Stortinget - Møte onsdag den 3. mars 1999 kl. 10

Dato: 03.03.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 4

Ågot Valle (SV): Jeg har dette spørsmålet til barne- og familieministeren:

«Ifølge en ny undersøkelse om lesbiske og homofiles levekår viser det seg at lesbiske og homofile fremdeles utsettes for stor grad av diskriminering på ulike områder i samfunnet. Mye må gjøres for at denne gruppen opplever at de har akkurat samme menneskeverd og blir behandlet likt med andre i samfunnet. Statsråden uttalte i radio 26. februar 1999 at homofiles måte å leve på har hun ikke noe med.

Betyr dette at statsråden mener at Regjeringa ikke har noe ansvar for å gripe fatt i denne undersøkelsen?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg må seia eg vart litt overraska over spørsmålet frå representanten Valle. Eg trur at dersom eg hadde sagt eg hadde noko med deira private liv å gjera, ville kanskje spørsmålsstillinga blitt endå hardare frå same representanten. Eg svarte slik som eg gjorde i det programmet, nettopp for å gi til kjenne ei inkluderande haldning til lesbiske og homofile, og når det galdt deira privatliv, var det dei sjølve som måtte velja kva liv dei ville leva; det er ikkje eg som skal ta dei vala for dei. Men eg har òg lyst til å understreka at det er ikkje akseptabelt at lesbiske og homofile blir trakasserte. Dei har det same menneskeverdet og skal sjølvsagt behandlast på same måte som alle andre.

NOVA si undersøking, Levekår og livskvalitet blant lesbiske kvinner og homofile menn, er eit nybrottsarbeid. Det er den fyrste store undersøkinga om levekår blant homofile og lesbiske her i Noreg og den største i sitt slag i Norden. Undersøkinga gir oss god og nødvendig kunnskap. Den viser at det har blitt meir positive haldningar i folket. Dei lesbiske og homofile har gjennomgåande høg utdanning og god inntekt. Dei fleste har eit godt forhold til familien sin og har fortrulege vener der dei bur. Mange opplever diskriminering på arbeidsplass og studieplassar, blir det òg sagt, men talet har gått ned sidan 1970-talet trass i at mange i dag er meir opne om si seksuelle legning. Dette er positive trekk, som vi òg må ha med oss i det vidare arbeidet og i debatten vidare.

Men det er likevel dei skremmande og alarmerande sidene ved rapporten som eg er mest opptatt av. Dei lesbiske og homofile slit med psykiske problem. Mange unge har prøvd å ta livet sitt. Det er avdekt store rusproblem, og mange er utsette for vald og truslar. Overfor desse problema må det handlast, og det seier eg i dag, som eg òg har sagt i nesten kvart einaste intervju eg har gitt sidan fredag, men det er ikkje alle som har oppfatta det.

Eg ar no invitert Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring – LLH – til eit møte i departementet for å drøfta oppfølging av rapporten. Eg ynskjer ein konstruktiv dialog med LLH om kva som kan gjerast frå det offentlege og frå organisasjonen sjølv, for både å sjå på årsakssamanhengane og å betra levekåra til dei lesbiske og homofile.

Departementet vil no gå gjennom alle sider ved rapporten og vurdera kva som kan gjerast frå vår side. LLH har alt fremma ein del forslag som vi òg sjølvsagt vil vurdera, utan at eg i dag skal seia korkje ja eller nei til nokon av desse forslaga. Når det gjeld tiltak innanfor skular og helsevernet, som eg meiner er ganske viktige aktørar her, viser eg til svar frå helseministeren og kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren seinare i spørjetimen i dag.

Ågot Valle (SV): Jeg takker statsråden for svaret, og jeg er glad for at statsråden understreker menneskeverdet til de homofile og lesbiske.

Det som gjorde meg urolig sist fredag, var at statsråden kom med flere signaler om at levekåra til de lesbiske og homofile var en sak for psykiatrien og rusomsorgen, mens vi her snakker om oppvekstvilkåra til de unge lesbiske og homofile.

Jeg har hørt lite om at de rystende levekåra til homofile og lesbiske skyldes diskriminerende holdninger med derpå manglende støtte og sosial utstøting og trakassering. Det er vårt alles ansvar å gjøre noe med diskriminerende holdninger, men det er i aller høyeste grad et ansvar for barne- og familieministeren, som har ansvar for rammene rundt oppvekstvilkåra til alle unge, også de lesbiske og homofile. Jeg syns det er flott at statsråden nå vil ha en dialog med LLH, men rapporten gir oss god nok kunnskap til å vite at her må vi gjøre en samordnet innsats, og det kan gjøres gjennom en stortingsmelding. Vil statsråden ta initiativ til det?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg vil nok seia at akkurat i denne saka tør eg ikkje angripa representanten sine øyre, men ein del andre sine ynske om og vilje til å høyra kva som blir sagt, og òg ein del medium sine ynske om å ta inn alt som blir sagt i diverse intervju. Då eg vart konfrontert med denne rapporten fredag morgon, var nokre av hovudmomenta dei psykiske problema og rusproblema som mange lesbiske og homofile har. Då var det ganske naturleg for meg å peika på dei reformene som vi allereie har i gang. Dei må fanga opp òg denne problemstillinga.

Så er eg heilt einig i at eg har min del av ansvaret i forhold til det som er mitt departements ansvarsområde når det gjeld tiltak for denne gruppa, og det ansvaret skal eg ta. Eg håpar eg får ein konstruktiv dialog med LLH om kva dei kan gjera, og kva vi frå styresmaktene si side kan gjera. Eg har ikkje tatt standpunkt til om vi treng ei stortingsmelding eller ikkje. Det vil bli vurdert, for eg føler nok at eg treng litt meir tid til å gå gjennom rapporten før eg trekkjer endeleg konklusjon. Men det er i alle fall ikkje meininga frå mi side å fråskriva meg det ansvaret som eg har for den problemstillinga som vi er blitt kjende med.