Stortinget - Møte onsdag den 26. mai 2004 kl. 10

Dato: 26.05.2004

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 8

Steinar Bastesen (Kp) [11:54:58]: Jeg har et spørsmål til kultur- og kirkeministeren:

«Det er framkommet mange forslag til hvordan man kan gjøre seg bruk av kirkebyggene. Det har vært vist til at mange av kirkebyggene har påtrengende behov for vedlikehold og oppussing, noe det ikke finnes økonomi for i kommunene. Det har også kommet forslag om å gjøre om kirkene til hotell og moskeer.

Hvordan ser statsråden på forslagene om å omgjøre kirkebyggene til bruk for kremmere og konkurrerende religioner?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [11:55:37]: Den siste tida har det vore ein offentleg debatt om alternativ bruk av kyrkjebygg og kva for formål ei nedlagd kyrkje i tilfelle skal kunna brukast til. Denne debatten har bakgrunn i at mange av kyrkjene våre vart bygde og plasserte då vi hadde ein annan infrastruktur enn vi har i dag, og i at dei ligg langt vekk frå der folk bur. Ein annan grunn for debatten er at mange av kyrkjene våre er i dårleg stand.

Som vi veit, er alle kyrkjer vigsla til sitt formål. Dersom ei kyrkje skal nedleggjast som kyrkje, må departementet treffa vedtak om det. Men det er kyrkjeeigaren sjølv som må ta initiativ til nedlegging. Og fordi det er kyrkjelydane i Den norske kyrkja som eig kyrkjene, vil ein diskusjon om nedlegging og alternativ bruk i fyrste rekkje vera eit spørsmål Kyrkja sjølv må vurdera. Departementet vil ikkje ta noko initiativ for nedlegging eller alternativ bruk av kyrkjer.

Under spontanspørjetimen i Stortinget 5. mai i år fekk statsministeren eit liknande spørsmål som det eg no har fått. I svaret peika statsministeren på at han hadde tillit til at Kyrkja var i stand til å vurdera slike saker sjølv. Det same meiner eg, men eg kan gjerne leggja til at eg ser verken hotell eller moské som eit naturleg bruksformål for ei nedlagd kyrkje.

Debatten som er reist om alternativ bruk av kyrkjer, rører ved kjenslene våre. Det er heilt naturleg at dette engasjerer oss. Men i debatten kan ein av og til få inntrykk av at det i det siste har oppstått ein situasjon der ei rekkje kyrkjer er aktuelle for nedlegging. Det er jo slett ikkje tilfellet, og eg trur ikkje ein slik situasjon vil koma heller. Ein stor og brei debatt om bruk av nedlagde kyrkjer blir dermed nesten ein hypotetisk debatt. Dersom departementet får til handsaming ei sak om nedlegging av ei kyrkje, vil eg vurdera denne konkret. Og eg vil som sagt vera svært lydhør for kva kyrkjeeigaren sjølv meiner.

Eg er veldig glad for det engasjementet både representanten Bastesen og andre har vist for kyrkjebygga våre. Men fokuseringa i denne saka bør vera dei utfordringane vi har i dag med omsyn til å halda kyrkjene våre ved like. Det er ein viktig debatt, som vi elles vil få høve til å koma tilbake til under ein interpellasjonsdebatt her i Stortinget.

Steinar Bastesen (Kp) [11:58:17]: Kirkene var jo tidligere meget rike. De hadde store landområder, som var tilknyttet kirkene. Vi hadde folk som ivaretok disse interessene. De er borte, og landområdene er lagt under Opplysningsvesenets fond. Kan det være aktuelt å bruke Opplysningsvesenets fond for å vedlikeholde kirkene i større grad?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [11:58:52]: Opplysningsvesenets fond forvaltar dei ressursane som ligg der. Det er nokre som seier at berre vi brukar midlar frå Opplysningvesenets fond, kan vi ta vare på alle kyrkjene våre med ein gong. Men heile avkastninga av dette fondet blir brukt til kyrkjelege formål i dag. Noko blir brukt til ungdomsarbeid og tiltak som Kyrkjerådet set i verk. Noko blir òg brukt til vedlikehald av prestegardane, både husa og eigedomar rundt prestegardane. Så alt i dag går avkastninga av fondet til å ta vare på kyrkjeeigedomane våre.

No har vi òg vedteke i Stortinget at vi ikkje skal tappa fondet for midlar. Det trur eg òg er viktig for dette fondet. Men eg får i debatten av og til inntrykk av at ein trur at det er veldig mykje meir i dette fondet enn det eigentleg er. Vi brukar som sagt heile avkastninga, og vi brukar ho til kyrkjelege formål.

Steinar Bastesen (Kp) [11:59:53]: Jeg takker for svaret – og jeg glemte vel å takke for det første svaret. Nå gjør jeg det hermed for begge.

Det har vært flere oppslag om manglende vedlikehold av gudshusene. Vil statsråden vurdere om staten kan ta over ansvaret for gudshusene, slik staten bl.a. gjorde med sykehusene i forbindelse med sykehusreformen?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [12:00:20]: No trur ikkje eg at det er rette vegen å gå at staten skal ta over ansvaret for alle utfordringar som vi har i samfunnet.

Eg trur at kommunane og dei som lever nærast kyrkjene våre, er dei næraste til også å kunna ta vare på dei. Vi veit at det er kyrkjelydane og fellesråda som eig kyrkjene, men at det er kommunane som har ansvaret for vedlikehaldet. Vi veit òg at kommunane heller ikkje i gode tider gjorde den jobben godt nok, slik at vi no har eit etterslep. Ein del av kyrkjebygningane våre kjem òg inn under kulturminnevernet. Vi kjem tilbake til Stortinget med det i ei stortingsmelding frå miljøvernministeren, der òg kyrkjebygningane våre vil bli vurderte.

Elles trur eg at eg vil visa til interpellasjonen som vi skal ha i Stortinget ein gong før Stortinget går frå kvarandre i vår. Der kan vi ta denne debatten opp i full breidd. Det er mange måtar å løysa dette på, men eg meiner at det ikkje er ei god løysing at staten tek over alt ansvaret.