Stortinget - Møte onsdag den 16. februar 2000 kl. 10

Dato: 16.02.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 24

Ane Sofie Tømmerås (A): Jeg vil gjerne stille spørsmål til sosialministeren:

«For å få lønnet foreldrepermisjon i Norge må mor ha jobbet i Norge før fødselen, mens i Sverige må foreldrene bo i Sverige for å opparbeide slike rettigheter. Et nybakt foreldrepar bosatt i Halden, hvor mor jobber i Sverige, står derfor nå uten rettigheter til foreldrepermisjon. Dette angår mange som bor i grensestrøk og jobber i Sverige.

Vil statsråden rydde opp i dette?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Stønad frå folketrygda i samband med fødsel er barne- og familieministeren sitt ansvarsområde. Sidan spørsmålet vedkjem reglane om koordinering av trygdeytingar som gjeld innanfor EØS-området, vil eg likevel svara.

Fyrst vil eg orientera litt om fødselsstønader, og så om trygdekoordineringsreglane i høve til den typen eksempel som representanten Tømmerås tar opp.

For å få rett til fødsels- og adopsjonspengar etter folketrygdlova er det eit krav at ein er medlem i folketrygda. Ein må dessutan ha vore yrkesaktiv med ei pensjonsgjevande årsinntekt tilsvarande minst halvparten av grunnbeløpet i minst seks av dei siste ti månadene før stønadsperioden tar til. Kravet om at ein må vera trygda, inneber at ein har rett til å få utbetalt fødsels- og adopsjonspengar også under mellombels opphald i utlandet. Det er ikkje gitt reglar som hindrar utbetaling til utlandet så lenge ein framleis er medlem av trygda i Noreg.

Hovudregelen etter EØS-avtalen er at arbeidstakarar har rettar og plikter i høve til lovgjevinga i arbeidslandet. Krav om fødselspengar skal setjast fram overfor det landet der retten er opptent.

Trygdekoordineringsreglane innanfor EØS har altså som utgangspunkt at ein person som er omfatta av desse reglane, skal vera underlagd lovgjevinga berre i ein medlemsstat. Den nordiske trygdekonvensjonen sikrar og utvidar desse reglane for nordiske statsborgarar. I tilfelle der vedkomande er i inntektsgjevande arbeid i eit medlemsland, men er busett i eit anna medlemsland, er hovudregelen altså at vedkomande skal vera omfatta av trygdelovgjevinga i arbeidslandet. Dette gjeld for ytingar som baserer seg på yrkesaktivitet og inntekt, slik som f.eks. fødselspengar og sjukepengar. Forordninga har ingen reglar om overføring av ansvaret for desse inntektsrelaterte ytingane til bustadslandet.

I høve til dette regelverket skulle det difor ikkje vera tvil om at det eksempelet som er nemnt, er omfatta av svensk trygdelovgjeving, og at vedkomande dermed skal ha rett til fødselspengar eller tilsvarande stønad frå Sverige.

Rett nok har Sverige for ikkje lenge sidan – i 1998 – fått medhald i EF-domstolen for at svenske fødselspengar, föräldrapenning, kan unntakast frå eksport. Det galdt sak C-275/96, Anne Kuusijärvi mot Riksförsäkringsverket. Men det gjeld berre i tilfelle der vedkomande heilt har slutta som yrkesaktiv i Sverige, noko som etter det som er opplyst, ikkje synest å vera situasjonen i denne saka.

Prinsippet om at arbeidstakarar skal vera omfatta av trygdelovgjevinga i arbeidslandet, er det brei semje om blant landa i EØS, og med atterhald om at eg ikkje kjenner detaljane i den konkrete saka, må det etter mi meining skuldast ei mistolking av regelverket dersom ein person som framleis er yrkesaktiv i Sverige, blir nekta fødselspengar eller familieytingar under tilvising til at vedkomande ikkje er busett der.

Saker som den representanten Tømmerås tek opp, må i fyrste instans handsamast av det lokale trygdekontoret eller eventuelt Folketrygdkontoret for utanlandssaker.

Sidan det truleg ikkje er sjølve regelverket, men praktiseringa av det frå svensk side som her er problemet, er vanleg framgangsmåte at avgjerda i Sverige må ankast inn for dei svenske domstolane. Men la meg leggja til: Dersom saka skulle vera tent med det, vil eg kunna hjelpa til ved at den blir lagd fram for min svenske kollega, slik eg har gjort det med andre saker tidlegare.

Ane Sofie Tømmerås (A): Dette håper jeg er gode nyheter for det eksemplet jeg har med meg fra hjemfylket mitt, for vedkommende der har ikke avsluttet sitt arbeidsforhold i Sverige. Hun ønsker permisjon, ikke å avslutte jobben sin. Etter det statsråden sier, skjønner jeg det sånn at det betyr at hun likevel skal ha rett til fødselspenger fra Sverige. Men foreløpig har hun altså fått avslag både fra norsk og svensk side, med henvisning til at hun ikke har opparbeidet slike rettigheter, og nettopp med henvisning til den saken i EF-domstolen som statsråden viste til. Så i hvert fall i første instans sies det fra svensk side at så lenge man ikke bor i Sverige, har man ikke rettigheter når det gjelder foreldrepermisjon.

Men uansett høres det ut som det er én gruppe som faller utenom ordningen, både i Norge og i Sverige, nemlig de som har avsluttet sitt arbeidsforhold i Sverige, men likevel bor i Norge. Så jeg går ut fra at statsråden vil jobbe videre med regelverket, sånn at vi er sikret at alle hull er tettet, for det er jo helt uakseptabelt at man skal bli stående uten rettigheter fordi man arbeider på feil side av grensa.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg deler Tømmerås si påpeiking her av behovet for like rettar på tvers av grensene. Eg var overraska sjølv då eg møtte den eine saka etter den andre rett etter at eg var komen inn i departementet, der ein i utgangspunktet trudde at EØS-avtalen dekte slike forhold, men der det altså viser seg at for dei nordiske landa er det den nordiske konvensjonen som her sikrar og utfyller.

Eg har gjort greie for regelverket slik det er i dag og òg – slik eg har forstått Kuusijärvi-saka – så langt er tolka. Eg skal ta med meg dei opplysningane som er komne her, og medverka så langt eg kan. Og eg har erfaring med at ein kan lukkast i ytterlegare betringar.