Tomas Norvoll (A): Jeg vil få stille følgende
spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Sameskolen for Midt-Norge er den
eneste statlige skolen på fastlandet. De har ikke utnevnt
nytt styre for skolen i Hattfjelldal. Isteden administreres skolen
fra utdanningsdirektøren i Nordland.
Når vil statsråden få et
nytt styre på plass?»
Statsråd Jon Lilletun: Det noverande styret for Sameskolen for Midt-Norge
i Hattfjelldal har vorte prolongert i påvente av at ein
skulle sluttføre arbeidet med den framtidige organiseringa
av det sørsamiske undervisningstilbodet. Dette arbeidet
har teke lengre tid enn det som opphavleg var planen.
I samband med innføringa av nytt økonomireglement for
statlege institusjonar frå januar 1997 har det vore nødvendig å vurdere
ulike sider ved styringsordninga for sameskulen i Hattfjelldal.
Også av denne grunnen meinte vi det var tenleg å la
styret for sameskulen halde fram utover den ordinære styreperioden.
Nytt økonomireglement for staten er
no teke i bruk ved sameskulen i Hattfjelldal. Dette inneber m.a.
at sameskulen i Hattfjelldal – som er ein etter måten
liten skule, med berre 10-15 elevar – administrativt vert
knytt til Statens Utdanningskontor i Nordland. Skulen vil frå 1. august
i år inngå som ei driftseining under verksemda
til utdanningskontoret, men skulen vil framleis ha eige styre med
same representasjonen som i dag.
Nytt styre for sameskulen i Hattfjelldal vil
vere på plass frå 1. august i år.
Tomas Norvoll (A): Jeg må få takke statsråden
for et positivt svar, og jeg er glad for at dette nå går
såpass raskt. Denne skolen er en viktig del i å fremme
sørsamisk kultur, språk og også næringsvirksomhet
oppe i det sørsamiske området. Jeg føler – og
jeg vet at de på skolen og senteret også føler – at
de har hengt i et slags vakuum i flere år og nærmest
har hatt en slags midlertidig status, en midlertidig godkjenning
og en midlertidig finansiering. Jeg tror at vi på et eller
annet tidspunkt ganske snart er nødt til å manne
oss opp og avgjøre hva vi vil med organiseringen av det
sørsamiske utdanningstilbudet. Ved at man nå får
et styre og får bortimot en permanent struktur, vil jeg
tro at statsråden er enig med meg i at det er et signal
om at man kan se for seg en permanent drift, og at man slipper å leve
i usikkerhet om hvordan framtiden skal bli for dem som har sitt
virke ved senteret i Hattfjelldal.
Kirsti Kolle
Grøndahl hadde her gjeninntatt presidentplassen.
Statsråd Jon Lilletun: Eg deler vurderinga av at denne skulen saman
med skulen i Snåsa er svært viktig for det sørsamiske
miljøet. Vidare er denne skulen veldig strategisk plassert,
i nær tilknyting til det sørsamiske kultursenteret
som ligg i Hattfjelldal. Etter mi meining er det nødvendig å sjå desse
to einingane litt i hop, og det at eg no oppnemner styret, er frå mi
side eit uttrykk for at eg ynskjer ei god framtidig utvikling, slik
at denne uvissa kan verte fjerna. Men det er enno ein del å gjere
før vi har funne den rette forma og den rette strukturen
for korleis vi best kan bruke dei totale ressursane som ligg i dette
området med kultursenteret og skulen.