Hans Frode Kielland Asmyhr
(FrP) [13:25:57]: Jeg har følgende spørsmål
til samferdselsministeren:
«Mange pendlere i Akershus ønsker å benytte
seg av AS Gardermobanens avganger for å komme raskere og enklere
til og fra arbeid i Oslo. NSBs avganger er svært fulle
i rushtiden, samtidig som Gardermobanen har ledig kapasitet. For å utnytte
ledig kapasitet innen tognettet i Akershus må AS
Gardermobanen tilby pendlere mulighet for overgang/tillegg
med ordinært månedskort. Fylkestinget i Akershus
har flere ganger vedtatt dette enstemmig.
Vil statsråden utrede en slik mulighet?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [13:26:34]: Eg gjer merksam på at NSB Gardermobanen
AS er avvikla, og at selskapet no heiter Flytoget AS.
Forvaltinga og eigarskapet
av selskapet ligg i dag til næringsministeren, og eigarspørsmål
angåande Flytoget må i det vidare rettast til
han. Eg har difor lagt spørsmålet fram for næringsministeren.
Spørsmålet om Flytoget kan
ta med vanlege pendlarar, er teke opp fleire gonger og
er godt utgreidd. Næringsministeren ser difor ikkje
grunnlag for å utgreie dette nærare. Eg sluttar
meg til dette. Eg vil òg vise til at det er styret
i selskapet sitt ansvar å ta opp spørsmålet
dersom ein finn det bedriftsøkonomisk lønsamt.
Flytoget har til føremål å sikre
eit høgt tal med kollektivreisande til og frå flyplassen.
Dersom selskapet vert pålagt å ta med pendlarar,
vil dette kunne føre til eit dårlegare
tilbod, som vil kunne redusere den høge kollektivdelen til
flyplassen. Flytoget har i dag ein marknadsandel på 33 pst.
av alle reisande til og frå Oslo
Lufthamn. Det tek i dag 51 minutt frå Asker til Oslo
Lufthamn og 19 minutt frå Oslo S. Forretningsideen
til Flytoget er å ha det beste transporttilbodet
til og frå flyplassen, med vekt på tryggleik,
punktlegheit og service. Kundane er godt nøgde med Flytoget,
og merkevareverdien er difor stor. Ein endra forretningsmodell
der Flytoget vert pålagt å drive ordinær persontransport
på strekninga med dei same togsetta, vil føre
til dårlegare togtilbod for dei reisande til
og frå flyplassen, med m.a. lengre reisetid.
Hans Frode Kielland Asmyhr (FrP) [13:28:18]: Bakgrunnen for at jeg stiller dette spørsmålet
til samferdselsministeren, er nettopp at det dreier
seg om den totale avviklingen av kollektivtrafikken i Norges tettest
befolkede område. Jeg beklager at jeg tok feil av navnet.
Det er klart at slik som situasjonen nå er
når det gjelder NSBs avganger, er irritasjonen svært
stor hos pendlerne og hos de daglige brukerne, som er de mest trofaste
brukerne av kollektivtilbudet. Jeg vil minne om at staten har slettet
over 7 milliarder kr av Flytogets gjeld. Det betyr at staten må utnytte
de store investeringer som er blitt gjort innen kollektivtrafikken
i dette området, slik at man tilfredsstiller de behov som
brukerne har.
Vil statsråden i sin gjerning ta kontakt
med lokale myndigheter når det gjelder å få en
best mulig avvikling av kollektivtrafikken i
dette området?
Statsråd Liv Signe Navarsete
[13:29:29]: Det er særdeles viktig for denne
regjeringa og for statsråden med ansvar for kollektivtrafikken å ha
eit godt samarbeid med dei lokale instansane.
Eg vil difor i mitt vidare arbeid leggje vekt på at eg
skal ha god kontakt og dialog med dei som har eit lokalt
ansvar for å leggje til rette for dette.
Eg vil òg føye
til at spørsmålet om passasjertrafikk på Flytoget
har vore utgreidd før. Asplan Viak og Ernst & Young
utførte i 2000–2001 og i 2004 omfattande analysar av
problematikken rundt dette spørsmålet. Eg kan
eventuelt kome tilbake til dei resultata.
Hans Frode Kielland Asmyhr (FrP) [13:30:14]: Investeringer i jernbane er svært
kostbart. Da gjelder det å utnytte disse på en
best mulig måte. Vil statsråden gjennomgå det
totale jernbanetilbudet i dette området, slik at man får
utnyttet kapasiteten på en best mulig måte?
Statsråd Liv Signe Navarsete [13:30:36]: Prioriteringane som eg legg til grunn for
mitt arbeid med utbygging av eit godt jernbanetilbod i Noreg, ligg
i Nasjonal transportplan, og mitt mål
er å halde meg til dei prioriteringane på ein
best mogleg måte, slik at innbyggjarane skal
få eit best mogleg tilbod.