Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg skal tillate meg å stille eit spørsmål
til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren. Men før
eg gjer det, vil eg på bakgrunn av ein inkurie be om å få lov
til å endre ordlyden noko i spørsmålet.
Det er for så vidt ikkje noka endring av innhaldet i spørsmålet,
og det er i forståing med statsråden. Om presidenten
tillèt det, gjer eg det.
Presidenten: Presidenten vil tillate det.
Sigvald Oppebøen Hansen (A): Da skal spørsmålet lyde:
«Av forslag til ny § 3-9
i opplæringslova» – altså ikkje «Av
opplæringslova», som det opprinneleg stod – «går
det fram at hørselshemma ungdom har lovfesta rett til vidaregåande
opplæring på teiknspråk eller ved bruk av
tolk.
Korleis vil statsråden forvalte og
organisere skuletolketenesta slik at retten til å velje
utdanning med bruk av tolk blir reell og uavhengig av bustad?»
Statsråd Jon Lilletun: På bakgrunn av korreksjonen av spørsmålet
vil eg gje følgjande svar:
Høyringsfristen for det utkastet som
er på høyring, er 5. mars, og Regjeringa tek sikte
på å leggje fram ein lovproposisjon om denne saka
i mai. Forslaget er ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak
om teiknspråk i vidaregåande opplæring
på grunnlag av Innst. S. nr. 275 for 1996-97.
Det er fleire tiltak som bør vere
på plass før rettane etter forslaget kan setjast
i verk, m.a. arbeid for å få til ei betre tolkeutdanning.
Det er eit problem at det generelt er mangel på ferdig
utdanna tolkar, men departementet arbeider for å styrkje
rekrutteringa til tolkeutdanninga. Mellom anna har Høgskulen
i Sør-Trøndelag som eit rekrutteringstiltak etablert
eit årsstudium i teiknspråk for høyrande.
Eg er kjend med at Universitetet i Oslo vurderer å etablere
eit tilsvarande grunnfag. Desse tiltaka er ei oppfølging
av omtalen i St.meld. nr. 8 for 1998-99, Om handlingsplan for funksjonshemma
1998-2001.
I nemnde handlingsplan står det òg
at departementet vil fylgje opp spørsmålet om
organisering av tolketeneste for døve på ulike
utdanningsnivå. Tolketenesta ved hjelpemiddelsentralane
har ansvar for å skaffe tolk til alle situasjonar der hørselshemma
har behov for tolk, med unntak av tolk i ordinær opplæringssituasjon.
Det er i dag kommunane sitt ansvar å sørgje for
tolketeneste for døve elevar i grunnskulen, og det er fylkeskommunane
sitt ansvar i den vidaregåande opplæringa. Fleire
rapportar viser at det er manglande styring med og samordning av
døvetolkinga i grunnskulen og i den vidaregåande
skulen.
Hjelpemiddelsentralen i Sør-Trøndelag
har gjennomført eit svært interessant prosjekt
som har gått over tre år, der hjelpemiddelsentralen
koordinerte og administrerte alle typar tolking i fylket. Med bakgrunn
i erfaringane frå dette prosjektet har Sosial- og helsedepartementet
sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå nærare
på korleis skuletolkinga bør organiserast. Gruppa
skulle etter planen leggje fram sluttrapport før jul i
1997. At rapporten enno ikkje ligg føre, viser vel at dette
området er problematisk. Eg er likevel gjord kjent med
at sluttrapporten vil verte oversend frå Rikstrygdeverket
innan kort tid, truleg før 1. mai 1999. Regjeringa, Kyrkje-,
utdannings- og forskingsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet,
vil deretter kunne vurdere kva som vil vere ei høveleg
organisering av skuletolkinga for døve. Siktemålet
må vere å få til eit heilskapleg tolketilbod
som er i samsvar med brukarane sine behov.
Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret.
Det er korrekt at det er ei oppfølging av Innst. S. nr.
275 for 1996-97, men det er òg ei oppfølging av Stortinget
si behandling av opplæringslova og St.meld. nr. 23 for
1997-98, så det er bra.
Eg er kjend med det svaret statsråden
gav til representanten Simonsen den 17. desember 1997, altså for
vel eit år sidan, om at Sosial- og helsedepartementet har
sett ned ei arbeidsgruppe. At tidsplanen – før
jul 1997 – ikkje heldt, slik statsråden nemnde,
får ein berre ta til orientering. Statsråden ymta
nå om at datoen truleg kan bli før 1. mai, det
får me òg ta til orientering. Men eg må legge til
at det har også blitt sagt første kvartal 1997.
Når det gjeld tolkeutdanninga, vil
eg spørje statsråden om kva departementet har
gjort i den samanhengen. Altså konkret: Kor aktivt har
departementet jobba med å rekruttere til tolketenesta?
Statsråd Jon Lilletun: Det er mogeleg det har vore sagt fyrste kvartal
1997, det var i så fall av ein annan statsråd.
Det eg tek ansvar for og seier meg lei for
på vegner av Regjeringa, er sjølvsagt at det har
gått så lang tid før vi har fått
denne rapporten som vi no ventar på. Det er min klare føresetnad
at den no kjem på bordet til den nemnde datoen, og at vi
då kan vidareføre arbeidet på den måten som
eg skisserte i det fyrste svaret mitt.
Når det gjeld rekruttering elles,
er det klart at det framfor alt er på utdanningssida det
gjeld om å få bygt opp og rekuttert til tolketenesta
for døve. Det er dette departementet har lagt hovudvekta
på, og det vil vi halde fram med.