Stortinget - Møte onsdag den 22. oktober 2003 kl. 10

Dato: 22.10.2003

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 3

Sigrun Eng (A): «Når nokon døyr, kontaktar dei fleste eit gravferdsbyrå som tek seg av det praktiske. Dei gir òg etterlatne eit hefte ifrå Sosial- og helsedepartementet: «Når ein av våre nærmaste døyr». Der står følgjande: «Dersom den døde er blitt kremert, skal urna med oske setjast i jorda seinast seks månader etter dødsfallet.» Dei fleste som opplever dødsfall, ønskjer å få sett urna ned så fort som råd, og få ein plass å gå til.

Kvifor får ein ikkje opplyst noko om kor lang tid det tek før urna er klar?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Etter § 10 tredje ledd i gravferdslova av 7. juni 1996 skal kremasjon skje seinast åtte dagar etter dødsfallet. Normalt vil det liggja til rette for at oskeurna kan setjast i jorda få dagar etter kremasjonen. Kor lang tid ein må venta, kan m.a. vera avhengig av om urna skal gravleggjast i nærleiken av krematoriet, eller om ho skal setjast ned på ein kyrkjegard ein annan stad i landet.

Fristen på seks månader, som vi finn i gravferdslova § 12 andre ledd, er sett av omsyn til dei etterlatne. Meininga er at dei skal få god tid til å områ seg dersom dei skulle vera i tvil om t.d. val av kyrkjegard. Det er ikkje meininga med lova å oppmoda dei etterlatne til å venta lengst mogleg.

Eg vil ta kontakt med Sosialdepartementet og be dei vurdera om det i samband med ein eventuell revisjon av det aktuelle heftet kan vera grunn til også å opplysa om at ein ikkje bør venta lenger enn naudsynt med gravlegginga.

Sigrun Eng (A): Eg takkar statsråden for svaret.

I same brosjyren står det: «Kremeringa skjer som regel nokre dagar etter bisetjinga,» slik som statsråden var inne på. Nettopp av den grunnen er det ei unødvendig ventetid for dei etterlatne, som får opplyst at det kanskje kan ta lang tid, og at det vanlege er éin til tre månader. Ein får sjeldan beskjed om at urna er ferdig før ein etterlyser ho. Prøver ein då, som nærmaste pårørande, å få tak i urna, er svaret: Nei, du kan ikkje hente ho dersom du ikkje har nedsetjinga klar i dag. Urna skal sendast i posten, og det er kommunen som skal ta vare på ho.

Synest statsråden denne praksisen er å vise medkjensle med dei sørgjande?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:   Beskrivinga som representanten gir, er heilt ukjend for meg. Men eg vil ta med meg dei signala som representanten gir, i samtale med Sosialdepartementet om heftet.

Dette seksmånaderstidspunktet i heftet er for at dei etterlatne skal få tid til å områ seg dersom dei er i tvil. Men som eg no oppfatta spørsmålet – det var litt vanskeleg å veta korleis eg skulla oppfatta det – går det på at dei attlevande ikkje får gjort det fort nok. Eg skal ta med dei signala og gi dei vidare til dei rette instansane.

Sigrun Eng (A): Eg takkar statsråden for svaret.

For eit par år sidan lempa Stortinget på lovverket, slik at oska etter den døde kunne spreiast «for vinden», som det står. Korleis er da reglane for utlevering av urna, for da er det jo berre familien som er til stades? Er det pakkepost da òg?

Sorgreaksjonane er individuelle. Vi er såre når dei kjem. Vi lever på tidsfristar heile livet, og mitt siste spørsmål til statsråden blir: Kunne statsråden medverke til at gravferdsbyrået, krematoria og òg kyrkjekontora i kommunane får klarare reglar – for det er kanskje tolkinga det står på – for frist for når urna skal vere ferdig? Mitt forslag er 14 dagar for dei som ønskjer at det skal gå fort, og som har gjort vurderingane på førehand.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg håpar representanten forstår at det er litt vanskeleg for meg å ha detaljkunnskap om kva som skjer i kvart enkelt tilfelle. Eg trur òg representanten veit at det her er andre instansar enn departementet som styrer. Men igjen: Eg vil ta med meg signala.

Eg veit at når det gjeld å spreia oska for vinden, er det snakk om søknader som tar noko tid. Men korleis urna blir overlevert, veit ikkje eg som fagstatsråd i Kultur- og kyrkjedepartementet. Men som sagt, eg skal ta med meg signala frå representanten og ta dette opp med dei rette instansane og høyra korleis praksisen er, og kva vi eventuelt kan gjera. Og eg er heilt einig med representanten i at det er dei attlevande det skal takast omsyn til. Det må òg bli gjort i det etterarbeidet som må følgje.