Stortinget - Møte onsdag den 14. april 1999 kl. 10

Dato: 14.04.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 2

Astrid Marie Nistad (A): Eg tillet meg å stille følgjande spørsmål til kulturministeren:

«I bygda Lærdal i Sogn bygde NRK i 1972 eit kabelanlegg for at sjåarane som ikkje kunne få inn etersignal, skulle få ta inn det noverande NRK1. Dette anlegget, som no vert eigt av Norkring AS, er utslite og kan ikkje levere gode nok signal til dei lisensbetalande sjåarane. Vil statsråden syte for at denne kanalen vert skifta ut vederlagsfritt slik at desse sjåarane også kan ta imot sendingane frå NRK1?»

Statsråd Anne Enger Lahnstein: Spørsmålet fra representanten Nistad er forelagt Norkring, som eier anlegget i Lærdal.

Norkring opplyser at kabelen er på ca. 2 100 m, og skal dekke mottak av NRK1 for tre abonnenter. Det skal ha vært noe problem med mottak i en periode da en privat installatør forsøkte å videreformidle flere kanaler på kabelen. Dette forsøket måtte avsluttes, og kvaliteten på det mottatte signalet skal nå være i orden. Norkring opplyser videre at det er deres ansvar å sørge for tilfredsstillende kvalitet for mottak av NRK1, men at det for tiden ikke er meldt om problemer til Norkring.

Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar statsråden for svaret.

Dersom det er slik som statsråden seier, er eg veldig glad for det. I Sogn Avis, som hadde eit større oppslag om akkurat dette tilfellet, seier dei at kabelen er utsliten, og at det ikkje har vore høve til å få lagt inn ny kabel, og at dei har møtt på problem i Norkring. At Norkring seier at dei i realiteten ikkje kjenner til at nokon har klaga på dei, kan eg ikkje forstå, for ved førespurnad til Lærdal i går, for å kontrollere om spørsmålet hadde sin aktualitet, fekk eg opplyst at tilhøva var dei same som dei var då den artikkelen stod i Sogn Avis, og eg stilte spørsmålet. Kva som er gale, veit eg ikkje, men med bakgrunn i det vil eg forfølgje saka vidare, og eg håpar at statsråden òg kontrollerer at det svaret ho gav her, er rett.

Statsråd Anne Enger Lahnstein: Jeg må bare vise til det svaret jeg gav. Jeg vil også understreke at Norkring i sin melding til meg har opplyst at det er deres ansvar å sørge for tilfredsstillende kvalitet for mottak av NRK1, men at det for tiden ikke er meldt om problemer til Norkring. Hvis det skulle vise seg å være problemer, vil vi måtte forfølge saken videre, selvfølgelig.