Stortinget - Møte onsdag den 13. oktober 2004 kl. 10

Dato: 13.10.2004

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 17

Inger S. Enger (Sp) [12:45:35]: «Stortinget vedtok i mai en ny rovviltpolitikk. Landet blei delt inn i rovviltregioner, og det blei fastsatt bestandsmål og nye retningslinjer for utøvelse av politikken. Rovviltforvaltningen i løpet av årets beitesesong har på mange måter falt midt mellom det gamle og det nye forvaltningsregimet. Det har vært uklart hva som har vært gjeldende politikk.

Hvordan vil statsråden gjøre rovviltforvaltningen klarere og tydeligere fram til de nye rovviltnemndene er kommet i arbeid?»

Statsråd Knut Arild Hareide [12:46:09]: Stortinget fastsette ved behandlinga av St.meld. nr. 15 for 2003-2004, Rovvilt i norsk natur, jf Innst. S. nr. 174 for 2003-2004, rammene for ein ny rovviltpolitikk. Stortinget la til grunn at det skal opprettast åtte regionale rovviltnemnder som skal ha hovudansvaret for forvaltninga av rovvilt i kvar sin region. Nemndene skal oppnemnast av Miljøverndepartementet blant representantar frå fylkeskommunane og Sametinget. Eg har følgt opp dette gjennom brev av 23. juni i år, der Miljøverndepartementet ber fylkeskommunane, Oslo kommune og Sametinget foreslå kandidatar til dei respektive regionale rovviltnemndene.

I eit utkast til forskrift om forvaltning av rovvilt som vart sendt på høyring den 14. september i år, er mandat, oppgåver, ansvar og verketida for dei regionale nemndene nærare konkretiserte. Departementet foreslår at nemndene får ansvaret for å utarbeida ein forvaltningsplan for rovvilt, ansvaret for førebyggjande og konfliktdempande virkemiddel i regionen og ansvaret for dei ulike jakt- og fellingsregima for rovvilt i regionen innanfor ramma av fastsette bestandsmål for kvar art, alt i tråd med Stortinget sine føringar.

Eg er av den oppfatninga at det ikkje er noko uklart i kva som er gjeldande rovviltpolitikk. Forvaltninga har etter behandlinga av rovviltmeldinga lagt til grunn at Stortinget har fastsett nasjonale bestandsmål for alle artane. Når det gjeld ulv, har Stortinget òg fastsett eit nytt forvaltningsområde for ynglande ulv. Dei nye nasjonale bestandsmåla og det nye forvaltningsområdet vart gjeldande frå den dagen det vart fastsett i Stortinget. Elles vil dagens organisering og ansvar gjelde inntil ny forvaltning med ny forvaltningsforskrift er på plass 1. april 2005.

Eg har merka meg at fleire grupperingar har ønskt å fella ulv på Koppangskjølen denne sommaren. Eg vil da minna om at det vil bli opna for lisensjakt på ulv i dette området til vinteren dersom tilhøva ligg til rette for det. Det er lisensjakt vinterstid som skal vera det viktigaste verkemiddelet for å bringa forvaltninga av ulv i dette området i samsvar med Stortinget sine føringar.

Skadefellingar på barmark i beitesesongen skal berre nyttast der ytterlegare skadar ikkje kan førebyggjast gjennom tiltak for å verna beitedyra. Eg har gjennom behandlinga av ei klagesak frå Rendalen kommune nyleg gitt løyve til felling av ein ulv i nærleik til innmark. Årsaka til dette er at dei auka tapa i dette området ikkje kunna førebyggjast på anna vis.

Det er mi von at alle no samlar seg om det breie forliket som var i Stortinget om ny rovviltpolitikk. Dette forliket vil framover gi ein politikk med lokal forankring og betre motivasjon for iverksetjing av førebyggjande tiltak, og dempa konfliktar.

Inger S. Enger (Sp) [12:49:18]: Jeg vil takke statsråden for svaret. Det er ikke noe å si på gjennomgangen av teorien når det gjelder rovdyrpolitikken, men det er praksisen som har vært sviktende i løpet av sommeren. Nå nevnte statsråden sjøl at det var kommet en fellingstillatelse. Men den kom lovlig seint og nærmest i form av nødvergerett.

Rovviltforliket i Stortinget skulle redusere ulvebelastningen i store deler av Hedmark. Men det folk har opplevd, er det motsatte. Det er en større rovviltbelastning. Det går på tilliten løs, og folk i Hedmark lurer nå på hvem som egentlig styrer utforminga av politikken. Mitt spørsmål blir derfor: Hvem er det som egentlig har utforma, og som har ansvaret for, den praktiske politikken nå i denne mellomperioden fram til nemndene skal begynne å virke?

Statsråd Knut Arild Hareide [12:50:16]: Det er slik at rovviltområdet er eit vanskeleg område. Frå dag ein, da Stortinget vedtok dette, har me lagt til grunn eit ønske om i størst mogleg grad å følgja opp Stortinget sine intensjonar. Det er gjort eit breitt forlik. Stortinget har lagt denne saka bak seg. Men det er òg riktig at lisensjakt på vinterstid har vore hovudverkemiddelet for å leggja til rette for den politikken som Stortinget har vedteke.

Eg hadde i sommar til vurdering ei moglegheit. Eg fann ut at det ikkje var grunnlag for den moglegheita på det tidspunktet. Så har det skjedd fleire ting som har gjort det nødvendig, og eg gav altså fredag i førre veke løyve til felling av ulv for å følgja opp Stortinget sine intensjonar.

Inger S. Enger (Sp) [12:51:12]: Jeg vil igjen takke for svaret.

Jeg er vel kjent med at det sist fredag ble vedtatt en fellingstillatelse. Men det drøyde veldig lenge før den kom.

Allerede i mai vedtok vi en ny rovviltpolitikk, så det er nå viktig at forvaltningssystemet i de regionale rovviltnemndene kommer i arbeid fra 1. april. Dette koster penger. Det er altså slik at midlene til rovdyrforvaltningen ikke har økt i forslaget til statsbudsjettet. Jeg har hørt at det følger 9 000 kr med den fellingstillatelsen som ble tildelt på Koppangkjølen nå sist fredag. Men det holder faktisk ikke til å ha halve jaktlaget ute i mer enn én dag. Det er derfor utrolig at det ikke blir plusset på mer penger for å få den nye rovviltforvaltninga opp å stå, for å bruke det uttrykket.

Hvordan vil statsråden forklare sammenhengen i dette problemområdet?

Statsråd Knut Arild Hareide [12:52:21]: Som representanten Enger òg legg vekt på, ligg vi i rute i forhold til å nå fristen 1. april 2005. Departementet gjer alt for å følgja opp dette på best mogleg måte.

I høve til spørsmålet om økonomi er det m.a. mogleg å søkja fylkesmannen om økonomisk støtte. I forhold til det fellingsløyvet me no har gitt, kan ein altså søkja fylkesmannen om økonomisk bidrag på inntil 10 000 kr til dekking av direkte kostnader i samband med fellingsforsøket. Dette gjeld i utgangspunktet òg her, og kommunane står fritt til å søkja fylkesmannen om slike midlar. Fylkesmannen vil sjølvsagt behandla ein slik søknad på ordinær måte.

Presidenten: Dermed er vi ferdig med sak nr. 1.