Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 29. mars 2000 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 29

Gunnar Kvassheim (V): «I sin tiltredelseserklæring lover Regjeringen initiativ for å få et felles program mellom myndigheter og bedrifter for å utvikle ny renseteknologi for klimagassen CO2. Under behandlingen av energimeldingen stemte Arbeiderpartiet mot sentrumspartienes forslag om et slikt program med flere konkrete forslag. Innen 1. juni 2000 skal Regjeringen legge til rette for bygging av konvensjonelle gasskraftverk uten krav til CO2-rensing.

Vil programmet for utvikling av ren teknologi være ferdig like raskt?»

Statsråd Olav Akselsen: Då eg har vanskeleg for å kjenna meg igjen i premissane i spørsmålet, ser eg behovet for å oppdatera Stortinget på kva som har skjedd i denne saka.

I samband med budsjettet for 1998 gjorde Jagland-regjeringa framlegg om å oppretta eit teknologifond og eit miljøfond. Desse fonda skulle m.a. støtta tiltak for å få fram ny, betre og meir miljøvennleg teknologi, m.a. CO2-reduserande tiltak. Som tidlegare parlamentarisk leiar i Venstre er sikkert Kvassheim kjend med at forslaget om eit teknologifond blei fjerna av Bondevik-regjeringa. Miljøfondet blei også sterkt redusert.

I mangel på framdrift i denne saka la eit fleirtal i Stortinget beståande av Høgre, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet inn ein merknad om auka forsking på dette feltet i samband med budsjettet for inneverande år. Sentrumspartia var ikkje med på denne merknaden. Det tolkar eg som at desse partia så seint som i desember i fjor ikkje såg behovet for ei slik forsking. Heldigvis brukte desse partia juleferien godt, for i februar i år såg òg desse partia behovet for slik forsking.

Sjølv om eg ser behovet for å ta igjen noko av det me har tapt dei siste åra på dette området, vil eg leggja meg på den framdrifta den førre regjeringa la opp til. Eg vil her visa til spontanspørjetimen den 16. februar i år, der Arnstad opplyste at ho ville fremja forslag om eit program for utvikling av CO2-fri gasskraftteknologi i samband med neste års statsbudsjett, og at eit arbeid blei sett i gang for å etablera eit slikt program. Eg vil vidareføra dette arbeidet. Den nye regjeringa ser føre seg at satsinga primært skal dekkja tre behov:

  • å vidareutvikla teknologien på område der Noreg allereie er langt framme internasjonalt

  • å vidareutvikla den kompetansen dei norske forskingsmiljøa har innanfor enkelte prioriterte forskingsområde som er viktige for utviklinga av denne teknologien

  • å utvikla og styrkja samarbeidet mellom norske og internasjonale forskingsmiljø på området

Regjeringa vil arbeida vidare med å utforma eit slikt program.

Gunnar Kvassheim (V): Vi har hatt flere anledninger til å diskutere det statsråden brukte store deler av svaret på å framføre, nemlig det som har skjedd, og uenigheten om teknologifondet og framdriften der.

Det som imidlertid er noe langt annet og mye mer, er den skissen til et program for utvikling av CO2-frie gasskraftverk som ble lagt fram av sentrumspartiene under behandlingen av energimeldingen i Stortinget. Det var et program som ville ført til at det hadde blitt satt fart på teknologiutviklingsarbeidet i norske selskaper. Nå står en i fare for at en del av dette arbeidet isteden skyter fart i utlandet.

Så mitt spørsmål er: Ser ikke statsråden behov for snarlig å legge fram noe mer enn bare positiv vilje til å bidra til forskningsinnsats, men rett og slett skissere rammevilkårene som gjør at det er dette sporet som blir valgt i framtida og ikke de konvensjonelle gasskraftverkene?

Statsråd Olav Akselsen: Eg er sjølvsagt glad for at det no er semje på dette området, og at sentrumspartia no er einige med dei andre partia på Stortinget om at ein bør satsa på å få fram CO2-fri teknologi. Med bakgrunn i at me har tapt ein del år på dette området, er eg einig i at det er viktig å satsa og koma raskt i gang med dette arbeidet.

Eg viste i innlegget mitt til den tidlegare olje- og energiministeren, Marit Arnstad, som i spørjetimen den 16. februar i år skisserte framdrifta på dette opplegget. Den nye regjeringa ønskjer å ha den same framdrifta på dette området som den førre regjeringa hadde.

Gunnar Kvassheim (V): Jeg registrerer at det ikke er enighet på dette området, for Arbeiderpartiet har så langt ikke sagt at de er villig til å nytte skatte- og avgiftslette for å få arbeidet med CO2-frie gasskraftverk til å skyte fart. Og selv om det er slik at det vil måtte ta tid å utvikle et komplett program som eventuelt kan legges fram i forbindelse med budsjettet for kommende år, er det sterkt å ønske at det i forbindelse med det som skal legges fram før sommeren, kommer signaler som tyder på at denne nye måten å tenke på for å få fram ny teknologi, òg har støtte fra Regjeringen.

Så mitt oppfølgingsspørsmål blir: Ville det ikke være positive signaler på denne framtidsrettede veien å gå og utvikle de rene løsningene? Informasjonsdirektør Tor Steinum i Norsk Hydro sa forleden til Dagens Næringsliv at det vil ta minst fem-seks år å få bygd konvensjonelle gasskraftverk i Norge. Det betyr at dersom vi vil, har vi tid til å få fram de rene løsningene som er de mest konkurransedyktige, og de som blir valgt når det skal bygges.

Statsråd Olav Akselsen: Eg må innrømma at eg har vanskeleg for å sjå at det har vore mangel på positive signal. Arbeidarpartiet fremja forslag allereie i 1997 der me ønskte å få ei auka satsing på dette området. Det var Bondevik-regjeringa som fjerna den satsinga den gongen. Det må me respektera. Me skal medverka til å ta igjen noko av det tapte.

Men spørsmålet som representanten Kvassheim no stiller, ligg etter mitt syn utanom det spørsmålet som var bakgrunnen for mitt svar, nemleg om ein skulle få sett i gang eit program mellom myndigheiter og bedrifter for å få utvikla ny renseteknologi. Der vil eg halda fast på at me har store ambisjonar. Når det gjeld framdrifta, vil me leggja oss på den framdrifta som den førre regjeringa la seg på. Men dei andre spørsmåla, om avgiftslette osv., er etter mitt syn noko anna.

: