Øyvind Korsberg (Frp): Jeg har følgende spørsmål til
kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Det vises til oppslag i Nordlys 28.
februar 2000, der Eksportutvalget for Fisk understreker at språk
og internasjonal erfaring er veldig viktig for fiskerinæringen.
Man har i dag behov for å styrke denne delen av utdanningen slik
at denne kompetansen blir tilgjengelig i Tromsø.
Hva kan statsråden gjøre
av endringer for å imøtekomme dette behovet?»
Statsråd Jon Lilletun: Det er ikkje tvil om at det er behov for meir
utdanning og kompetanse for at fiskerinæringa skal kunne
møte dei krava og utfordringane ho står overfor
i framtida. Det er heller ikkje tvil om at næringa treng
folk med kunnskapar på fleire område enn før,
for at Noreg framleis skal vere ein av dei viktigaste aktørane
i den internasjonale marknaden. Som det vart vist til i Nordlys,
er både internasjonal erfaring og kunnskapar om språk
og kultur viktig for å kjenne behova i marknaden og for å erobre
nye marknader. Denne kompetansen må norsk fiskerinæring
ha i tillegg til fiskerifagleg og økonomisk kompetanse,
som dei har i dag.
Slik eg forstår spørsmålet,
er representanten Korsberg oppteken av at denne kompetansen må vere
tilgjengeleg i Tromsø, dvs. på Norges fiskerihøgskole.
Norges fiskerihøgskole er ein del av Universitetet i Tromsø,
og institusjonen har eit godt tilbod innan språk- og samfunnsfag. Alt
ligg til rette for at dei kan tilby studium for fiskerinæringa
som har eit breitt innslag av både språk, kultur
og samfunnsfag. Alle institusjonar som høyrer under universitets-
og høgskulelova, har dessutan frå og med 1. januar i år
sjølve fått mynde til å opprette og leggje
ned fag og emne med eit omfang på opptil 30 vekttal, utan å søkje departementet
om det.
Universitetet i Tromsø har profilert
seg sterkt innan internasjonalisering og internasjonalt samarbeid.
Dei tek òg del i fleire ulike internasjonale utdanningsprogram
og utvekslar studentar med høgre utdanningsinstitusjonar både
i Europa og verda elles. Både «Lisboakonvensjonen» og «Bolognaerklæringa»,
som Noreg slutta seg til i 1999, skal medverke til å fremje
samarbeid om høgre utdanning, betre studentmobiliteten
og fremje utvikling av rutinar for godkjenning av utdanning frå samarbeidsland. Dette
er ordningar som fiskeriutdanninga kan dra nytte av i tida framover.
Det er ei stor utfordring for dei norske universiteta
og høgskulane å tilpasse utdanningstilboda sine
til ei omverd som er i stadig raskare endring. Denne utfordringa gjeld òg
fiskeri- og havbruksutdanningane, som slit med svikt i rekrutteringa,
trass i at næringa vert førespegla gode framtidsutsikter.
For å hjelpe på denne situasjonen har eg sett
ned ei arbeidsgruppe, breitt samansett frå både næringa
og utdanningssida, som skal leggje fram ein handlingsplan for rekruttering
til fiskeri- og havbruksutdanninga no i vår. Denne planen
vil eg prioritere høgt og følgje opp i departementet.
I St.meld. nr. 32 for 1998-99, Vidaregåande
opplæring, varsla eg at det ville bli opna for utprøving
av ulike tiltak for å auke rekrutteringa til fiskerifaga.
Departementet tek no sikte på å setje i verk slike
forsøk i samarbeid med Troms og Møre og Romsdal
fylkeskommunar.
Øyvind Korsberg (Frp): Jeg takker statsråden for svaret.
Det var mye positivt i det, og spesielt at man vil nedsette en arbeidsgruppe
og har i fokus det problemet som man står overfor. For
det er riktig som statsråden sier, at det er et problem å rekruttere
ungdom til fiskerinæringen og til utdannelse eksempelvis
på Fiskerihøgskolen.
Jeg tror et studietilbud som innebærer
reising, språk og nær kontakt med det markedet
som man skal betjene, det internasjonale markedet, er noe næringen
har et stort behov for.
Det er fra ulike hold vist til den betydningen
som fiskerinæringen og oppdrettsnæringen kommer
til å ha i fremtiden, og det er spådd at den vil
utgjøre anslagsvis 240 milliarder kr i år 2030.
Mitt spørsmål til statsråden blir derfor:
Hva slags langsiktig strategi har statsråden med hensyn
til utdanning slik at en får faglig ekspertise til å imøtekomme
det som er behovet i næringen, og da tenker jeg også litt
utover Tromsø by?
Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt rett som representanten Korsberg
seier, at dette er ei næring med eit enormt potensial.
Rett nok er det få forskingsrapportar eg har sett så flittig
brukt og så tekne til folks bryst som denne frå SINTEF
om nettopp denne potensielle moglegheita. Eg trur moglegheita er
der, men det krev mykje.
Vi har akkurat behandla ei forskingsmelding
der marin forsking står sentralt, og kor ein peiker på denne
biten. Vidare har eg altså teke fatt i det som gjeld vidaregåande
opplæring. Eg trur vi der må få tak i
folk og truleg organisere det slik at folk kan få gå i
båten fyrst, for å bli motiverte, og eventuelt
kome inn i ei utdanning etterpå.
Vidare har eg då sett ned denne arbeidsgruppa
som skal gå gjennom heile feltet. Og det gjeld ikkje berre Troms,
det gjeld sjølvsagt heile landet. Dette er eit arbeid som
eg gjer i lag med fiskeriministeren, og det som er tanken når
vi har fått utgreiinga frå denne gruppa, er at
vi både set i verk tiltak på vidaregåande,
at informasjonen på vidaregåande generelt blir
betre, og at vi òg får på plass ting
innan høgare utdanning når det gjeld forsking.