Stortinget - Møte onsdag den 2. april 2003 kl. 10

Dato: 02.04.2003

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 2

Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg vil stille følgjande spørsmål til kyrkje- og kulturministeren:

«Under behandlinga av budsjettet hausten 2002 bad Stortinget departementet om å bidra til at direktesendte program i NRK vart teksta, og at teksteprosenten innan 31. desember 2005 skal vere 50 pst. av alle program med norsk tale, både førehandsproduserte og direktesende.

Kan statsråden orientere om kor langt dette arbeidet har kome?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Som allmennkringkastar er det viktig at NRK også har eit tilbod til dei hørselshemma. NRK tekstar i dag i snitt rundt 60 pst. av total sendetid. Å teksta direktesende innslag er vanskeleg og krev avansert teknologi.

NRK har i fleire år samarbeidd med SINTEF om å utvikla ein teknologi som kan gjera om tale til tekst. Frå NRK har eg fått opplyst at SINTEF likevel ikkje ser ut til å kunna levera eit tilfredsstillande system innan 2005.

NRK har difor, saman med TV 2, vore i drøftingar med IBM og firmaet NST på Voss om eit alternativt system. IBM vil ikkje sjølv utvikla ein norsk versjon av sitt system ViaVoice, fordi den norske marknaden er så liten. NST på Voss har på basis av IBM sin teknologi utvikla eit system for bruk innan avgrensa område, men det er framleis ikkje godt nok.

I påvente av eit godt nok tale til tekst-system har NRK i løpet av april klart eit system for teksting frå tastatur betjent av hurtigskrivarar. Systemet vil bli sett i prøvedrift før sommaren. Dette vil kunna gi ei betring for hørselshemma, men vil ikkje vera eit fullgodt system for teksting av debattar og raske ordvekslingar.

Det står att eit omfattande utviklingsarbeid for å oppnå eit kvalitativt godt nok system til dette formålet. Vi vil følgja opp dette arbeidet.

Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg takkar statsråden for svaret. Eg synest det er positivt å registrere at statsråden verka ærleg engasjert i problemstillinga.

I 2001 svarte statsråden i ein replikk til meg at dette var interessant, og at det ville ho følgje opp. No stadfesta ho ein del ting innanfor det teknologiske området som vi eigentleg veit, men vi veit også at m.a. i England har dei kome lenger enn det ser ut til at det ligg til rette for her i Noreg. Så sa ho at det skal vere prøvedrift før sommaren. Vi veit også at dette vil koste midlar.

Kulturministeren har vore krystallklar i lekkasjar om kommuneøkonomien. Eg er så frimodig å minne om at Stortinget i fire punkt har sagt noko veldig klart om teksting, der det også blir sagt at vi ønskjer at det blir sett av statlege midlar til å tilpasse den teknologien som vi har i utlandet, til norske forhold. Då er eg så frimodig å spørje kulturministeren om dette vil bli følgt opp, anten i revidert eller i budsjettet til hausten.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det trur eg spørjaren veit at eg ikkje kjem til å svara på.

Eli Sollied Øveraas (Sp): Det var eit kort og greitt svar. Eg merka meg det at under spontanspørjetimen følgde ho opp tidlegare lovnader innanfor kommuneøkonomien. Men det får vere statsråden sitt val.

Vi har over 600 000 nordmenn som vi karakteriserer som hørselshemma. Eg trur det er mange som imøteser både NRK og statsråden sin medverknad i denne saka. Så langt er vi i alle fall på veg.

Vi veit at blant dei 600 000 er det ei mengd barn som er hørselshemma. Det som eg er gjort kjend med no, er at mange av barneprogramma – det er barne-TV, det er filmar, det er reiseprogram – har gått utan tekst, fordi det vart sett inn ressursar til å tekste andre program. Synest statsråden det er akseptabelt at det er mange tusen ungar som rett og slett får tilbodet sitt redusert? Kan statsråden tenkje seg å ta eit initiativ for å rette opp det som no er blitt negativt for dei ungane?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: At det har skjedd ei dreiing av korleis midlane blir brukte, er for meg ukjent, men det kan eg sjølvsagt ta opp med både NRK-leiinga og TV 2-leiinga dersom det er tilfellet. Eg synest heller ikkje det er ei bra dreiing dersom ein bevisst har brukt meir pengar på vaksenprogram framfor på barneprogram.

Elles vil eg gjerne understreka at vi følgjer dette opp. Vi har kome noko kort i forhold til teknologien, men det er ikkje det same som at vi gir opp. Vi reknar med at vi her òg får gode teknologiske løysingar på sikt. Det er viktig at det vi då gjer til slutt, blir av god kvalitet, i staden for at vi får halvgode løysingar.