Stortinget - Møte onsdag den 28. april 2004 kl. 10

Dato: 27.04.2004

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 7

Ranveig Frøiland (A) [11:37:42]: Eg skal få stilla følgjande spørsmål til justisministeren:

«Ifølgje Bergens Tidende 28. mars d.å. leverte ein butikkeigar både tjuv og bevismateriale på politistasjonen i Sogndal. Politiet var ikkje interessert.

Meiner statsråden at det er riktig reaksjon frå politiet?»

Statsråd Odd Einar Dørum [11:38:02]: Gjennom Politidirektoratet har jeg innhentet følgende opplysninger i saken:

«Fredag 19. mars 2004 ca. kl. 1700 melde ein butikkeigar i Sogningen Storsenter om tjuveri i butikken. Meldinga vart gjeven av ein annan person på vegne av butikkeigaren. Personen som dei tilsette i butikken trudde var gjerningsmannen var teken hand om, og var framleis i butikken. Meldinga var motteken av operasjonssentralen i Florø. På dette tidspunktet var det ikkje tenestemenn på ordinær teneste i Sogndal. Tenestemannen på operasjonssentralen vurderte at det ikkje var grunnlag for å kalle mannskap ut på overtid. Det vart avtalt at butikkeigaren skulle levere melding om tjuveriet på Sognal politistasjon måndag 22.3.04. Meldaren vart deretter sett telefonisk over til ein av tenestemennene som hadde vaktteneste i distriktet. Meldar var samd i at det vart gjeve formell melding til politiet påfølgjande måndag. Det vart ikkje gjort noko avtale om at butikkeigaren skulle ha med den mistenkte. Måndag 22. mars 2004 møtte butikkeigaren med den mistenkte på Sogndal politistasjon. Butikkeigaren forklarte at det var teke fleire varer frå kjøpesenteret, men at mistenkte var teken på fersk gjerning med berre ein gjenstand i lomma. Denne gjenstanden var ein svamp til kr. 29,50. Dette var den einaste gjenstanden butikkeigaren var sikker på at den mistenkte hadde teke. Butikkeigaren trudde at mistenkte hadde teke meir både frå hans butikk og andre butikkar på senteret, utan at han kunne gjere nærare greie for mistanken. Tenestemann tok imot og registrerte meldinga om butikktjuveri frå butikkeigaren. Han tok og imot bevismaterialet, som var bilete frå senteret sine overvakingskamera. Desse bileta vart lagt ved saka. Butikkeigaren vart orientert om at den mistenkte ville bli kalla inn til avhøyr ved eit seinare høve. Den mistenkte er asylsøkjar og kjend av politiet i Sogndal frå tidlegare. Grunnen til at politiet ikkje kunne avhøyre han straks, var at han ikkje snakka norsk og svært dårleg engelsk. Politiet hadde ikkje tolk til stades. I tillegg ville politiet førebu avhøyret noko meir, fordi dei hadde nokre andre saker dei ville avhøyre han om samstundes. Måndag 5. april 2004 vart den mistenkte avhøyrd med hjelp av tolk. Saka er framleis under etterforsking.»

Jeg har ingen håndtering av denne saken på bakgrunn av redegjørelsen fra Politidirektoratet. Jeg kan imidlertid opplyse at strafferammen for naskeri ble hevet etter forslag fra meg, for å muliggjøre at butikkansatte eller vektere kunne pågripe naskere og så varsle politiet. Denne lovendringen ble vedtatt mot stemmene til Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Ranveig Frøiland (A) [11:40:26]: Det er klårt at det er ulike omstende som gjer at politiet ikkje kan gjera ting med ein gong. Det forstår eg. Men når lensmann Borlaug seier til Bergens Tidende at dei ikkje alltid kan forklåra det offentlege kvifor dei gjer dei vala dei gjer, reagerer eg. Dersom ein ikkje kan fortelja det offentlege kva ein gjer, og kvifor ein gjer det, skapar ein ikkje den tilliten som det er heilt nødvendig å ha mellom politiet og befolkninga.

At dette er ein liten bagatell både i sak og i kva som er stole, er litt underordna. Men det skal vera slik at når ein som det er stole frå, går til politiet, skal politiet ta det på alvor. Det er ein heilt avhengig av for tilliten sin del.

Statsråd Odd Einar Dørum [11:41:21]: Jeg er selvfølgelig helt enig med representanten når det gjelder den siste setningen som ble ytret. Siden representanten tar opp spørsmålet, har hun selvfølgelig krav på et skikkelig svar.

Jeg har gitt denne redegjørelsen på bakgrunn av informasjon som jeg har fått fra Politidirektoratet, som selvfølgelig bygger på lokal informasjon. Det er handlet på den måten jeg gjorde rede for, slik at man har reagert i forhold til saken. Man har forholdt seg til den som var ansvarlig, altså butikkeieren, og man har fulgt opp saken. Det som er et tilleggspoeng, og som jeg ikke skal gjøre noe stort politisk nummer av, er at jeg i sin tid mente – og jeg mener fortsatt – at det var rett å skjerpe straffebestemmelsene for naskeri, og at man kunne reagere med det som heter borgerarrest. Det gjorde det mulig for butikkeieren å gjøre det han gjorde i dette tilfellet. Han opptrådte i samsvar med loven. Så langt jeg kan skjønne, ble han også mottatt av politiet på en riktig måte, og saken er fulgt opp.

Men representanten og jeg er enige om én ting, og det er at det er helt grunnleggende at man forstår hvordan politiet opptrer. Derfor har jeg også tatt initiativ til at politimestrene skal ha møte med ordførerne i de ulike kommuner i sitt distrikt for å diskutere hvordan kommunikasjonen generelt er mellom befolkningen og politiet.

Ranveig Frøiland (A) [11:42:29]: Det er eit bra initiativ, som eg vil støtta, for det er utruleg viktig at ein har den nødvendige tilliten.

Etter opplysingar frå lokalt hald hadde butikkeigaren inntil i går ikkje høyrt noko frå politiets side. Det er sjølvsagt ikkje heilt bra, det heller. Når ein begynner på ei slik sakshandsaming, skal sjølvsagt butikkeigaren òg få informasjon om dette.

Saka er som sagt ikkje den største. Men det er viktig at dei som skal bruka politiet, anten ein har vorte naska frå eller ein naskar, har den nødvendige tilliten til politiet. Det er utruleg viktig. Eg støttar statsråden i det siste initiativet som han sa han hadde teke i forhold til både kommune og politi, for sjølv om det er ei lita sak, er det veldig viktig i mange lokalsamfunn.

Statsråd Odd Einar Dørum [11:43:20]: Jeg er klar over at det som kan være en liten sak ett sted, alltid er en stor sak for den det gjelder. Slik er det jo. Det går på forholdet til rettsstaten. Det var grunnen til at jeg i sin tid faktisk fremmet den lovendringen som gjorde at man der og da kunne reagere overfor naskeri.

Jeg har fått en redegjørelse som etter min mening forklarer at politiet har reagert på en dekkende måte. Men representanten og jeg er enige om at det er svært viktig at kontakten er god lokalt. Etter besøk bl.a. i Sogn og Fjordane politidistrikt vet jeg at de legger vekt på det. Jeg har som en oppfølging av det politiet har gjort tidligere, nettopp understreket denne kontakten mellom ledelsen i et politidistrikt og lokale ordførere. Det er jo slik at det som skal på bordet, kommer på bordet. Jeg vil sitere min avdøde svigermor, som hadde et gyllent prinsipp. Hun sa: apb – alt på bordet. Representanten og jeg deler dette synspunktet.