Stortinget - Møte onsdag den 24. februar 1999 kl. 10

Dato: 24.02.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 15

Jon Olav Alstad (A): Jeg skal få lov til å stille følgende spørsmål:

«Den nye bokbransjeavtalen som er inngått, og som ligger til behandling i Regjeringen for å få unntak fra konkurranselovgivningen, medfører at skolebøker totalt sett blir dyrere enn en rent markedsstyrt ordning ville medført.

Vil statsråden sørge for at det innføres ordninger, som for eksempel gratis skolebokutlån, for å unngå at regningen for en fornuftig distrikts- og kulturpolitikk blir sendt videre til elever i den videregående skolen?»

Statsråd Jon Lilletun: Når det gjeld bokbransjeavtalen, syner eg til svaret statsråd Dørum gav på vegner av statsråd Løwer tidlegare i dag på spørsmål frå representanten Alstad. Her vil eg kort vise til fylgjande faktum:

Etter gjeldande bokbransjeavtale mellom Den norske Forleggerforening og Den norske Bokhandlerforening er det faste prisar på lærebøkene. Dei to foreiningane ynskjer at det framleis skal vere faste prisar på lærebøker. På dette punktet er det såleis ikkje noko nytt i forslaget frå Den norske Forleggerforening og Den norske Bokhandlerforening.

Representanten Alstad seier at bokbransjeavtalen fører til at lærebøker totalt sett vert dyrare enn ei reint marknadsstyrt ordning ville ha ført til. Eg vil ikkje forskottere vurderingar og konklusjonar om dette her, men berre vise til at saka er til handsaming i Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Representanten Alstad spør om eg vil syte for at det vert innført ordningar, som t.d. gratis utlån av lærebøker, for elevar i den vidaregåande skulen. Eg vil då vise til eit forslag om utlån av lærebøker som vart fremja i Dokument nr. 8:4 for 1997-98. I Innst. S. nr. 68 for 1997-98 vart det m.a. vist til at ei utlånsordning ville føre med seg lang brukstid for bøkene, mogleg auke i bokprisane og auke i offentlege utgifter på fleire hundre millionar kroner, vanskar med nyutvikling og ei svekking av lærebokmarknaden og med det læreboksituasjonen for elevane totalt sett.

I innlegget mitt ved handsaminga av forslaget i Stortinget for vel eit år sidan, 20. januar 1998, sa eg meg godt nøgd med innstillinga, og eg står framleis fast på dette standpunktet. Stortinget avviste forslaget om utlån av lærebøker.

Vidare vil eg vise til at sjølve opplæringa i vidaregåande skule er gratis, men lærebøker og anna undervisningsmateriell må elevane skaffe seg sjølve. Det er forskriftsfesta, og det er vidareført i den nye opplæringslova som Stortinget handsama for vel eit halvt år sidan.

Utgifter til lærebøker vert reduserte ved ein bruktbokmarknad som fungerer, og departementet har freista å leggje grunnlag for ein betre bruktbokmarknad. I rundskriv F-73-98 til fylkeskommunane, Kommunenes Sentralforbund og alle vidaregåande skular har departementet presisert at skulane må unngå å skifte ut lærebøker når det ikkje er naudsynt. Det er også vist til at lærebøkene er godkjende så lenge læreplanen er gyldig, sjølv om ei ny utgåve skulle liggje føre.

Departementet er i dialog med Den norske Forleggerforening for å påverke at forlaga ikkje gjev ut nye utgåver av lærebøker før det er heilt naudsynt.

Jon Olav Alstad (A): Jeg takker for svaret.

Hvis jeg skjønte statsråden rett, kunne han i grunnen gjort svaret litt kortere – rett og slett svart nei på mitt spørsmål. Han viste til at utgiftene ville blitt redusert ved et bruktbokmarked som fungerte bedre, men det tar ikke bort det som er problemstillingen i mitt spørsmål. Som statsråden helt riktig pekte på, vil det ikke bli noen endringer for skolebøker i den nye bokbransjeavtalen. Dermed vil regningen for en fornuftig distrikts- og kulturpolitikk bli overlatt til elever i den videregående skolen, uansett om vi har et bruktbokmarked som vil fungere bedre eller ikke. Den eneste måten å unngå det på, og samtidig unngå både foreldete bøker og misbruk av bøker, er at vi får en god skolebokutlånsordning – en ordning som for øvrig var omhandlet i budsjettet før jul, der Arbeiderpartiet hadde et forslag om oppstart av en slik ordning.

Statsråd Jon Lilletun: Det er ikkje dokumentert at bokbransjeavtalen totalt sett fører til at skulebøkene vert dyrare. Den svenske erfaringa tyder ikkje på det, og derfor er det ein påstand som ikkje kan dokumenterast.

Når det gjeld bruktbokmarknaden, har det vore teke ei rekkje initiativ for å betre situasjonen. Når det gjeld utlån, var det altså behandla av Stortinget i samband med eit Dokument nr. 8-forslag, slik eg viste til, og då vart ulempene sett på som større enn fordelane. No minnest ikkje eg heilt, men eg trur det var oppstarten til ei stipendordning Arbeidarpartiet hadde framme i budsjettet før jul. Men eg tek det atterhaldet at eg må slå opp før eg kan seie det heilt sikkert.

Jon Olav Alstad (A): Statsråden gjør det til et poeng at det ikke er dokumentert at det blir dyrere skolebøker. Nei, men Konkurransetilsynets begrunnelse for å avslå søknad om dispensasjon fra konkurranseloven er jo at de mener det blir dyrere. Hvis det i så fall ikke er dokumentert, regner jeg med at det er grunn til å glede seg til Regjeringens avgjørelse når det gjelder unntak fra konkurranseloven for bokbransjeavtalen.