Ane Sofie Tømmerås (A): Jeg vil gjerne stille spørsmål
til sosialministeren:
«For å få lønnet
foreldrepermisjon i Norge må mor ha jobbet i Norge før
fødselen, mens i Sverige må foreldrene bo i Sverige
for å opparbeide slike rettigheter. Et nybakt foreldrepar
bosatt i Halden, hvor mor jobber i Sverige, står derfor
nå uten rettigheter til foreldrepermisjon. Dette angår
mange som bor i grensestrøk og jobber i Sverige.
Vil statsråden rydde opp i dette?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Stønad frå folketrygda
i samband med fødsel er barne- og familieministeren sitt
ansvarsområde. Sidan spørsmålet vedkjem
reglane om koordinering av trygdeytingar som gjeld innanfor EØS-området,
vil eg likevel svara.
Fyrst vil eg orientera litt om fødselsstønader,
og så om trygdekoordineringsreglane i høve til
den typen eksempel som representanten Tømmerås
tar opp.
For å få rett til fødsels-
og adopsjonspengar etter folketrygdlova er det eit krav
at ein er medlem i folketrygda. Ein må dessutan ha vore
yrkesaktiv med ei pensjonsgjevande årsinntekt tilsvarande
minst halvparten av grunnbeløpet i minst seks av dei siste
ti månadene før stønadsperioden tar til.
Kravet om at ein må vera trygda, inneber at ein har rett
til å få utbetalt fødsels- og adopsjonspengar også under
mellombels opphald i utlandet. Det er ikkje gitt reglar som hindrar
utbetaling til utlandet så lenge ein framleis er medlem
av trygda i Noreg.
Hovudregelen etter EØS-avtalen er at arbeidstakarar har
rettar og plikter i høve til lovgjevinga i arbeidslandet. Krav
om fødselspengar skal setjast fram overfor det landet der
retten er opptent.
Trygdekoordineringsreglane innanfor EØS har
altså som utgangspunkt at ein person som er omfatta av
desse reglane, skal vera underlagd lovgjevinga berre i ein medlemsstat. Den nordiske trygdekonvensjonen
sikrar og utvidar desse reglane for nordiske statsborgarar. I tilfelle der
vedkomande er i inntektsgjevande arbeid i eit medlemsland, men er
busett i eit anna medlemsland, er hovudregelen altså at
vedkomande skal vera omfatta av trygdelovgjevinga i arbeidslandet.
Dette gjeld for ytingar som baserer seg på yrkesaktivitet
og inntekt, slik som f.eks. fødselspengar og sjukepengar.
Forordninga har ingen reglar om overføring av ansvaret
for desse inntektsrelaterte ytingane til bustadslandet.
I høve til dette regelverket skulle
det difor ikkje vera tvil om at det eksempelet som er nemnt, er
omfatta av svensk trygdelovgjeving, og at vedkomande dermed skal ha
rett til fødselspengar eller tilsvarande stønad
frå Sverige.
Rett nok har Sverige for ikkje lenge sidan – i
1998 – fått medhald i EF-domstolen for at svenske
fødselspengar, föräldrapenning, kan unntakast
frå eksport. Det galdt sak C-275/96, Anne Kuusijärvi
mot Riksförsäkringsverket. Men det gjeld berre
i tilfelle der vedkomande heilt har slutta som yrkesaktiv i Sverige,
noko som etter det som er opplyst, ikkje synest å vera
situasjonen i denne saka.
Prinsippet om at arbeidstakarar skal vera omfatta
av trygdelovgjevinga i arbeidslandet, er det brei semje om blant
landa i EØS, og med atterhald om at eg ikkje kjenner detaljane i
den konkrete saka, må det etter mi meining skuldast ei
mistolking av regelverket dersom ein person som framleis er yrkesaktiv
i Sverige, blir nekta fødselspengar eller familieytingar
under tilvising til at vedkomande ikkje er busett der.
Saker som den representanten Tømmerås
tek opp, må i fyrste instans handsamast av det lokale trygdekontoret eller
eventuelt Folketrygdkontoret for utanlandssaker.
Sidan det truleg ikkje er sjølve regelverket,
men praktiseringa av det frå svensk side som her er problemet,
er vanleg framgangsmåte at avgjerda i Sverige må ankast
inn for dei svenske domstolane. Men la meg leggja til: Dersom saka
skulle vera tent med det, vil eg kunna hjelpa til ved at den blir
lagd fram for min svenske kollega, slik eg har gjort det med andre
saker tidlegare.
Ane Sofie Tømmerås (A): Dette håper jeg er gode nyheter for
det eksemplet jeg har med meg fra hjemfylket mitt, for vedkommende
der har ikke avsluttet sitt arbeidsforhold i Sverige. Hun ønsker
permisjon, ikke å avslutte jobben sin. Etter det statsråden
sier, skjønner jeg det sånn at det betyr at hun
likevel skal ha rett til fødselspenger fra Sverige. Men
foreløpig har hun altså fått avslag både
fra norsk og svensk side, med henvisning til at hun ikke har opparbeidet
slike rettigheter, og nettopp med henvisning til den saken i EF-domstolen
som statsråden viste til. Så i hvert fall i første
instans sies det fra svensk side at så lenge man ikke bor
i Sverige, har man ikke rettigheter når det gjelder foreldrepermisjon.
Men uansett høres det ut som det er én
gruppe som faller utenom ordningen, både i Norge og i Sverige,
nemlig de som har avsluttet sitt arbeidsforhold i Sverige, men likevel
bor i Norge. Så jeg går ut fra at statsråden
vil jobbe videre med regelverket, sånn at vi er sikret
at alle hull er tettet, for det er jo helt uakseptabelt at man skal
bli stående uten rettigheter fordi man arbeider på feil
side av grensa.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg deler Tømmerås si påpeiking
her av behovet for like rettar på tvers av grensene. Eg
var overraska sjølv då eg møtte den eine saka
etter den andre rett etter at eg var komen inn i departementet,
der ein i utgangspunktet trudde at EØS-avtalen dekte slike forhold,
men der det altså viser seg at for dei nordiske landa er
det den nordiske konvensjonen som her sikrar og utfyller.
Eg har gjort greie for regelverket slik det
er i dag og òg – slik eg har forstått
Kuusijärvi-saka – så langt er tolka.
Eg skal ta med meg dei opplysningane som er komne her, og medverka
så langt eg kan. Og eg har erfaring med at ein kan lukkast
i ytterlegare betringar.