Stortinget - Møte onsdag den 24. mars 1999 kl. 10

Dato: 24.03.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 4

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Karita Bekkemellem Orheim til barne- og familieministeren, vil bli tatt opp av representanten Grethe G. Fossum.

Grethe G. Fossum (A): Jeg vil få lov å stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Regjeringens avtale om kontantstøtten omfatter alle delene av familiepolitikken. Under Private Barnehagers Landsforbunds landsmøte opplyste en av Regjeringens avtalepartnere at det ikke er snakk om mer penger til barnehagene, men en omfordeling av de 240 mill. kroner som brukes til barnehager hvert år.

Er dette et signal om at man ikke lenger skal sikre både private og offentlige barnehager økonomisk, og at en videre utbygging er lagt på is?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Representanten Fossum spør på vegner av representanten Bekkemellem Orheim om Regjeringa har gitt signal om at private og offentlege barnehagar ikkje lenger skal sikrast økonomisk, og om den vidare utbygginga er lagd på is.

Det er ca. fire veker sidan eg svarte på ein interpellasjon frå Karita Bekkemellem Orheim, kor eg gjorde greie for dei utfordringane vi har i barnehagesektoren. Eg kan ikkje sjå at det ligg føre nye opplysningar som endrar dei vurderingane som eg gav i den debatten, og vil ikkje ta opp igjen alle argumenta som eg brukte då.

Eg slo den gongen fast at utbygginga ikkje har stoppa opp, og at Regjeringa vil arbeida for å sikra både private og offentlege barnehagar økonomisk. Behov for nye plassar vil føra til auka kostnader for stat og kommune. Det vil kosta å nå målet om barnehageplass til alle som ynskjer det. Desse spørsmåla arbeider Regjeringa med og vil fylgja opp i stortingsmeldinga og i dei årlege budsjetta.

Min konklusjon er difor den same i dag som den var for ein månad sidan: Den vidare utbygginga er ikkje lagd på is, og private og offentlege barnehagar skal framleis sikrast økonomisk.

No er det ikkje representanten Fossum som har stilt spørsmålet, men Karita Bekkemellem Orheim, men eg må få lov å legga til at eg undrast litt over spørsmålsstillinga, der ein viser til ein av Regjeringas avtalepartnarar. Det er blitt meg opplyst at den avtalepartnaren som Bekkemellem Orheim tenkte på, i sitt innlegg viste til Framstegspartiet sitt framlegg til omfordeling av 240 mill. kr på barnehagesektoren i deira alternative budsjett.

Mens vi sat i opposisjon, gjekk Kristeleg Folkeparti fleire gonger i budsjettsamarbeid med Arbeidarpartiet, utan at eg følte at Arbeidarpartiet måtte hefta for heile vårt alternative budsjett. Eg vonar det ikkje er slik det skal vera i framtida, og vi veit at Framstegspartiet hadde eit anna forslag enn Regjeringa hadde, og eg ynskjer å understreka at Regjeringa ikkje heftar for det totale budsjettframlegget som Framstegspartiet hadde i høve til vårt budsjett for året 1999.

Grethe G. Fossum (A): Ja, det er vel slik at man ikke hefter for alt en avtalepartner gjør. Men når man har inngått en skriftlig avtale med f.eks. Fremskrittspartiet om at de kommunale og de private barnehagene skal dele midlene, og denne avtalepartneren på det nåværende tidspunkt i et offentlig møte sier at det ikke blir en krone mer til barnehagene, og at de 240 mill. kronene skal deles mellom offentlige og private, da vil vi se et bilde av at de offentlige barnehagene, som har fått støtte til nå, vil få mindre. Dermed vil foreldrebetalingen i disse barnehagene øke.

Jeg vet at dette er et problem som ministeren strir med. Synes hun ikke det er vanskelig, når en av avtalepartnerne er så negativ til barnehager som Fremskrittspartiet her er, ved å si at de ikke har en krone mer til barnehager? Er det da lettere å få mer kroner til kontantstøtte?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: No må eg seia at representanten Fossum refererte avtalen vi har med Høgre og Framstegspartiet, på ein litt nonchalant måte. Det står ikkje noko i den avtalen om at kommunane skal fordela midlane likt ut frå den potten som er i dag. Representanten Fossum kan gjerne få avtalen, slik at ho kan få sjå kva som står der. Det som er tilfellet, er at avtalen seier noko om at dei private og offentlege barnehagane må få ei meir lik handsaming når det er like krav til dei. Pliktene og den økonomiske handsaminga skal vera meir like enn dei er i dag. Dette vil vi koma attende til Stortinget med forslag om.

Når det gjeld Framstegspartiet sine forslag i høve til budsjettet, var jo deira utgangspunkt m.a. at vi skulle ha 25 milliardar kr i skattelette. Det var altså ganske store gap mellom det som dei la fram som sitt budsjett, og det som vart det endelege budsjettet. Dei gjekk likevel i dialog med oss, og vi fekk vedtatt eit budsjett. Det er eg glad for. Men eg vil ta avstand frå at Regjeringa skal hefta for heile det alternative budsjettet som Framstegspartiet la fram i haust.

Presidenten: Vi går da til spørsmål 47.