Stortinget - Møte onsdag den 8. mars 2000 kl. 10

Dato: 08.03.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 20

Øyvind Korsberg (Frp): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Det vises til oppslag i Nordlys 28. februar 2000, der Eksportutvalget for Fisk understreker at språk og internasjonal erfaring er veldig viktig for fiskerinæringen. Man har i dag behov for å styrke denne delen av utdanningen slik at denne kompetansen blir tilgjengelig i Tromsø.

Hva kan statsråden gjøre av endringer for å imøtekomme dette behovet?»

Statsråd Jon Lilletun: Det er ikkje tvil om at det er behov for meir utdanning og kompetanse for at fiskerinæringa skal kunne møte dei krava og utfordringane ho står overfor i framtida. Det er heller ikkje tvil om at næringa treng folk med kunnskapar på fleire område enn før, for at Noreg framleis skal vere ein av dei viktigaste aktørane i den internasjonale marknaden. Som det vart vist til i Nordlys, er både internasjonal erfaring og kunnskapar om språk og kultur viktig for å kjenne behova i marknaden og for å erobre nye marknader. Denne kompetansen må norsk fiskerinæring ha i tillegg til fiskerifagleg og økonomisk kompetanse, som dei har i dag.

Slik eg forstår spørsmålet, er representanten Korsberg oppteken av at denne kompetansen må vere tilgjengeleg i Tromsø, dvs. på Norges fiskerihøgskole. Norges fiskerihøgskole er ein del av Universitetet i Tromsø, og institusjonen har eit godt tilbod innan språk- og samfunnsfag. Alt ligg til rette for at dei kan tilby studium for fiskerinæringa som har eit breitt innslag av både språk, kultur og samfunnsfag. Alle institusjonar som høyrer under universitets- og høgskulelova, har dessutan frå og med 1. januar i år sjølve fått mynde til å opprette og leggje ned fag og emne med eit omfang på opptil 30 vekttal, utan å søkje departementet om det.

Universitetet i Tromsø har profilert seg sterkt innan internasjonalisering og internasjonalt samarbeid. Dei tek òg del i fleire ulike internasjonale utdanningsprogram og utvekslar studentar med høgre utdanningsinstitusjonar både i Europa og verda elles. Både «Lisboakonvensjonen» og «Bolognaerklæringa», som Noreg slutta seg til i 1999, skal medverke til å fremje samarbeid om høgre utdanning, betre studentmobiliteten og fremje utvikling av rutinar for godkjenning av utdanning frå samarbeidsland. Dette er ordningar som fiskeriutdanninga kan dra nytte av i tida framover.

Det er ei stor utfordring for dei norske universiteta og høgskulane å tilpasse utdanningstilboda sine til ei omverd som er i stadig raskare endring. Denne utfordringa gjeld òg fiskeri- og havbruksutdanningane, som slit med svikt i rekrutteringa, trass i at næringa vert førespegla gode framtidsutsikter. For å hjelpe på denne situasjonen har eg sett ned ei arbeidsgruppe, breitt samansett frå både næringa og utdanningssida, som skal leggje fram ein handlingsplan for rekruttering til fiskeri- og havbruksutdanninga no i vår. Denne planen vil eg prioritere høgt og følgje opp i departementet.

I St.meld. nr. 32 for 1998-99, Vidaregåande opplæring, varsla eg at det ville bli opna for utprøving av ulike tiltak for å auke rekrutteringa til fiskerifaga. Departementet tek no sikte på å setje i verk slike forsøk i samarbeid med Troms og Møre og Romsdal fylkeskommunar.

Øyvind Korsberg (Frp): Jeg takker statsråden for svaret. Det var mye positivt i det, og spesielt at man vil nedsette en arbeidsgruppe og har i fokus det problemet som man står overfor. For det er riktig som statsråden sier, at det er et problem å rekruttere ungdom til fiskerinæringen og til utdannelse eksempelvis på Fiskerihøgskolen.

Jeg tror et studietilbud som innebærer reising, språk og nær kontakt med det markedet som man skal betjene, det internasjonale markedet, er noe næringen har et stort behov for.

Det er fra ulike hold vist til den betydningen som fiskerinæringen og oppdrettsnæringen kommer til å ha i fremtiden, og det er spådd at den vil utgjøre anslagsvis 240 milliarder kr i år 2030. Mitt spørsmål til statsråden blir derfor: Hva slags langsiktig strategi har statsråden med hensyn til utdanning slik at en får faglig ekspertise til å imøtekomme det som er behovet i næringen, og da tenker jeg også litt utover Tromsø by?

Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt rett som representanten Korsberg seier, at dette er ei næring med eit enormt potensial. Rett nok er det få forskingsrapportar eg har sett så flittig brukt og så tekne til folks bryst som denne frå SINTEF om nettopp denne potensielle moglegheita. Eg trur moglegheita er der, men det krev mykje.

Vi har akkurat behandla ei forskingsmelding der marin forsking står sentralt, og kor ein peiker på denne biten. Vidare har eg altså teke fatt i det som gjeld vidaregåande opplæring. Eg trur vi der må få tak i folk og truleg organisere det slik at folk kan få gå i båten fyrst, for å bli motiverte, og eventuelt kome inn i ei utdanning etterpå.

Vidare har eg då sett ned denne arbeidsgruppa som skal gå gjennom heile feltet. Og det gjeld ikkje berre Troms, det gjeld sjølvsagt heile landet. Dette er eit arbeid som eg gjer i lag med fiskeriministeren, og det som er tanken når vi har fått utgreiinga frå denne gruppa, er at vi både set i verk tiltak på vidaregåande, at informasjonen på vidaregåande generelt blir betre, og at vi òg får på plass ting innan høgare utdanning når det gjeld forsking.