Presidenten: Dette spørsmålet,
fra representanten Per Roar Bredvold til kultur- og kirkeministeren,
blir tatt opp av representanten Johnny Hult.
Johnny Hult (FrP) [11:29:25]: Jeg tillater meg å stille følgende
spørsmål til kultur- og kirkeministeren:
«I forbindelse med bygging av dokumentasjons-
og formidlingssenteret for romanifolkets kultur og historie ved
Glomdalsmuseet i Elverum skal det kjøpes inn kunst/utsmykking
i henhold til statens regelverk.
Synes ikke statsråden man
i dette spesielle prosjektet kunne gi dispensasjon fra regelen,
slik at midlene heller ble brukt til innkjøp til utstillingen
for og med dem som utstillingen skal representere, for dermed å kunne vise deres
historie på et enda videre
område?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [11:29:45]: Utsmykking av offentlege bygg gir folk flest høve
til å oppleva kunst i nærmiljøet. Utsmykkingsfondet
for offentlege bygg, som er statens fagorgan
for kunst i offentlege rom, har i løpet av dei 27 åra
fondet har verka, tilført samfunnet store verdiar i form
av kunstverk i byar og distrikt over heile landet.
Den noverande utsmykkingsordninga for statlege bygg,
som byggjeprosjektet ved Glomdalsmuseet fell inn under, vart innført
i 1998, og ho har medverka til at meir enn 50 utsmykkingsprosjekt
har blitt realiserte i løpet av dei siste seks åra.
Dette har resultert i over 400 kunstverk under denne ordninga.
Ordninga sikrar at midlar til utsmykking automatisk blir innarbeidde
i kostnadsramma til det enkelte statlege byggjeprosjektet, både
ved nybygg og ombyggingar, og syter for at kunst blir ein naturleg del
av offentlege bygg og rom.
Spørsmålet om utsmykking
av kunstmuseum og kulturbygg kjem opp til diskusjon med jamne mellomrom. Behovet
for utsmykking av kunstmuseum vart drøfta av Kultur- og
kyrkjedepartementet og Utsmykkingsfondet i samband med den evalueringa
som er gjennomført av Utsmykkingsfondet for statlege bygg.
Det kan kanskje vera freistande å vurdera
alternativ bruk av midlar som er avsette til utsmykking, ettersom
det kan hevdast at museet sjølv disponerer objekt
som kan dekkja dette behovet, eller at ein rett og slett
nyttar utsmykkingsmidlar til å utvida og styrkja eit avgrensa
utstillingsbudsjett. Etter mitt syn vil vi – med
ein slik alternativ bruk av midlane – risikera å svekkja
den noverande utsmykkingsordninga for statlege bygg. Dette er ei
ordning vi har positive røynsler med, og som Kultur- og
kyrkjedepartementet har tilrådd blir ført vidare etter
dagens modell.
Utsmykkingsfondet har for tida fleire
svært profilerte kulturbygg der utsmykking inngår,
som Nobels Fredssenter, Eidsvoll 1814 – Rikspolitisk senter
og Villa Grande. Desse tre utsmykkingsprosjekta har vist seg å vera gode
prosessar med positiv brukarmedverknad.
Leiinga ved Glomdalsmuseet vil ha eit sjølvstendig ansvar både
fagleg og budsjettmessig når det gjeld dokumentasjon og
formidling av romanifolkets kultur og historie. Dette inngår
i kjerneverksemda ved museet og må ivaretakast
på best mogleg måte.
I slike kulturbygg som Glomdalsmuseet bør
ein i tillegg opna for eit samspel mellom museets
kjerneområde, utstillinga og utsmykkinga, slik at formidlinga
av kulturen til romanifolket blir ytterlegare forsterka.
Ei vellykka utsmykking som blir utarbeidd i
samråd med brukarane, vil kunna utdjupa funksjonen til
museet og gjera bodskapen i utstillinga tydelegare. Eg
håper at ein vil oppnå dette ved utsmykkinga av
Glomdalsmuseet.
Johnny Hult (FrP) [11:32:45]: Jeg takker for svaret. Det høres umiddelbart
veldig positivt ut.
Romanifolket har jo egne kunsthåndverkere,
skulptører og kunstmalere som er anerkjente, kanskje ikke
i den grad at de er representert her, men i hvert fall såpass
dyktige at det fint skulle kunne gå an å smykke
ut det museet.
Jeg håper det blir slik som ministeren
sier, at man her kan inngå et samarbeid
og søke å finne løsninger som gjør
at de kunstnerne som her blir representert, er en del av romanifolket – ikke
nødvendigvis som en del av utstillingen, men at de kommer
fra romanifolkets kultur med hensyn til kunst.
Presidenten: Ønsker statsråden en kommentar?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland [11:33:25]: Eg har ikkje noko anna å leggja
til enn at eg òg vonar at det skal verta eit god samarbeid.
Det gjeld alle desse bygga.
Men når det gjeld det å gå utanom
regelverket, trur eg at dei fleste bygg vil finna ein eller
annan grunn for at dei òg skal gå utanom
regelverket, og då vil vi altså svekkja heile ideen
med eit utsmykkingsfond og det som automatisk ligg innarbeidd i
budsjetta. Så eg vonar at vi skal komma fram til ei god
løysing, slik at det blir eit flott museum for alle, og
sjølvsagt også for dei som er mest involverte.