Stortinget - Møte onsdag den 3. mars 1999 kl. 10

Dato: 03.03.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 23

Olaf Gjedrem (KrF): Eg har eit spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«Skuleskipet «Gann», som utdanner sjøfolk, har økonomiske problem sidan skulen kjøpte nytt skip.

Vil statsråden vurdera å gje auka støtte, slik at denne verdfulle utdanningsinstitusjonen kan drivast vidare?»

Statsråd Jon Lilletun: Innleiingsvis vil eg seie meg samd med representanten Olaf Gjedrem i at Rogaland sjøaspirantskule driv eit verdfullt utdanningstilbod om bord på skuleskipet «Gann». Skulen får tilskot etter privatskulelova § 26 tilskotsregel nr. 3. Tilskot etter denne regelen vert fastsett etter budsjett som departementet godkjenner på grunnlag av framlegg frå skulen. I lova heiter det at

«85 pst. av dei driftsutgifter som kjem inn under tilskotsgrunnlaget vert dekka ved statstilskot».

I vurderinga av kva driftsutgifter som skal vere med i tilskotsgrunnlaget, må ein leggje vekt på at det skal vere mest mogeleg lik vurdering av skular med tilsvarande tilbod. Det kan derfor ikkje vere slik at ein skule som har eit stort skip, som også er dyrt i drift, skal få høgare tilskot enn andre skular som gjev tilsvarande opplæring. Omgrepet «driftsutgifter» viser at det ikkje er meininga at staten skal dekkje kapitalutgifter til innkjøp av nytt skip. Det er skuleeigaren som har ansvaret for å finansiere dei utgiftene skulen har teke på seg.

I forarbeida til privatskulelova heiter det at også utgifter i samband med elevanes opphald om bord kan gå inn i tilskotsgrunnlaget for sjøaspirantskulane. Desse skulane får derfor høgare tilskot enn skular som driv tilsvarande opplæring på land. Budsjettet for Rogaland sjøaspirantskule skuleåret 1998-99 tilsvarar ein sats på 130 440 kr pr. elev. Tilskotsatsen for tilsvarande skular på land er 80 430 kr.

Om lag samstundes med at skulen kjøpte nytt skip, vart tilbodet utvida med ein klasse. Til å dekkje utgifter til den nye klassen, auka tilskotet med 556 750 kr. Skuleåret 1998-99 får skulen i alt 6 541 600 kr i statstilskot. Skulen har såleis fått ein auke i tilskotet på grunnlag av auka elevtal, men ikkje til å finansiere utgifter knytte til byte av skip.

Olaf Gjedrem (KrF): Eg takkar kyrkje-, undervisnings- og forskingsministeren for svaret.

Nå blir det kvart år utdanna ca. 60 personar frå skuleskipet. Det er ein attraktiv utdanningsinstitusjon, og dei elevane som kjem ut frå denne vidaregåande utdanningsinstitusjonen, blir handplukka av norsk skipsfart. Det er ei høgt skatta arbeidskraft som blir presentert på den norske skipsfartsmarknaden. Det passar godt inn med målsetjinga om å auka talet på norske sjøfolk, så denne institusjonen trengst.

Dersom staten, som det står i avisa, har pengar til vedlikehald av seglskuter som ikkje gjev utdanning i det heile, finn eg det rimeleg at staten i ein overgangsperiode vurderer å gje eit noko auka tilskot til skuleskipet «Gann», slik at gjeldsbelastinga kan nullast ut – det er overkomeleg.

Statsråd Jon Lilletun: Eg vil igjen presisere at det er ei verdfull utdanning som vert gjeven, og vi treng auka rekruttering av norsk mannskap til den norske flåten.

Når det gjeld seglskutene, vil eg nok seie at det ikkje utan vidare er mogleg å samanlikne, for der tek ein òg vare på ein kulturarv, som er ei sjølvstendig forplikting. Vi har tre seglskuter, og dei må ein take vare på. Dei har litt varierande status. To av dei har same type skulefunksjon som «Gann», den tredje har det ikkje.

Når det gjeld om eg er villig til å sjå på dette i forhold til den gjeldsbelastinga som no ligg føre, er det det å seie at etter at satsane er fastsette, er det ikkje pengar på budsjettet til den typen vurderingar. Men ved fyrste høve der det skal behandlast nytt budsjett, er eg villig til å ha ei individuell behandling av «Gann».