Rolf Reikvam (SV) : Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål
til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Rapporten «Gjeldsslaver
med norsk vitnemål» (Tromsø, april 1999)
viser at utenlandske studenter som har returnert til sine hjemland
etter endt høgre utdanning i Norge, ikke har fått
omgjort sine lån til stipend, men sitter med gjeldsbrev
til Statens lånekasse for Utdanning. Rapportens grunnlag
er studenter fra Ghana. Studentene gikk under den gamle u-landsparagrafen,
før den nye kvoteordningen ble innført.
Vil statsråden ettergi lånene?»
Statsråd Jon Lilletun : Før studieåret 1994-95
kunne studentar frå utviklingsland få støtte
frå Statens lånekasse for Utdanning etter den
såkalla u-landsparagrafen i forskriftene til Lånekassen.
Låna vart gjevne på same vilkår som til
andre studentar. Alle låntakarar måtte skrive under
på eit gjeldsbrev, som m.a. inneheldt opplysningar om tilbakebetaling
av gjelda. Det har ikkje vore eigne føresegner om ettergjeving
av lån som vart gjevne med heimel i u-landsparagrafen.
Desse studentane er omfatta av dei same reglane
som alle andre studentar. Dette inneber at også ordningane med
betalingslette av sosiale og økonomiske grunnar gjeld for
dei. Det vil t.d. seie at dei som har svært låg
inntekt trass i fulltidsarbeid, vil ha rett på rentefritak
og betalingsutsetjing, dersom dei opplyser Lånekassen om
dette.
Systemet med ettergjeving av studielån
for studentar frå utviklingsland vart innført
med kvoteordninga frå studieåret 1994-95. For å få ettergjeve
lånet må studenten vende tilbake til heimlandet
og busetje seg varig der. For studentar som vert verande i Noreg,
gjeld dei same reglane som for andre låntakarar i Lånekassen.
Det er også ein regel om at vedtaket om ettergjeving kan
opphevast dersom studenten igjen buset seg i Noreg før
det er gått ti år etter at gjelda vart ettergjeven.
Eg ser klårt at det er eit problem
at Lånekassen ikkje har heimel for å skrive av
gjelda for studentar som har fått støtte etter
u-landsparagrafen, og som har busett seg varig i heimlandet. Eg
ynskjer å vurdere om det er mogleg å få til
ei liknande ordning for ettergjeving av gjelda for studentar med
støtte etter u-landsparagrafen som vi har for kvotestudentane.
Ei slik avskrivingsordning må i så fall verte
vedteken som ein lekk i budsjetthandsaminga. Eg har derfor bede
Lånekassen om å rekne ut den samla gjelda til studentar
frå utviklingsland som har reist tilbake og busett seg
varig i heimlandet. Når desse tala ligg føre,
vil eg ta stilling til korleis vi skal gå vidare med denne
saka.
Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret, som jeg også er
rimelig godt fornøyd med.
Jeg synes det er bra at det nå er
tatt et initiativ for å få ryddet opp i disse
forholdene. Dette gjelder en begrenset gruppe studenter, og det
er en gruppe som ikke vokser. Snarere tvert imot, det er en gruppe
som blir mindre etter hvert, slik at vi burde kunne klare å rydde opp
i dette forholdet. Den faktiske situasjonen for mange av disse studentene
er at de sitter med gjeldsbrev, og de får inkassokrav.
Det er organisert et system med inkassokrav til disse studentene,
og det er ganske urimelig når disse arbeidstakerne – de
er jo ikke studenter lenger – har en lønn som
er så lav at de ikke har noen sjanse til å betale.
Jeg er derfor glad for at det er satt i gang
et arbeid med sikte på å rydde opp i dette forholdet.
Men jeg skulle nok ønske at statsråden kunne være
helt klar på at dette er urimelig slik det fungerer i dag,
og at han allerede nå kan signalisere klart og tydelig
at dette må vi rydde opp i. Disse lånene må vi
få slettet på en grei og skikkelig måte, slik
at disse arbeidstakerne slipper å få disse inkassokravene
med jevne mellomrom.
Statsråd Jon Lilletun: Då eg vart gjord merksam på denne
saka, trudde eg vel at her burde det vere heimel for å kunne
gjere det som representanten Reikvam no etterlyser. Det viste seg
at det var det ikkje. Derfor må det gjerast eit arbeid.
Min intensjon er heilt klårt den same som representanten
Reikvams, men eg må få oversyn over dimensjonane
og på kva måte ein kan handtere dei.
Den målsetjinga eg arbeider etter,
er at vi raskast mogleg skal kome til Stortinget med eit framlegg
som gjev oss ein heimel til å endre denne litt meiningslause
ordninga med utsending av krav til folk som ikkje i det heile har
moglegheit for å stette krava.
Rolf Reikvam (SV): Jeg er glad for at statsråden vil komme
tilbake igjen til Stortinget med dette. Jeg håper at det
allerede kan skje i høst, som en tilleggssak til statsbudsjettet.
Det må være målet. Jeg vil gjerne at
statsråden bekrefter at målet er at han vil komme
tilbake igjen til dette i høst, for det må jo
være rimelig enkelt å få en oversikt
over disse folkene. Det går an å telle ganske kjapt
hvor mange det er, og så kan man også finne ut hvor
mye lån de har. Så kan man finne ut hvor mye dette koster,
og deretter kan man komme tilbake igjen ganske kjapt. Vanskeligere
er ikke dette.
Jeg vil derfor gjerne be statsråden
bekrefte at han er i stand til, at han tror han er i stand til, å komme
tilbake igjen til dette i løpet av høsten, slik
at vi kan få ryddet opp i det.
Presidenten: Statsråd Jon Lilletun – til
bekreftelsen.
Statsråd Jon Lilletun: Eg registrerer at representanten Reikvam kvar
gong han er oppe på talarstolen og kommenterer svaret,
er rimeleg godt fornøgd, men han vil gjerne gå eit
steg lenger, og då skal faktisk statsråden imøtekome
det og seie at min intensjon er at vi skal klare å kome
tilbake til dette i haust. Men eg håpar òg at
representanten Reikvam har respekt for at dette kan vere noko meir
samansett enn det som representanten Reikvam no gav utrykk for.
Men intensjonen min er den same som intensjonen
til representanten Reikvam.