Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg vil stille følgjande spørsmål
til kyrkje- og kulturministeren:
«Under behandlinga av budsjettet hausten
2002 bad Stortinget departementet om å bidra til at direktesendte program
i NRK vart teksta, og at teksteprosenten innan 31. desember 2005
skal vere 50 pst. av alle program med norsk
tale, både førehandsproduserte og direktesende.
Kan statsråden orientere om kor langt
dette arbeidet har kome?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Som allmennkringkastar er det viktig at NRK også har
eit tilbod til dei hørselshemma. NRK tekstar i dag i snitt
rundt 60 pst. av total sendetid. Å teksta direktesende
innslag er vanskeleg og krev avansert teknologi.
NRK har i fleire år samarbeidd med
SINTEF om å utvikla ein teknologi som
kan gjera om tale til tekst. Frå NRK har eg fått
opplyst at SINTEF likevel ikkje ser ut til å kunna
levera eit tilfredsstillande system innan 2005.
NRK har difor, saman med TV 2, vore
i drøftingar med IBM og firmaet NST på Voss om
eit alternativt system. IBM vil ikkje sjølv utvikla
ein norsk versjon av sitt system ViaVoice, fordi den norske
marknaden er så liten. NST på Voss har på basis
av IBM sin teknologi utvikla eit system for
bruk innan avgrensa område, men det er framleis ikkje
godt nok.
I påvente av eit godt nok tale
til tekst-system har NRK i løpet av april klart eit system
for teksting frå tastatur betjent av hurtigskrivarar. Systemet
vil bli sett i prøvedrift før sommaren. Dette
vil kunna gi ei betring for hørselshemma, men vil ikkje vera
eit fullgodt system for teksting av debattar og raske
ordvekslingar.
Det står att eit omfattande utviklingsarbeid
for å oppnå eit kvalitativt godt nok system til
dette formålet. Vi vil følgja opp dette arbeidet.
Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg takkar statsråden for svaret. Eg
synest det er positivt å registrere
at statsråden verka ærleg engasjert i problemstillinga.
I 2001 svarte statsråden i ein replikk
til meg at dette var interessant, og at det ville ho følgje
opp. No stadfesta ho ein del ting innanfor det
teknologiske området som vi eigentleg veit, men vi veit også at
m.a. i England har dei kome lenger enn det ser ut til
at det ligg til rette for her i Noreg. Så sa ho at det
skal vere prøvedrift før sommaren. Vi
veit også at dette vil koste midlar.
Kulturministeren har vore krystallklar
i lekkasjar om kommuneøkonomien. Eg er så frimodig å minne
om at Stortinget i fire punkt har sagt noko
veldig klart om teksting, der det også blir
sagt at vi ønskjer at det blir sett av statlege midlar
til å tilpasse den teknologien
som vi har i utlandet, til norske forhold. Då er
eg så frimodig å spørje kulturministeren
om dette vil bli følgt opp, anten i revidert eller
i budsjettet til hausten.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det trur eg spørjaren veit at eg ikkje
kjem til å svara på.
Eli Sollied Øveraas (Sp): Det var eit kort og greitt svar. Eg merka meg
det at under spontanspørjetimen følgde ho opp
tidlegare lovnader innanfor kommuneøkonomien.
Men det får vere statsråden sitt val.
Vi har over 600 000 nordmenn
som vi karakteriserer som hørselshemma. Eg trur det er
mange som imøteser både NRK og statsråden
sin medverknad i denne saka. Så langt er vi i alle
fall på veg.
Vi veit at blant dei 600 000 er det
ei mengd barn som er hørselshemma. Det som eg er gjort
kjend med no, er at mange av barneprogramma – det er barne-TV,
det er filmar, det er reiseprogram – har gått utan
tekst, fordi det vart sett inn ressursar til å tekste andre
program. Synest statsråden det er akseptabelt at det er
mange tusen ungar som rett og slett får tilbodet sitt redusert?
Kan statsråden tenkje seg å ta eit initiativ
for å rette opp det som no er blitt negativt for dei ungane?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: At det har skjedd ei dreiing av korleis midlane
blir brukte, er for meg ukjent, men det kan eg sjølvsagt
ta opp med både NRK-leiinga og TV 2-leiinga
dersom det er tilfellet. Eg synest heller ikkje det er
ei bra dreiing dersom ein bevisst har brukt meir pengar på vaksenprogram
framfor på barneprogram.
Elles vil eg gjerne understreka at
vi følgjer dette opp. Vi har kome noko
kort i forhold til teknologien, men det er ikkje det same
som at vi gir opp. Vi reknar med at vi her òg får gode
teknologiske løysingar på sikt. Det er viktig
at det vi då gjer til slutt, blir av god kvalitet, i staden
for at vi får halvgode løysingar.