Stortinget - Møte onsdag den 3. mai 2000 kl. 10

Dato: 03.05.2000

Ordinær spørretime

Presidenten: Det blir ei rekkje endringar i den oppsette spørsmålslista, og presidenten viser i den samanhengen til den oversikta som er omdelt på representantane sine plassar i salen. Presidenten gjer framlegg om at dei føreslåtte endringane i dagens spørjetime blir godkjende. – Presidenten ser det som vedteke.

Endringane var desse:

Spørsmål 1, frå representanten Dag Danielsen til statsministeren, vil bli svara på av utanriksministeren.

Spørsmål 12, frå representanten John I. Alvheim til sosialministeren, vil bli svara på av kommunal- og regionalministeren som rette vedkomande.

Spørsmåla 22, 23 og 24, frå etter tur representantane Tor Nymo, Øyvind Korsberg og Torbjørn Andersen til miljøvernministeren, vil bli svara på av fiskeriministeren på vegner av miljøvernministeren, som er bortreist.

Spørsmål 29, frå representanten Finn Kristian Marthinsen til justisministeren, fell bort då spørjaren ikkje er til stades.

Spørsmål 32, frå representanten Arne Lyngstad til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren, vil bli teke opp av representanten Elsa Skarbøvik.

Spørsmål 33, frå representanten Rolf Reikvam til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren, vil bli teke opp av representanten Øystein Djupedal.

Spørsmål 1

Spørsmål 2

Spørsmål 3

Spørsmål 4

Spørsmål 5

Spørsmål 6

Spørsmål 7

Spørsmål 8

Spørsmål 9

Spørsmål 10

Spørsmål 11

Spørsmål 12

Spørsmål 13

Spørsmål 14

Spørsmål 15

Spørsmål 16

Spørsmål 17

Spørsmål 18

Spørsmål 19

Spørsmål 20

Spørsmål 21

Spørsmål 22

Spørsmål 23

Spørsmål 24

Spørsmål 25

Spørsmål 26

Spørsmål 27

Spørsmål 28

Spørsmål 29

Spørsmål 30

Spørsmål 31

Spørsmål 32

Spørsmål 33