Stortinget - Møte onsdag den 2. juni 1999 kl. 10

Dato: 02.06.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 28

Aud Folkestad (V): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«Det har vore uro ved Statens teaterhøgskole i Oslo i vår i samband med den økonomiske situasjonen ved høgskulen. Både innskrenking av studietilbodet og delvis stenging har vore antyda frå avdelingsstyret si side. Ressursrammene for teaterutdanning her i landet er blant dei lågaste i Norden.

Kva vil statsråden gjere for å sikre landet ei tilfredsstillande teaterfagleg utdanning i framtida?»

Statsråd Jon Lilletun: Avdeling Statens teaterhøgskole er ein del av Kunsthøgskolen i Oslo, og det er leiinga ved Kunsthøgskolen som er ansvarleg for å fordele budsjettmidlane mellom avdelingane. Når det gjeld den økonomiske situasjonen ved Kunsthøgskolen i Oslo, viser eg til den orienteringa eg gav Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett. Det materialet eg la fram, viste at dei statlege kunsthøgskulane i perioden 1992 – 1997 har hatt ei betre budsjettutvikling enn institusjonane elles i universitets- og høgskulesektoren, målt ved utgift pr. student. Det har heller ikkje vore ei innstramming i budsjettramma etter omorganiseringa ved kunsthøgskulane. Begge kunsthøgskulane har fått monalege ekstra midlar, m.a. til styrking av fellesadministrasjonen.

Kunsthøgskolen i Oslo er i ein vanskeleg økonomisk situasjon i 1999 fordi høgskulen hadde eit budsjettunderskot i 1998. Eg har merka meg den bekymringa som er uttrykt frå teaterutdanninga, og har uttrykt vilje til å sjå nærare på dette. Mellom anna har Regjeringa i revidert nasjonalbudsjett gjort framlegg om ei eingongstildeling til særskilde tiltak i 1999 samt å la kunsthøgskulen dekkje den resterande budsjettoverskridinga over to år.

Med omsyn til framtidig struktur og innhald i teaterutdanninga vil eg vise til at departementet har sett ned to arbeidsgrupper som skal gje ein heilskapleg analyse av utdanningsløpa for kunstutdanningane frå grunnskulenivå til høgre utdanning, medrekna teaterutdanning. Arbeidsgruppa, som skal presentere si utgreiing 1. juli 1999, har m.a. fått i mandat å leggje fram forslag til nye studiemodellar som tek omsyn til behovet for grunnutdanning og spesialisering/fordjuping innan høgre utdanning. Eg er viss på at arbeidsgruppa vil kome fram med gode forslag som kan leggje grunnlaget for å vidareutvikle ei framtidsretta teaterfagleg utdanning.

Aud Folkestad (V): Eg takkar statsråden for svaret, og er glad for at han vil sjå nærare på dette spørsmålet.

Det er viktig for utviklinga av scenekunsten her i landet at vi kan tilby gode og stabile utdanningsvilkår. Vi bør satse meir på å ta vare på og vidareutvikle eit særprega norsk teater og stimulere norsk dramatikk.

I løpet av dei siste 30 åra har det med jamne mellomrom vore sett i gang førebuande arbeid med tanke på å opprette ei teaterfagleg utdanning også på Vestlandet, med særleg vekt på nynorsk og dialektar. Kyrkje- og undervisningsdepartementet kom med framlegg om dette allereie i 1970 og i 1976, og i NOU 1988:1, Scenekunst, vart det gjort framlegg om å sjå vidare på det.

Ser statsråden desse kultur- og utdanningspolitiske initiativa som ein god måte å styrkje og vidareutvikle den teaterfaglege utdanninga her i landet på? Og vil han eventuelt ta noko initiativ for å få framdrift i desse planane?

Statsråd Jon Lilletun: Dei momenta som representanten Folkestad no tek opp, er interessante moment ut frå ei heilskapleg kulturvurdering av vår nasjon. I kva grad dette har lege inne i mandatet, og i kva grad det kjem til syne i den utgreiinga som vi skal motta 1. juli, skal eg ikkje ha sagt noko om her og no. Men det eg vil love representanten Folkestad, er at eg skal sørgje for ei så representativ høyring av den innstillinga, òg i dei miljøa som representerer dei synspunkta som ho no refererte til, at det skal kome med i den totale vurderinga av teaterutdanninga i Noreg inn i eit nytt årtusen.