Bendiks H. Arnesen (A): Jeg tillater meg å stille følgende
spørsmål til sosialministeren:
«En beboer ved Conrad Svendsen Senter
(CSS) skal flyttes fra dette senteret og til foreldrenes hjemkommune mot
egen vilje. Vedkommende er døv og har omfattende psykiske
plager. Han har i dag et godt behandlingstilbud i et tegnspråklig
miljø. Dessverre kan ikke kommunen tilby tilsvarende opplegg.
Statsråden har i brev til foreldrene gitt uttrykk
for forståelse for problemet.
Hva vil statsråden gjøre
i denne saken, og vil statsråden sørge for å sikre
rettighetene for denne svært marginale gruppen funksjonshemmede?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg har for kort tid sidan svart på eit
brev frå foreldra til ein bebuar ved Conrad Svendsen Senter – CSS – som
er redde for å mista dette tilbodet. Av brevet frå foreldra
forstod eg det slik at kommunen enno ikkje hadde fatta eit vedtak
om å byggja opp eit lokalt tilbod. Eventuelt vedtak blir å rekna som
eit enkeltvedtak i høve til dei rettane som ligg i dette med
omsyn til hjelp, samt høvet til å klaga til fylkesmannen
eller fylkeslegen på det tilbodet som blir gjeve. Eg finn
det ikkje rett av meg å gå nærare inn
i denne spesielle saka enn dette. Eg kan føya til at eg
veit at senteret og kommunen arbeider med saka.
Med tanke på framtida til CSS skal
eg gjera kort greie for det arbeidet som no pågår
om kva for status CSS kjem til å få. CSS er ein
institusjon med 80 plassar for døve med ulike tilleggsfunksjonshemmingar.
Mange har behov for omfattande spesialiserte tenester i eit tilpassa teiknspråkmiljø.
Institusjonen ligg i Oslo, blir driven i regi av Stiftelsen Hjemmet
for Døve og er på Oslo kommune sin helseplan.
CSS har i dag status som spesialsjukeheim og
er regulert av sjukehuslova. Departementet legg opp til at ny lov om
spesialisthelsetenester erstattar sjukehuslova frå 1. januar
2001. Dei fleste av tenestene ved CSS blir ikkje definerte som spesialisthelsetenester.
Det ligg såleis til rette for at finansieringa av plassane
på CSS frå det tidspunktet i hovudsak ikkje lenger
blir definert som eit fylkeskommunalt ansvar, og at kommunane frå det
same tidspunktet tar over ansvaret for pleie- og omsorgstenestene, primærhelsetenestene
og dei sosiale tenestene elles, samtidig som ein finn ei praktisk
løysing på finansieringa av spesialisthelsetenestene.
Dette er ein konsekvens av opplegget i samband
med rehabiliteringsmeldinga, St.meld. nr. 21 for 1998-99 Ansvar
og meistring, der Regjeringa i tråd med tilrådingane frå NOU
1995:14, Fylkeskommunale langtidsinstitusjoner, la opp til at spesialsjukeheimane
etter kvart skal avviklast. I samband med handsaminga av denne meldinga gav
sosialkomiteen i Innst. S. nr. 178 for 1998-99 uttrykk for m.a.
dette:
«Komiteen
ser det som viktig at det snarest blir foretatt en avklaring vedrørende
den videre drift av dette senteret.»
Eg meiner at det i praksis vil vera vanskeleg å gje
eit godt nok tilbod lokalt til mange av dei menneska med funksjonshemmingar
som i dag får eit tilbod på CSS. Dette har særleg
samanheng med at dei må kommunisera på teiknspråk.
Dei fleste stader i landet har ikkje teiknspråkmiljø.
Hjelpeapparatet har i mange tilfelle heller ikkje høve
til å kommunisera på det språket dei
døve brukar. Det er difor viktig at den gode kompetansen
CSS har bygd opp, blir halden ved like og ført vidare også når CSS
ikkje lenger er regulert som ein spesialsjukeheim.
Sosial- og helsedepartementet arbeider for
tida aktivt med å finna ei løysing på spørsmålet
om finansieringa av tilbodet til den gruppa funksjonshemma menneske
som i dag bur på CSS. Representantar frå departementet
har i februar vore på besøk hjå Conrad
Svendsen Senter, og det har etter det vore eit eige møte
med Oslo kommune og CSS. Eg kan ikkje gå i detalj om det
arbeidet som konkret pågår i departementet. Men
lat meg streka under at eg ynskjer å leggja forholda til
rette for at kommunane skal velja å gje dei brukarane som
ynskjer det og har behov for det, eit tilbod om tenester på Conrad
Svendsen Senter. Når det kjem til stykket, er det kommunane
som skal gjera vedtak om tenestene, men tenestetilbodet skal så langt
som mogleg formast ut i samarbeid med brukaren. Det skal i høve
til m.a. sosialtenestelova leggjast stor vekt på kva brukaren
meiner. Finansieringa av spesialisthelsetenestene må også sikrast.
Bendiks H. Arnesen (A): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg har lyst til å understreke at
jeg prøver å unngå å ta opp
spørsmål som gjelder enkeltpersoner. Men vi snakker
her om en så marginal gruppe at det nærmest er umulig å ikke
berøre enkelttilfeller når man tar opp spørsmål
om rettigheter.
Jeg ønsker å stille et prinsipielt
spørsmål. Jeg mener at også mennesker
i en slik situasjon må få respekt for egne synspunkt,
spesielt når det dreier seg om valg av bosted og om annet
som gjelder livssituasjonen. Jeg synes ikke at denne etter mitt
syn soleklare retten er godt ivaretatt i dette konkrete tilfellet.
Jeg vil spørre statsråden om det ikke er grunner
som tilsier at funksjonshemmede i en slik situasjon må få en
mer reell innflytelse på sin egen situasjon?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg vil gje ros til representanten Bendiks
H. Arnesen fordi han tar opp eit spørsmål som
dette. Eg deler hans engasjement for å sikra best moglege
tenester. Eg deler den uroa som han her kjem med i høve
til endå betre enn i dag å akta på brukaren
si eiga meining.
Det fyrste punktet gjaldt eit vedtak i kommunen
som grunnlag for kva kommunen her ville, ynskte og kunne stilla
opp med. Det neste er forholdet til Conrad Svendsen Senter og pr.
i dag òg forholdet til fylkeskommunen. Eg veit at dette
er ei sak som det no blir arbeidd med, og eg kjem til å fylgja
med vidare.
Presidenten: Vi går da tilbake til spørsmål
17.