Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1999 kl. 10

Dato: 17.11.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 23

Ursula Evje (Frp): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«I Sokndal kommune i Rogaland må et barn på 11 år som har en skolevei på tilsammen 12 kilometer med buss, i tillegg gå nesten 4 kilometer til og fra bussen hver dag.

Skal avstand for skoleskyss regnes fra hjemmeadressen til skolen, eller skal avstanden, som blant annet i Sokndal kommune, regnes ut fra et annet tilfeldig valgt geografisk punkt, for eksempel nærmeste bussholdeplass?»

Statsråd Jon Lilletun: Lat meg fyrst presisere at eg ikkje kan ta stilling til den konkrete saka som representanten Ursula Evje refererer til, sidan den kan kome opp som klagesak hjå departementet sin underliggjande instans, Statens utdanningskontor i Rogaland. Eg vil difor kommentere spørsmålet på meir generelt grunnlag.

Opplæringslova § 7-1 seier:

«Elevar i 2.-10. klasse som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss.»

Skulevegen skal reknast frå dør til dør etter farande veg. Grensa på fire kilometer utløyser rett til skyss, men eleven kan vanlegvis ikkje krevje skyss heilt frå heimen. Det kan forventast at eleven må gå ein viss avstand fram til ein oppsamlingsplass.

Kva er så rimeleg gangavstand? Dette må avgjerast på grunnlag av skjøn, der det m.a. vert lagt vekt på alderen til eleven, trafikktryggleiken og kor framkommeleg strekninga er. Det vil t.d. vere urimeleg å leggje til grunn ein gangavstand fram til offentleg kommunikasjon på inntil to kilometer for elevar i 1. klasse/førskulen og inntil fire kilometer for elevar på dei andre klassetrinna. Slike avstandar utløyser nemleg automatisk rett til skyss, og det er ein føresetnad at skysstilbodet skal dekkje størstedelen av samla avstand frå heimen til skulen.

Eg er kjend med at mange fylkeskommunar praktiserer regelverket slik at elevar i 1. klasse/førskulen må gå inntil ein kilometer fram til ein oppsamlingsplass, og at elevar på dei andre klassetrinna må rekne med å gå inntil to kilometer. I utgangspunktet vil nok ein slik praksis liggje innanfor ramma av lova. Eg vil likevel understreke at fylkeskommunen må vurdere om retten til skuleskyss er oppfylt for kvar enkelt sak. Utfordringa ligg i å utøve eit sunt skjøn, slik at folk flest kan ha forståing for konklusjonane.

Eg viser elles til at det som hovudregel er fylkeskommunen som har ansvaret for skuleskyssen i fylket. Kommunen si plikt er å vere med på å finansiere persontaksten. I tillegg legg opplæringslova ansvaret for skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, til kommunen.

Ursula Evje (Frp): Jeg takker for svaret som statsråden gav, og særlig for den utfyllende kommentaren han kom med til § 7-1.

Jeg har nok et spørsmål siden statsråden nekter å kommentere denne konkrete saken fordi den kanskje kan bli en ankesak, særlig på bakgrunn av at kommunens sakkyndige i nyhetssendinger på TV har gått ut og sagt at det foreligger retningslinjer fra fylket til den enkelte kommune som tydeligvis er noe på tvers av de intensjonene komiteen hadde da de lagde denne regelen.

Det som gjør dette forholdet spesielt, er at denne veien allerede trafikkeres av en minibuss for alle andre barn som bor i området, unntatt denne 11-åringen, og det er ledig plass om bord i minibussen. Det må da være helt urimelig at bussen kjører først og eleven går etter!

Statsråd Jon Lilletun: For å vere ryddig forvaltningsmessig må eg nok halde på det prinsippet at ei sak som kan kome til klagebehandling, vil eg ikkje kommentere frå Stortingets talarstol. Men eg skal gje ein generell kommentar til det siste spørsmålet frå representanten Ursula Evje.

Det vil for folk flest verke urimeleg at ein skyss som går den same strekninga og som har plass, ikkje kan ta med ein ekstra elev. Det er klart at ein skal halde seg til det juridiske regelverket, og skulle det kome ein situasjon kor det ikkje er plass, må det vere regelverket som byggjer på lover og forskrifter, som gjeld. Men samstundes har vi – både forvaltning og politikarar – eit ansvar for å utøve skjøn og praksis på ein måte som kan skaffe allmenn aksept. Og der har eg forståing for representanten Evjes synspunkt.

Presidenten: Spørsmål 24 vil bli besvart senere.