Stortinget - Møte onsdag den 17. februar 1999 kl. 10

Dato: 17.02.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 12

Laila Kaland (A): Eit nytt spørsmål til fiskerministeren:

«Løyvingane til kvinneretta og kompetanseretta tiltak for 1999 er på 12 mill. kroner. Målet med denne ordninga er å styrkje kvinna sin situasjon i fiskerinæringa og i fiskeriavhengige kystsamfunn. Eit riktig mål er også å få fleire jenter til å velje fiskerifagleg utdanning, også å leggje grunnlag for auka deltaking og medverknad i fiskerinæringa.

På kva måte vil statsråden medverke til at dette målet kan realiserast?»

Statsråd Peter Angelsen: For å fremja måla for dei kvinneretta tiltaka har Fiskeridepartementet sett ned Fiskerinæringas Kvinneutval, som forvaltar løyvingane og skal følgja opp handlingsplan for likestilling i fiskerinæringa. Kvinneutvalet samarbeider med fiskerinæringas felles kompetansestyre for å sikra at kvinneperspektivet blir tatt vare på i det generelle kompetansehevingsarbeidet.

Hovudsatsingsområda for dei kvinneretta tiltaka er kompetansebygging, etablering, informasjon og mobilisering i fiskeriavhengige kystdistrikt.

For å få fleire til å velja fiskerifagleg utdanning, arbeider utvalet med rekruttering til næringa på alle nivå. Det er starta eit rekrutteringsprogram med tiltak frå barnehage og opp til vidaregåande skule. Det blir satsa bevisst for å nå jentene i dette arbeidet.

Lokalsamfunn, skule, forvaltning og næringsliv må jobba saman i rekrutteringsarbeidet. Fiskeridepartementet samarbeider også med andre departement for å fremja entreprenørskap.

For å auka deltakinga og medverknaden i fiskerinæringa må ein arbeida både for å auka jentene sin kompetanse og få næringa til å nytta seg av den kompetansen jentene har. For mange jenter er det viktig å kunna ta utdanning og kurs utan at dei må flytta vekk for å gå på skule. Det må lagast tilbod som er lagde spesielt til rette for jenter.

Fleirtalet av dei som tek høgre utdanning i dag, er jenter. Det er derfor viktig at verksemdene knytter til seg nyutdanna jenter eller jenter under utdanning. Jentene treng å sjå at det er mange interessante yrkesmoglegheiter i næringa. Kvinnene må synleggjerast, t.d. ved markeringa av Distriktskvinneåret 1999. Det må leggjast til rette for kvinner som vil inn i fiskeriretta verksemder, og for kvinner som alt er i næringa. Her vil eg visa til Etablererprosjektet for kvinner i fiskerinæringa, som har som mål å gi fleire kvinner moglegheit til å etablera nye prosjekt innafor fiskerinæringa og medverka til ein meir variert arbeidsmarknad i fiskerikommunane innan skjeldyrking, når det gjeld eksisterande bedrifter som driv foredling av sjømat, og bedrifter som ønskjer å satsa på produktutvikling. Eg er svært oppteken av at vi styrkjer samarbeidet med SND i slike prosjekt, for å sikra best mogleg samordning og utnytting av dei samla verkemidla.

Fiskerinæringa er mannsdominert og prega av tradisjonell arbeidsdeling. Det er ei stor utfordring å få næringa til å tilsetja jenter og gjera seg nytte av den kompetansen dei har. Organisasjonane i næringa tek del i kvinneutvalet og kompetansestyret og er på denne måten med og avgjer kva tiltak som skal prioriterast. Eg trur nettopp deltaking frå næringa er avgjerande for å få effekt av tiltaka og nå dei måla vi har sett oss.

Laila Kaland (A): Eg synest at fiskeriministeren var inne på svært mange positive tiltak for å rette opp den situasjonen vi har i dag når det gjeld kvinner i fiskerinæringa.

Det som er litt urovekkjande, er at det generelt er liten søknad frå den vidaregåande skulen til fiskeriutdanninga, og kvinnene er totalt fråverande. Det er riktig, som fiskeriministeren seier, at det er betre på det høgre skulenivået. På organisasjonssida er svært få kvinner med. I Nordland har vi no fått ei kvinne som regionsjef i fiskerinæringa. Det synest eg er gledeleg, men det er likevel altfor få kvinner med.

Løna er også for låg for arbeidstakarane i næringa, arbeidstida er ofte vanskeleg, og miljøet er også vanskeleg ved ein del bedrifter.

Eg er einig i det statsråden sa til slutt, at fiskerinæringa er svært mannsdominert, men den er også veldig konservativ. Når fiskeriministeren held sine foredrag, både i organisasjonane og på fiskerinæringa sine årsmøte, håpar eg at han tek opp denne problemstillinga. Det trur eg han vil skåre stort på.

Statsråd Peter Angelsen: Å rekruttere bedre fra kvinnesiden i fiskerinæringen har vært et prioritert område gjennom flere år. Men man kan vel si at man ikke har lyktes så godt som man hadde ønsket.

Det som ser ut til å være situasjonen for fiskerinæringen generelt, og som representanten Kaland påpekte, er at søknaden til videregående utdanning også kan være en fare for den generelle rekrutteringen til næringen. Jeg kan si det slik: Vi har allerede tatt opp det spørsmålet med Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet, og vi samarbeider for å se på hvorledes vi kan tilpasse den videregående utdannelsen bedre til den handlefrihet som ungdom må ha i forhold til fiskerinæringen, for å få prøvd seg der og innrette sin utdanning mot det.

I den stortingsmeldingen som nå ligger til sluttbehandling i Stortinget, har vi spesielt tatt opp forskning og utdanning på høyere nivå, rettet mot fiskerinæringen, og jeg tror derfor vi vil få veldig mange interessante prosjekt i framtida som kan markedsføres mot ungdom og rekruttering til næringen. Vi vil selvfølgelig prioritere det arbeidet når Stortinget har sluttbehandlet meldingen. Jeg tror derfor både Stortinget, Regjeringen og næringen kan bidra til at man får en bedre søkning til fiskerirettet utdanning på alle plan.

Presidenten: Vi vil så ta opp spørsmål 26.