Stortinget - Møte onsdag den 24. mars 1999 kl. 10

Dato: 24.03.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 47

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Karita Bekkemellem Orheim til kommunal- og regionalministeren, vil bli besvart av barne- og familieministeren som rette vedkommende.

Spørsmålet vil bli tatt opp av representanten Synnøve Konglevoll.

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Er det aktuelt for Regjeringen å overføre de øremerka tilskuddene til barnehagene til de generelle rammeoverføringene til kommunene?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det statlege tilskotet til drift av barnehagar vert i dag gitt som øyremerkte tilskot. Det er ulike satsar for tilskotet, avhengig av alderen til borna og avtalt opphaldstid i barnehagen.

Heilt sidan det nye inntektssystemet for kommunane vart innført i 1986, har det vore ei målsetting at barnehagetilskotet på sikt burde innlemmast i inntektssystemet. Men både denne og tidlegare regjeringar har meint at eit øyremerkt tilskot er mest tenleg så lenge barnehagesektoren er i ein utbyggingsfase, og så lenge tilbodet er lågare enn det som kan reknast som full behovsdekking.

Det er òg eit moment at nivået på utbygginga i dei enkelte kommunane lenge har vore veldig ulik. Dermed vil ei ordning med tilskot tildelt etter objektive faktorar kunna slå uheldig ut og i liten grad falla saman med nivået på kommunane sine faktiske utgifter til barnehageføremål.

Vidare har barnehagesektoren som kjent eit stort innslag av private verksemder. Dette har òg vore eit argument for å halda oppe ordninga med øyremerkte tilskot. Spørsmålet om rammeoverføringar i høve til dei private barnehagene går på om ein er villig til å overlata ansvaret for å sikra den private delen av marknaden til kommunen. Det er fullt mogleg å finna løysingar for privatdrivne barnehagar innanfor ei ordning der tilskotet vert gitt gjennom inntektssystemet til kommunane. Private barnehagar sin rett til tilskot kan t.d. regulerast gjennom ulike former for samarbeidsavtalar, slik at kommunane etter gitte vilkår vert forplikta til òg å støtta private barnehagar.

Barne- og familiedepartementet arbeider som kjent med ei stortingsmelding om barnehagar. Utgangspunktet for meldinga er at barnehagesektoren er ved eit vegskilje. Tidspunktet for full behovsdekking nærmar seg, og dermed vil utbyggingsfasen vera over. Eit sentralt tema i meldinga vil difor vera ein diskusjon om utforminga av dei framtidige rammevilkåra for sektoren. Meldinga vil drøfta dei framtidige økonomiske og juridiske rammevilkåra og spørsmålet om tidspunktet er inne for å innlemma barnehagetilskotet i inntektssystemet til kommunane.

Eg ber om forståing for at eg når det gjeld enkelte sider og vurderingar i denne diskusjonen, viser til barnehagemeldinga.

Synnøve Konglevoll (A): Barne- og familieministeren viste til at dette skal drøftes i barnehagemeldinga. Det er skuffende at den ikke kommer i vår. Men det er et annet interessant moment i det barne- og familieministeren svarer, og det er at barnehagesektoren er ved et veiskille. Det er riktig. Det er tall som tyder på at for første gang på veldig mange år går antallet barnehageplasser tilbake. Rundt omkring i landet går utviklingen i kommunene faktisk motsatt vei i forhold til det som har vært planene fra Stortinget. Spesielt kontantstøtten gjør situasjonen utsatt i kommuner med få innbyggere. Så min oppfordring er at barne- og familieministeren bruker den ekstra tiden som Regjeringen har bevilget seg til å arbeide med barnehagemeldinga, til å vurdere om man kan snu denne negative utviklingen. Og i den vurderingen tror ikke jeg at å legge tilskuddet inn i rammen er riktig vei å gå.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er einig med representanten Konglevoll i at å legga tilskotet inn i ramma i dag, ikkje er rett veg å gå, fordi vi ikkje har nådd full behovsdekning enno. Men å trekka den konklusjonen at vi ikkje skal gjera det i framtida heller, det reknar eg med at iallfall ikkje Arbeidarpartiet har gjort, om representanten Konglevoll har gjort det. Men eg forstod representanten slik at ho tenkte på dagens situasjon.

Når det blir hevda frå Arbeidarpartiet si side, ikkje berre i dag, men ganske ofte, at utviklinga går tilbake og vi får færre barnehageplassar, må eg seia at det er berre framtida som kan fortelja oss om Arbeidarpartiet har rett i det. Førebels har det ikkje skjedd. Eg er fullt klar over at i ein del kommunar der dei har bortimot full dekning no, har dei ikkje behov for så mange plassar når ein får kontantstøtte. Det er ei utvikling som vi rekna med. I dei aller fleste kommunane er det framleis bruk for fleire barnehageplassar, og dermed vil eg tru at når vi reknar opp dei nye plassane i 1999, får vi ikkje ein tilbakegang, men ein framgang på fleire plassar. Men den kunnskapen sit faktisk korkje eg, representanten Konglevoll eller Arbeidarpartiet med i dag.