Stortinget - Møte onsdag den 24. mars 1999 kl. 10

Dato: 24.03.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 37

Are Næss (KrF): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til sosialministeren:

«Gravferdsstønaden har fra 1982 vært uendret på 4 000 kroner, men fra 1. september 1997 kan det gis et behovsprøvd tillegg på inntil 8 000 kroner. De etterlatte må i alle fall i noen kommuner selv fremme krav om både de 4 000 kronene og et eventuelt tilleggsbeløp.

Mener statsråden at gravferdsstønaden er godt nok kjent, og synes statsråden det er rett at de etterlatte selv må ta initiativ for å få utbetalt et beløp de har krav på?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Gravferdsstønaden er ein eingongsstønad som blir gitt når ein medlem i folketrygda døyr, for å dekkja ein del av utgiftene til gravferda. Storleiken på stønaden blir fastsett av Stortinget i samband med budsjettbehandlinga. Den rettsfesta grunnsatsen til alle er no 4 000 kr, og som representanten Are Næss viser til, har han vore det sidan 1982. Frå 1. september 1997 kan det gjevast eit behovsprøvd tillegg på inntil 8 000 kr for å sikra ei verdig gravferd for dei som ikkje sjølve kan betala for gravferda. Tillegget kan òg gjevast til dødfødde born.

Som på andre rettsområde har den einskilde i hovudsak sjølv ansvaret for å ta vare på sine interesser i folketrygda gjennom å orientera seg om kva rettar ein kan ha, og for å setja fram krav. Dette forholdet trur eg ikkje vil vera aktuelt å endra på. Men når det er sagt, vil eg understreka at eg ser det som ei viktig oppgåve for departementet og for trygdeetaten å syta for at den einskilde får best mogleg hjelp til dette.

Ved kvart årsskifte blir det informert i riksannonsar om regelendringar og endringar i satsar osb. i folketrygda. Elles kan ein på trygdekontoret få brosjyrar om dei ulike stønadsordningane. Eg vil òg nemna at dei tilsette på trygdekontora gjer eit viktig informasjonsarbeid i direkte kontakt med medlemmane. Dei skal òg informera om ytingar det ikkje er spurt om, når dei ser at det kan vera aktuelt. På trygdekontoret får ein òg hjelp til å setja fram krav om ytingar frå folketrygda.

I samband med dødsfall og gravferd er det ei rekkje lovar, reglar og ordningar som kan vera aktuelle. Dei færraste bryr seg naturleg nok om å ha oversikt over dette i det daglege. Målet må vera at folk får informasjon når dei har behov for det.

For å møta behovet for informasjon i samband med dødsfall og gravferd finst det fleire brosjyrar. På trygdekontoret kan ein få trygdeetatens brosjyre om gravferdsstønaden. Sosial- og helsedepartementet har ein eigen brosjyre, «Når en av våre nærmeste dør». Den blir send ut til dei som ber om det, i hovudsak sjukehus, sjukeheimar mv., gravferdsbyrå og einskildpersonar. Rikstrygdeverket og departementets brosjyrar er no under revisjon. Begravelsesbyråenes Forening har laga ein eigen brosjyre, «Når du mister en som står deg nær», som blir distribuert gjennom medlemsbyråa.

Ved dei fleste dødsfalla tek eit gravferdsbyrå hand om ein større eller mindre del av oppgåvene i samband med gravferda. Gravferdsbyråa fyller òg ei viktig informasjonsoppgåve overfor dei etterlatne. Dei informerer bl.a. om rettar og plikter overfor offentlege instansar.

Ordninga med behovsprøvd tillegg blir no evaluert av Rikstrygdeverket. Skulle det visa seg å vera informasjonsmangel om denne ordninga, vil det bli sett i verk tiltak for å bøta på det.

La meg òg til slutt tilføya at Rikstrygdeverket no arbeider med ein eigen informasjons- og kommunikasjonsstrategi. Problemstillinga er korleis trygdeetaten kan bli betre enn i dag. Eit høyringsnotat vil bli sendt ut bl.a. til brukarorganisasjonar, ytre etat og fylkeskommunane. På bakgrunn av dei tilbakemeldingane Rikstrygdeverket får, vil det bli utarbeidd eit eige styringsdokument for informasjon og kommunikasjon.

Are Næss (KrF): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg er glad for at både ordningen med behovsprøvd tillegg og informasjon bl.a. om dette blir evaluert, og ser fram til resultatet av evalueringen.

Når det imidlertid gjelder den rettighetsfestede gravferdsstønad, ser jeg det som egentlig unødvendig og ikke ønskelig at de etterlatte aktivt må fremme krav om noe de faktisk har rett på. De etterlatte er i en spesiell situasjon, og mitt spørsmål er om statsråden vil vurdere å utrede en form for forenkling, slik at denne stønaden eventuelt kan utbetales til nærmeste pårørende uten at vedkommende selv må ta et initiativ overfor trygdekontoret.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg er einig i det som representanten Are Næss her peika på, at etterlatne er i ein spesiell situasjon. Det er mykje både kjenslemerkt og praktisk som skal handterast.

No har eg i dag orientert om korleis regelverket er pr. dato, og om korleis informasjonen går føre seg. Men eg har òg understreka at her skjer eit analysearbeid med sikte på forbetringer. I den samanhengen synest eg at det kan vera aktuelt å vurdera det som Are Næss her peika på.

La meg til slutt berre opplysa at det er eit underforbruk på gravferdshjelpa i forhold til årlege budsjett. Det kan bety at folk ikkje nyttar seg av ordninga, men det kan òg bety at dei ikkje veit kva ordningar som finst.