Stortinget - Møte onsdag den 14. april 1999 kl. 10

Dato: 14.04.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 16

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg skal tillate meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«Ifylgje Aftenposten Aften 12. mars 1999 vurderer Ullern videregående skole i Oslo å utestenge dei dårlegaste elevane frå allmennfagleg studieretning. Bakgrunnen er påstand om at det er nokre elevar som ikkje har kunnskap nok til å ta imot undervisning.

Er dette eit tiltak som statsråden stør?»

Statsråd Jon Lilletun: Ein av hovudintensjonane med Reform 94 var å gje lovfesta rett til eit vidaregåande opplæringstilbod til alle som har gjennomgått grunnskulen. Det vil seie at det ikkje kan stillast krav om at eleven har tileigna seg ein viss kunnskap eller dugleik, eller at opplæringa eleven har fått i grunnskulen, har lege på eit visst nivå. Den vidaregåande opplæringa skal ta sikte på å gje dokumentert delkompetanse til dei elevane som ikkje har føresetnader for å nå yrkes- eller studiekompetanse.

Inntaksforskrifta har derfor ikkje reglar som gjev høve til å utestengje dei karaktersvake elevane eller dei som ikkje har vurdering med karakterar frå grunnskulen, frå inntak til studieretning for allmenne, økonomiske og administrative studieretningar. Forskrifta har derimot reglar om inntaksvilkår og om inntaksrekkjefylgja når det til eit kurs som fylkeskommunen tilbyr, er fleire søkjarar enn talet på elevplassar.

Utfordringa for fylkeskommunane ligg i å kunne gje alle eit kurstilbod som passar den enkelte, og som i størst mogleg grad kan gje kompetanse til yrkesutøving. Eg vil her få understreke fylkeskommunen sitt ansvar for at elevane får nødvendig rådgjeving om utdannings- og yrkesval, slik at dei kan velje det kurstilbodet som høver best ut frå deira evner og føresetnader.

Formålsregelen i opplæringslova slår òg fast at opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene til den enkelte eleven og lærlingen. På dette punktet vil eg få vise til evalueringa av Reform 94. Den syner at ei av dei største utfordringane for den vidaregåande opplæringa nettopp ligg i å differensiere og leggje til rette opplæringa i dei ordinære klassane på ein slik måte at ho femner flest mogleg av elevane. Evalueringa syner også at dei aller fleste elevane med behov for særskild tilrettelagd opplæring går i dei yrkesfaglege studieretningane. Men av dei elevane som Fafo har fylgt i forskingsprosjektet sitt, og som hadde særskild tilrettelagd opplæring i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag, oppnådde 51 pst. studiekompetanse og 35 pst. delkompetanse etter fire år. Dette er svært positive tal, som syner at det nyttar å leggje til rette opplæringa også i denne studieretninga for elevar som ein i utgangspunktet kanskje ikkje trudde ville kunne oppnå studiekompetanse. Dessutan syner det at det er rett å gje eit tilbod til alle, same kva grunnlag dei har å byggje vidare på.

Dersom eg skulle gje eit råd til skulane og fylkeskommunane ut frå denne evalueringa, må det verte ei oppmoding om å ta fatt i den utfordringa det er å differensiere og leggje til rette opplæringa også for allmenne, økonomiske og administrative fag.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret. Eg er veldig glad for at statsråden nå presiserer og konkretiserer at han til liks med meg vil slå ring om einskapsskulen og intensjonen i Reform 94.

Når det er fleire søkjarar til eit tilbod, er det å rangere etter reglar om karakterpoeng ein akseptert måte å gjere det på, men det er noko heilt anna å sette ei nedre sperregrense.

Eg har i forkant av dette spørsmålet motteke ein faks frå rektoren på Ullern, der det blir hevda at dei aldri har uttrykt eller meint det som er intensjonen i spørsmålet mitt. Han seier likevel at det kunne vere klokt å sette ei nedre sperregrense for opptak til allmennfagleg studieretning, og det tolkar eg faktisk ikkje på annan måte enn at det er snakk om å utestenge dei som er under den nedre sperregrensa. Spørsmålet mitt til statsråden er om han tolkar det på same måten.

Statsråd Jon Lilletun: Eg skal vere forsiktig med å kommentere eit brev eg ikkje har sett, men eg vil uttrykkje meg generelt – og då vil eg uttrykkje meg likt med representanten Oppebøen Hansen.

Når det gjeld vidaregåande opplæring, er opplæringslova slik at alle har rett til plass, og då er det ikkje mogleg å setje ei nedre grense for å kome inn. Korleis ein fylkeskommune skal organisere på kva skule ein skal få denne retten, er ikkje noko eg som statsråd kan leggje meg opp i. Men det er heilt opplagt at det ikkje er høve for ein fylkeskommune til å seie nei til retten til vidaregåande opplæring i allmennfag ut frå karakterar.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Det var ikkje mi meining å ansvarleggjere statsråden i forhold til eit brev som var sendt til meg, med ein kopi til departementet, så det vil vel snart ligge på statsråden sitt bord.

Men eg har eit lite tilleggsspørsmål: Kan eg tolke statsråden slik at ein eventuell søknad frå Oslo om dispensasjon frå inntaksforskrifta ikkje vil verte imøtekomen av denne statsråden?

Statsråd Jon Lilletun: Om søknaden skulle gå ut på at ein skulle kunne utestengje nokre elevar ut frå svake karakterar, så vil ikkje denne statsråden gje ein slik dispensasjon.