i kraft av at ho
leverer mykje og rein mat, og næringa har store utviklingsmoglegheiter. Det
er bakgrunnen for den store diskusjonen som det no er blitt i fiskerikrinsar
om denne læreboka.
Eg synest statsråden sitt svar var
rimeleg positivt, og håper at han vil følgje opp
dette også på generell basis.