Stortinget - Møte onsdag den 24. mars 1999 kl. 10

Dato: 24.03.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 3

Grethe G. Fossum (A): Jeg vil få lov å stille barne- og familieministeren følgende spørsmål:

«Det synes som om foreldrebetaling i barnehagene har økt langt over prisstigningen. I budsjettbehandlingen ble det understreket at foreldrebetalingen ikke skulle overskride prisstigningen.

Hva har statsråden tenkt å gjøre for at foreldrebetalingen i barnehagene ikke skal øke ytterligere?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg delar representanten Fossum si bekymring for auken i foreldrebetalinga i barnehagane.

Barnehagane skal vera eit reelt alternativ for alle foreldre. Satsane for foreldrebetalinga skal difor ikkje ekskludera nokon frå barnehagane. Det må aldri vera slik at berre dei med høge inntekter er i stand til å bruka barnehagane. Regjeringa er opptatt av at foreldrebetalinga både i dei offentlege og dei private barnehagane skal vera på eit akseptabelt nivå for alle foreldre. Regjeringa sitt ynske om at betalingssatsane ikkje skulle auka meir enn den generelle prisauken, er eit uttrykk for dette. Samstundes vil eg understreka at det er kommunane og dei private barnehageeigarane som fastset foreldrebetalinga.

Dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå tyder på at auken det siste halvåret har vore høgare enn auken i konsumprisindeksen. Dette heng m.a. saman med lønnsoppgjeret sist vår. Auka kostnader i barnehagane etter lønnsoppgjeret har mange stader blitt kompensert ved at ein tar høgare foreldrebetaling. Eg har også merka meg at foreldrebetalinga har auka mest i dei private barnehagane utan kommunal støtte. Kommunane sin medverknad er ein viktig føresetnad for å halda lik foreldrebetaling i private og offentlege barnehagar.

Utviklinga den siste tida har ikkje vore i tråd med Regjeringas ynske og målsetting. For å sikra akseptable prisar i barnehagane må vi difor vurdera dei verkemiddel staten har. Og for å seia det slik: I dette budsjettåret har vi auka frådraget for dokumenterte utgifter til pass og stell av born, som også har noko å seia for barnehagekostnadene i det heile. Kan hende er tida inne for å regulera nivået eller ordningane for foreldrebetalinga. Det er fleire måtar å gjera dette på. Desse vil bli drøfta i den kommande stortingsmeldinga om barnehagar. Eg vil difor ikkje konkludera no, men gjennom barnehagemeldinga invitera Stortinget til ein diskusjon om eventuelle tiltak for å sikra eit akseptabelt nivå på foreldrebetalinga.

Ursula Evje hadde her overtatt presidentplassen.

Grethe G. Fossum (A): Jeg takker statsråden for svaret, som viser at vi deler denne bekymringen for barnehagene og for foreldrebetalingen.

Statistisk sentralbyrå viser at barnehagesatsene faktisk steg med 4,4 pst. fra høsten 1998 til januar 1999, og i de private barnehagene steg den med 7 pst. Det er klart at dette er et alvorlig problem for foreldrene, som skal betale hver eneste måned.

Jeg har et spørsmål til statsråden i forbindelse med det svaret jeg fikk: Hvilke virkemidler tenker staten seg å bruke her? Vi savner alle barnehagemeldingen, for hvis barnehagemeldingen hadde kommet nå, hadde det betydd at det rett og slett kunne fått konsekvenser for budsjettet for 1999. Dessuten ville det betydd mye for de foreldrene som faktisk hver eneste måned er nødt til å betale et foreldrebidrag til barnehagene som har økt mer enn den prisutviklingen vi har.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det eg reknar med at SSB ikkje har tatt med i si berekning, er – som eg nemnde i svaret mitt – dei auka frådraga for dokumenterte utgifter til pass og stell av born, som gjer biletet litt lysare. Men som eg også svarte, kjem vi til å fylgja dette nøye. Når det gjeld dei verkemidla vi kan tenkja oss å ta i bruk, sa eg jo også i svaret mitt at eg ikkje kan konkludera i dag, for dei kjem vi tilbake til i barnehagemeldinga.

Når det gjeld barnehagemeldinga og påverknaden av budsjettet for år 2000, har kollegaen til representanten Fossum – Karita Bekkemellem Orheim – i ein debatt med meg her i Stortinget sagt at meldinga ville i alle fall ikkje ha blitt handsama før over jul neste år, slik at eg trur at om meldinga kjem no i juni, eller om ho kjem til hausten, vil ikkje dette ha så mykje å seia for akkurat budsjettet for år 2000. Men det som er klart, og som vi må ta opp i stortingsmeldinga, er at vi må sjå på korleis ein på lengre sikt kan klara å styrka rettane for foreldra i forhold til dei totale utgiftene dei har til bruk av barnehage.