Stortinget - Møte onsdag den 2. juni 1999 kl. 10

Dato: 02.06.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 27

Hallgeir H. Langeland (SV): Eg vil gjerne stilla følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«I Rogaland får inntil 5 000-6 000 elever i videregående skole pålegg om å betale for en tidligere rettighet. De skal nå betale 250 kr. i måneden for skoleskyssen som før var gratis. Fylkeskommunen sparer selvsagt noen millioner på at elevene pålegges nye «skolepenger», mens vårt mål om lik rett til utdanning svekkes. Ordningen er godkjent av departementet.

Hva synes statsråden om at fylkeskommunene styrker egen økonomi på ungdommens bekostning, eventuelt vil han sørge for at dispensasjonsordningen avvikles?»

Statsråd Jon Lilletun: I samband med Stortinget si behandling av Ot. prp. nr. 32 for 1993-94 om endringar i velferdslova viste fleirtalet i komiteen til at det i fleire fylkeskommunar finst ordningar med såkalla ungdomskort eller miljøkort. Dette er eit rimeleg tilbod til all ungdom mellom 16 og 20 år, og gjeld reise til og frå skule, arbeid og fritidsaktivitetar.

Fleirtalet viste til at det ville vere vanskeleg å oppretthalde tilbodet om ungdomskort/miljøkort utan at også skulereiser vart rekna med. Fleirtalet meinte at ordninga med desse korta er positiv, fordi både ungdom som har krav på fri skuleskyss og dei ungdommane som ikkje har det, kan nytte kollektive transportmiddel også for andre reiser enn til og frå skulen.

På denne bakgrunn opna fleirtalet for at fylkeskommunane etter søknad til departementet kan få dispensasjon frå kravet i velferdslova om fri skyss for elevar som bur meir enn 6 km frå skulen. Følgjande strenge vilkår skulle leggjast til grunn for å kunne gje dispensasjon: Ungdomskortet/miljøkortet skal vere sterkt subsidiert, og det må vere eit godt utbygt kollektivtilbod på staden. I tillegg må kortet vere tilgjengeleg for all ungdom i den aktuelle aldersgruppa, og kortet må kunne nyttast alle dagar.

Fleirtalet føresette at desse vilkåra skulle forskriftsfestast med heimel i velferdslova. På dette grunnlaget fastsette departementet forskrift om dispensasjon frå kravet om fri skuleskyss i august 1995. I medhald av denne forskrifta har Buskerud, Vestfold og Vest-Agder fylkeskommunar og Oslo kommune fått dispensasjon frå kravet i velferdslova om fri skyss.

Rogaland fylkeskommune har søkt departementet om dispensasjon i medhald av den fastsette forskrifta. Slik eg ser det, er vilkåra for å gje Rogaland fylkeskommune dispensasjon etter gjeldande reglar oppfylte. Gjeldande forskrift vert oppheva i samband med at den nye opplæringslova trår i kraft frå 1. august. Reglane i forskrifta er foreslått vidareført med heimel i opplæringslova. Fordi den nye forskrifta, som skal gjelde frå 1. august, enno ikkje er vedteken av departementet, er det ikkje fatta formelt vedtak om å gje fylkeskommunen dispensasjon. Eg er innstilt på å gje Rogaland fylkeskommune slik dispensasjon så snart den nye forskrifta er vedteken.

Dei erfaringane eg har med dispensasjonsordningane, er gode, og eg har ikkje tenkt å gå inn for å oppheve den ordninga fleirtalet i komiteen gjekk inn for i 1994.

Gunnar Breimo hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Hallgeir H. Langeland (SV): Eg takkar statsråden for svaret. Eg synest det er skuffande av statsråd Lilletun at han ikkje har ei meir offensiv haldning i forhold til omgrepet «lik rett til utdanning».

Det er ikkje tvil om at dette har konsekvensar. Ein reknar med at Rogaland fylkeskommune vil tena ca. 8 mill. kr på å legga dette på andre grupper. Om det beløpet stemmer, veit ikkje eg. Men det er ikkje tvil om at det blir brukt til å styrka kommuneøkonomien, på ungdommen sin kostnad. Og det er urovekkande at statsråden synest at det er heilt greitt. Sjølvsagt kunne statsråden og SV ha ønskt seg ein betre fylkesøkonomi. Det skal iallfall SV jobba for. Men eg hadde venta ei litt meir offensiv haldning frå denne sentrumsregjeringa når det gjeld omgrepet «lik rett til utdanning».

Ungdomskort, miljøkort, er ein flott ting. Men det burde sjølvsagt ha vore gratis for all ungdom, ikkje slik som nå, at ein faktisk må betala for tenester ein før hadde rett til, gratis.

Statsråd Jon Lilletun: Sjølvsagt kan det vere ynskjeleg med ei meir offensiv haldning til sine tider. Her meiner eg at det heller ikkje er ynskjeleg, for det er ikkje tvil om at denne måten å gjere ei samordninga på, i dei fylka som har prøvd det allereie, har ført til at ungdom generelt får eit betre totaltilbod på offentlege kommunikasjonar. Dei fleste brukar mindre pengar på transport enn dei ville ha gjort utan dette kortet. Samordninga fører òg med seg at det totalt sett vert billegare å drive, for ein har ei totaloversikt. Derfor er ikkje dette nokon ny politikk frå sentrumsregjeringa. Sentrumspartia og Arbeidarpartiet, og eg trur òg Høgre, stod saman om dette då det vart behandla i si tid. Og eg ser, som sagt, ikkje nokon grunn til å endre det standpunktet.