Stortinget - Møte onsdag den 25. oktober 2000 kl. 10

Dato: 25.10.2000

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 20

Hallgeir H. Langeland (SV): Eg vil gjerne stilla følgjande spørsmål til olje- og energiministeren:

«Klimagassutsleppa og klimaproblema er aukande. Og me kan nå la vera å bruka mykje energi og tid på diskusjonar om gasskraftverk som likevel ikkje blir bygde. I Noreg finn me om lag 25 000 varmepumpeanlegg. Det er like mange som det årleg blir installert i Sverige. Når me veit at det er eit potensial på om lag 25 TWh, må det nå bli fart i installering av slike anlegg.

Kva har statsråden gjort for å auka bruken av varmepumpeteknologi, eventuelt kan han tenkja seg å påleggja eigarane av Naturkraft å gjera noko?»

Statsråd Olav Akselsen: Eg er einig med representanten Langeland i at me i Noreg har vore for lite flinke til å ta i bruk varmepumper i energiforsyninga. Me har eit stort potensial i å utnytta varmen i berggrunnen og i grunn- og sjøvatn til energiproduksjon. Auka bruk av varmepumper vil ha ein stor enøk-effekt og dermed vera positivt for miljøet, samstundes som det vil kunne jamna ut effektforbruket og medverka til ein meir allsidig og fleksibel energiforsyning.

Slik eg ser det, er det spesielt to moment som har hindra auka bruk av varmepumper. Det eine er låg lønsemd for varmepumper med dagens prisar på elektrisitet. Det andre er tradisjonelle haldningar og mangel på kunnskap hos potensielle brukarar. Dette gjer at vi må møta utfordringane med fleire ulike verkemiddel.

Forsking, informasjon, marknadsføring og økonomisk støtte er hovudelementa i bruken av verkemidla i dag. Me har gode forskingsmiljø på varmepumpeteknologi i Noreg. Det blir satsa både på å forska fram ei meir effektiv og billeg løysing og på bruk av meir miljøvenlege kuldemedium.

Gjennom dei regionale enøksentra og gjennom enøkverksemda som vert driven i statleg regi, i NVE, blir det satsa på å marknadsføra bruk av varmepumper, m.a. gjennom å auka kunnskapen hos sluttbrukarane.

Midlar over statsbudsjettet blir òg nytta til ei ordning for investeringsstøtte til varmeanlegg basert på miljøvennleg energi som bioenergi, utnytting av spillvarme, fjernvarme og varmepumper.

Eit av hovudproblema er, som eg var inne på i stad, låg lønsemd for varmepumper med dagens prisar på elektrisitet og olje. I statsbudsjettet som nettopp er lagt fram, foreslår altså Regjeringa å auka elavgifta og avgifta på fyringsolje. Dette vil gje eit monaleg bidrag for å betra lønsemda for varmepumper og annan miljøvennleg varmeproduksjon, og er derfor eit viktig verkemiddel for å auka utbreiinga av varmepumper i Noreg.

Eg vil òg nemna at Regjeringa har varsla at me ønskjer å oppretta eit eige organ som skal arbeida med effektiv energibruk og auka bruk av miljøvennleg energi. Omorganiseringa skal gje ei meir målretta satsing og m.a. bidra til at me får opp bruken av varmepumper i Noreg.

Hallgeir H. Langeland (SV): Eg takkar for svaret. Eg registrerer at statsråden unngår den siste delen av spørsmålet som er stilt i forhold til Naturkraft, men han vil nok få høve til å komma tilbake til det.

Eit av hovudpoenga frå statsråden er dette med lønnsemd. Og då må det vel òg vera eit poeng når dei statlege selskapa er inne og driv Naturkraft, at lønnsemda i det har vi ennå ikkje sett noko til, trass i at me har brukt titals millionar på å prøva å få gasskraftverk som det ikkje ser ut til å bli noko av, men likevel held ein på, mens ein altså ikkje syter for at det blir ei skikkeleg satsing på varmepumpeteknologi og alternativ fornybar energi. Det er òg litt rart i samband med det at Statkraft faktisk seier at det ikkje er nødvendig å bygga gasskraftverk. Nettopp då må det vera viktig å komma i grep med desse selskapa for å få til ei anna offensiv satsing på området.

Statsråd Olav Akselsen: Eg må vedgå at eg trudde dette var eit spørsmål om varmepumper og ikkje ein avart av diskusjonen om om gasskraft er bra eller ikkje. Eg skal ikkje medverka til å starta den debatten, men likevel slå fast at staten ikkje har brukt noko pengar på å få fram gasskraft. Det er trass i alt private aktørar eller selskap som har gjort det. Og eg reknar med at grunngjevinga for den innsatsen dei har gjort, er at dei trur dei har ei moglegheit til å tena pengar på sikt, og ikkje minst har dei moglegheit til å medverka til å få fram den elektrisiteten som vi treng.

Når det gjeld Naturkraft, må dei på eit eller anna tidspunkt retta seg etter eit kvotesystem. Dette kvotesystemet vil også gjera det lønnsamt å få ein annan og meir effektiv bruk av varmepumper. Så eg reknar med at det systemet på sikt vil komma på plass og vil medverka til at f.eks. gasskraftverk vil vera meir opptatt av å medverka til at ein tar varmepumpeteknologien meir i bruk enn i dag.

Hallgeir H. Langeland (SV): Grunnen til at eg trakk fram Naturkraft, var dette med lønnsemd. Det er riktig som statsråden seier, det er ikkje staten som stat som er inne og taper pengar på Naturkraft, men det er statlege selskap som er inne og taper pengar på det. Og staten ved generalforsamling Akselsen lar dette skje, samtidig som han ikkje syter for å få ei skikkeleg satsing på alternativ fornybar energi og på varmeteknologi.

Nå har store delar av energi- og miljøkomiteen vore ute på VVS-samling på Sjølyst. Bransjen er veldig klar på å få til ein offensiv på varmepumpeteknologi, men saknar fleire incitament frå staten. Og det er her utfordringa ligg for statsråden. Kva vil ein nå konkret gjera utover at ein reduserer budsjettet når det gjeld alternativ fornybar energi, og kva ønskjer ein blir gjort for å få fart i satsinga på varmepumpeteknologi, som faktisk har i seg monalege mengder TWh?

Statsråd Olav Akselsen: Det er altså slik at Noreg har forlate den teorien om at staten styrer best gjennom diktat frå den aktuelle statsråden knytt til dei statlege bedriftene våre. Eg og Langeland er altså einige om at det finst eit uutnytta potensial i Noreg for varmepumper, og at ein i større grad enn i dag bør ta i bruk den teknologien. Men eg vil jo minna om at det er berre vel eit halvt år sidan Stortinget behandla energimeldinga, som tok for seg energibruken i Noreg fram til 2020, og Regjeringa si haldning generelt sett er at me ønskjer å følgja opp det som står i energimeldinga. Det er på ein måte det som er retningslinjene for den politikken me fører på dette området. Og det er altså slik at me no vil foreslå eit nytt organ for å reindyrka tanken om nye fornybare energikjelder, og eg reknar med at me på den måten får ei meir effektiv utnytting av dei midlane som staten brukar på dette området.