Presidenten: Det blir ei rekkje endringar i den
oppsette spørsmålslista, og presidenten viser
i den samanhengen til den oversikta som er omdelt på representantane
sine plassar i salen. Presidenten gjer framlegg om at dei føreslåtte
endringane i dagens spørjetime blir godkjende. – Presidenten
ser det som vedteke.
Endringane var desse:
Spørsmål 1, frå representanten
Dag Danielsen til statsministeren, vil bli svara på av
utanriksministeren.
Spørsmål 12, frå representanten
John I. Alvheim til sosialministeren, vil bli svara på av
kommunal- og regionalministeren som rette vedkomande.
Spørsmåla 22, 23 og 24, frå etter
tur representantane Tor Nymo, Øyvind Korsberg og Torbjørn
Andersen til miljøvernministeren, vil bli svara på av
fiskeriministeren på vegner av miljøvernministeren,
som er bortreist.
Spørsmål 29, frå representanten
Finn Kristian Marthinsen til justisministeren, fell bort då spørjaren ikkje
er til stades.
Spørsmål 32, frå representanten
Arne Lyngstad til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren, vil
bli teke opp av representanten Elsa Skarbøvik.
Spørsmål 33, frå representanten
Rolf Reikvam til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren, vil
bli teke opp av representanten Øystein Djupedal.