Stortinget - Møte onsdag den 1. mars 2000 kl. 10

Dato: 01.03.2000

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 25

Bendiks H. Arnesen (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til sosialministeren:

«En beboer ved Conrad Svendsen Senter (CSS) skal flyttes fra dette senteret og til foreldrenes hjemkommune mot egen vilje. Vedkommende er døv og har omfattende psykiske plager. Han har i dag et godt behandlingstilbud i et tegnspråklig miljø. Dessverre kan ikke kommunen tilby tilsvarende opplegg. Statsråden har i brev til foreldrene gitt uttrykk for forståelse for problemet.

Hva vil statsråden gjøre i denne saken, og vil statsråden sørge for å sikre rettighetene for denne svært marginale gruppen funksjonshemmede?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg har for kort tid sidan svart på eit brev frå foreldra til ein bebuar ved Conrad Svendsen Senter – CSS – som er redde for å mista dette tilbodet. Av brevet frå foreldra forstod eg det slik at kommunen enno ikkje hadde fatta eit vedtak om å byggja opp eit lokalt tilbod. Eventuelt vedtak blir å rekna som eit enkeltvedtak i høve til dei rettane som ligg i dette med omsyn til hjelp, samt høvet til å klaga til fylkesmannen eller fylkeslegen på det tilbodet som blir gjeve. Eg finn det ikkje rett av meg å gå nærare inn i denne spesielle saka enn dette. Eg kan føya til at eg veit at senteret og kommunen arbeider med saka.

Med tanke på framtida til CSS skal eg gjera kort greie for det arbeidet som no pågår om kva for status CSS kjem til å få. CSS er ein institusjon med 80 plassar for døve med ulike tilleggsfunksjonshemmingar. Mange har behov for omfattande spesialiserte tenester i eit tilpassa teiknspråkmiljø. Institusjonen ligg i Oslo, blir driven i regi av Stiftelsen Hjemmet for Døve og er på Oslo kommune sin helseplan.

CSS har i dag status som spesialsjukeheim og er regulert av sjukehuslova. Departementet legg opp til at ny lov om spesialisthelsetenester erstattar sjukehuslova frå 1. januar 2001. Dei fleste av tenestene ved CSS blir ikkje definerte som spesialisthelsetenester. Det ligg såleis til rette for at finansieringa av plassane på CSS frå det tidspunktet i hovudsak ikkje lenger blir definert som eit fylkeskommunalt ansvar, og at kommunane frå det same tidspunktet tar over ansvaret for pleie- og omsorgstenestene, primærhelsetenestene og dei sosiale tenestene elles, samtidig som ein finn ei praktisk løysing på finansieringa av spesialisthelsetenestene.

Dette er ein konsekvens av opplegget i samband med rehabiliteringsmeldinga, St.meld. nr. 21 for 1998-99 Ansvar og meistring, der Regjeringa i tråd med tilrådingane frå NOU 1995:14, Fylkeskommunale langtidsinstitusjoner, la opp til at spesialsjukeheimane etter kvart skal avviklast. I samband med handsaminga av denne meldinga gav sosialkomiteen i Innst. S. nr. 178 for 1998-99 uttrykk for m.a. dette:

«Komiteen ser det som viktig at det snarest blir foretatt en avklaring vedrørende den videre drift av dette senteret.»

Eg meiner at det i praksis vil vera vanskeleg å gje eit godt nok tilbod lokalt til mange av dei menneska med funksjonshemmingar som i dag får eit tilbod på CSS. Dette har særleg samanheng med at dei må kommunisera på teiknspråk. Dei fleste stader i landet har ikkje teiknspråkmiljø. Hjelpeapparatet har i mange tilfelle heller ikkje høve til å kommunisera på det språket dei døve brukar. Det er difor viktig at den gode kompetansen CSS har bygd opp, blir halden ved like og ført vidare også når CSS ikkje lenger er regulert som ein spesialsjukeheim.

Sosial- og helsedepartementet arbeider for tida aktivt med å finna ei løysing på spørsmålet om finansieringa av tilbodet til den gruppa funksjonshemma menneske som i dag bur på CSS. Representantar frå departementet har i februar vore på besøk hjå Conrad Svendsen Senter, og det har etter det vore eit eige møte med Oslo kommune og CSS. Eg kan ikkje gå i detalj om det arbeidet som konkret pågår i departementet. Men lat meg streka under at eg ynskjer å leggja forholda til rette for at kommunane skal velja å gje dei brukarane som ynskjer det og har behov for det, eit tilbod om tenester på Conrad Svendsen Senter. Når det kjem til stykket, er det kommunane som skal gjera vedtak om tenestene, men tenestetilbodet skal så langt som mogleg formast ut i samarbeid med brukaren. Det skal i høve til m.a. sosialtenestelova leggjast stor vekt på kva brukaren meiner. Finansieringa av spesialisthelsetenestene må også sikrast.

Bendiks H. Arnesen (A): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg har lyst til å understreke at jeg prøver å unngå å ta opp spørsmål som gjelder enkeltpersoner. Men vi snakker her om en så marginal gruppe at det nærmest er umulig å ikke berøre enkelttilfeller når man tar opp spørsmål om rettigheter.

Jeg ønsker å stille et prinsipielt spørsmål. Jeg mener at også mennesker i en slik situasjon må få respekt for egne synspunkt, spesielt når det dreier seg om valg av bosted og om annet som gjelder livssituasjonen. Jeg synes ikke at denne etter mitt syn soleklare retten er godt ivaretatt i dette konkrete tilfellet. Jeg vil spørre statsråden om det ikke er grunner som tilsier at funksjonshemmede i en slik situasjon må få en mer reell innflytelse på sin egen situasjon?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg vil gje ros til representanten Bendiks H. Arnesen fordi han tar opp eit spørsmål som dette. Eg deler hans engasjement for å sikra best moglege tenester. Eg deler den uroa som han her kjem med i høve til endå betre enn i dag å akta på brukaren si eiga meining.

Det fyrste punktet gjaldt eit vedtak i kommunen som grunnlag for kva kommunen her ville, ynskte og kunne stilla opp med. Det neste er forholdet til Conrad Svendsen Senter og pr. i dag òg forholdet til fylkeskommunen. Eg veit at dette er ei sak som det no blir arbeidd med, og eg kjem til å fylgja med vidare.

Presidenten: Vi går da tilbake til spørsmål 17.