Stortinget - Møte onsdag den 3. februar 1999 kl. 10

Dato: 03.02.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 24

Rita Tveiten (A): Eg vil gjerne stilla følgjande spørsmål til kyrkje- utdannings- og forskingsministeren:

«Høgskulen i Narvik gjev utdanningstilbod til russiske studentar. Dei har kapasitet til å ta imot 120 utanlandsstudentar, men «får berre» 90, dette trass i at Statens lånekasse for utdanning har midlar att til formålet.

Korleis kan dette ha seg, og kva kan gjerast for at Høgskulen i Narvik får høve til å ta imot ytterlegare 30 studentar til hausten?»

Statsråd Jon Lilletun: Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet fordeler kvart år plassar i den såkalla kvoteordninga for studentar frå utviklingsland og Aust-Europa etter søknader frå alle universiteta og høgskulane i Noreg. Studentane får støtte frå Statens lånekasse for utdanning på line med norske studentar. Når studentane vender attende til heimlandet etter avslutta utdanning, vert lånet gjort om til stipend.

Kor mange plassar departementet har til fordeling, vert fastsett i statsbudsjettet for kvart år. Studieåret 1998-99 var det i alt 900 studentar som fekk plass. 300 av plassane gjekk til studentar frå Aust-Europa.

I statsbudsjettet for 1999 har Stortinget løyvt pengar til ytterlegare 100 plassar til studentar frå Aust-Europa og 100 plassar til studentar frå utviklingsland. Institusjonane har frist til 15. februar for å søkje om plassar, og departementet har som målsetjing å handsame søknadene før påske.

Det er om lag 40 høgre utdanningsinstitusjonar som kan søkje om kvoteplassar. Talet på søknader har dei siste par åra vore ein god del større enn talet på plassar som står til rådvelde. Dette gjeld i særleg grad plassar for studentar frå Aust-Europa. Departementet har derfor vore nøydd til å redusere talet på plassar for dei fleste institusjonane.

Mange av dei institusjonane som i dag berre har nokre få plassar, ynskjer å ta opp fleire studentar frå Aust-Europa. Ikkje minst gjeld dette Universitetet i Tromsø og dei andre høgskulane i Nord-Noreg, m.a. som ein del av samarbeidet i Barentsregionen.

Etter mi meining er det viktig at flest mogleg av institusjonane kan ha utanlandske studentar for å fremje internasjonaliseringa av universitet og høgskular. Til skilnad frå norske studentar, som kan ta med seg støtta si til utlandet, er studentar frå utviklingsland og Aust-Europa ofte avhengige av å få støtte frå Noreg til livsopphald. Kvoteordninga er derfor til vanleg den einaste opninga institusjonane har for å ta opp studentar frå desse delane av verda.

I studieåret 1998-99 fekk Høgskulen i Narvik 90 plassar, dvs. nær ein tredel av dei disponible plassane for studentar frå Aust-Europa. Departementet meiner at det ikkje er rettferdig overfor dei andre universiteta og høgskulane å tildele Høgskulen i Narvik endå fleire plassar. Departementet har tvert om varsla Høgskulen i Narvik om at dei ikkje kan rekne med å behalde så mange plassar i framtida.

I spørsmålet sitt nemner representanten Tveiten at det står att pengar på Lånekassa sitt budsjett til kvoteordninga. Dette er ikkje rett. Alle dei 900 plassane vart fordelte mellom universiteta og høgskulane våren 1998. For studieåret 1999–2000 er det ei ny løyving over statsbudsjettet for inneverande år. Dei 1100 plassane som denne løyvinga finansierer, vil som nemnt verte fordelte før påske.

Rita Tveiten (A): Eg vil fyrst få takka statsråden for eit klargjerande svar.

Eg er glad for at alle dei 900 studieplassane er i bruk.

Dei russiske ingeniørstudentane som dette dreier seg om, er ein viktig del av studiemiljøet ved Høgskulen i Narvik. Det som gjer at dei kjem litt ille ut på Høgskulen, er at skulen tilbyr eit eittårig forkurs der studentane får høve til å læra seg norsk og få kunnskap om norsk samfunnsliv. Og når skulen har 90 studieplassar, fører det til at det etter tre år vert eit hol i tilbodet, noko som gjer at skulen står i fare for å mista dei lærarkreftene som er nytta i dette tilbodet.

Det er òg viktig å sjå på Aust-Europa som ein svært interessant marknad for ulike næringsgreiner i Noreg, og at desse studentane på eit seinare tidspunkt kan verta uvurderlege kontaktar for det same næringslivet. Mitt spørsmål vert difor: Kva kan statsråden gjera for å sikra kontinuiteten i eit slikt tilbod som òg inneheld eit forkurs?

Statsråd Jon Lilletun: Eg er takksam for at representanten Tveiten ser samanhengen i måten ein her tildeler på, ut frå dei 400 plassane ein har til disposisjon.

Eg har òg lyst til å gje uttrykk for at Høgskulen i Narvik er ein av dei institusjonane som har organisert dette best, med veldig gode opplegg som desse studentane frå aust heilt opplagt har hatt stor nytte av.

At ein får eit problem med dette mellomåret, ser eg. Eg er innstilt på å vere fleksibel når det gjeld organisering. Dersom vi kan finne ein måte, er eg innstilt på at vi kan ta ei drøfting med Høgskulen i Narvik om dette. Å love fleire plassar ville vere urett i forhold til alle dei andre institusjonane. Men å få ein fleksibilitet i måten å organisere det på er eg open for å diskutere.

Rita Tveiten (A): Eg er spesielt fornøgd med svaret som statsråden kom med no, for det som er viktig, er å koma fram til ordningar som gjer at ein kan ha kontinuitet i eit slikt tilbod. Det er òg av stor verdi for Høgskulen i Narvik.

Eg synest det er viktig ved tildelinga av desse plassane å sjå på om det er skular som er så sårbare at dei i større grad enn andre er avhengige av å kunna gje eit slikt studietilbod. Det er nyttig for tilbodet til dei norske studentane, og det er nyttig for tilbodet til dei utanlandske studentane. Eg føler meg difor trygg på at saka er i dei beste hender.

Presidenten: Spørsmål 25 er allerede behandlet.