Borghild Tenden (V) [13:31:07]: Jeg vil tillate meg å stille følgende
spørsmål til samferdselsministeren:
«Omstilling og konkurranse
på veisiden gjør at vi årlig vil spare
850 mill. kr til flere og bedre veier. Konkurranseutsetting
av Gjøvikbanen, der et datterselskap av NSB vant anbudet
med over 30 pst. bedre tilbud til over 10 pst. lavere
pris, viser et stort potensial også på jernbanen.
NSB er selv tilhenger av konkurranse
og mener konkurransen har gjort selskapet bedre og gitt
passasjerene et bedre tilbud.
Mener statsråden det er riktig å stoppe
moderniseringen og konkurransen på jernbanen?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [13:31:50]: Regjeringa ønskjer å modernisere
jernbana. NSB AS skal levere meir attraktive tenester
til dei reisande, og dette skal skje gjennom ein stadig meir effektiv
produksjon. Ytterlegare konkurranse
er ikkje det beste verkemiddelet for å modernisere
jernbana. Det er store synergi- og nettverksfordelar forbunde med å ha
ei samla og integrert drift og produksjon
av personstransporttenester med tog. Ved å dele
inn den samla produksjonen til NSB AS i trafikkpakka, som det så skal
lysast ut konkurranse om, står
ein i fare for å miste nettverks- og synergifordelane,
t.d. fordelar som knyter seg til å ha eit stort fagleg miljø kring
rullande materiell. Dette vil gå ut over staten som kjøpar
og dei reisande som brukarar av togtenestene.
For å nå dei sentrale transportpolitiske
målsetjingane til Regjeringa, m.a. måla om å utvikle
NSB som selskap og å modernisere og styrkje jernbana, vil
eg i staden for konkurranse bruke
direktekjøpsavtala mellom Samferdselsdepartementet
og NSB om persontrafikk som eit vesentleg verkemiddel. Gjennom dette
legg eg opp til å sikre ei framleis sterk modernisering utan å få dei
negative konsekvensane som er forbunde med konkurranseutsetjing. Eit
viktig utgangspunkt er naturlegvis at me stiller krav til NSB AS
om å levere attraktive transporttenester gjennom mest mogleg
rasjonell og effektiv drift.
Samferdselsdepartementet sin fireårige
rammeavtale for direktekjøp frå NSB går
ut i 2006. Arbeidet med å forhandle fram ei ny avtale,
som etter alt å dømme vil vare lenger
enn dagens, er allereie i gang. Eg ønskjer å få på plass
ei ny direktekjøpsavtale med NSB som gir dei reisande
eit endå betre tilbod enn dei har i dag. Samferdselsdepartementet
vil vere oppteke av kvaliteten på og omfanget
av transporttilbodet og NSB si evne til å forbetre
produktiviteten. Eg vil drøfte ei avtaleform som gjer at
ein større del av kjøpsvolumet vert incentiv-
og målstyrtbasert, at det ligg inne ei forventning
om at effektiviteten vert betre, og at det i større grad
vert opna for tilpassingar til kundane sine ønske.
Departementet vil i samband med avtaleutforminga byggje på røynslene
til andre styresmakter som driv med direktekjøp.
Borghild Tenden (V) [13:34:14]: Jeg takker statsråden for et grundig
svar.
Jeg viser til noe hun sa om negative konsekvenser.
De researchene jeg har gjort, viser at både kunder,
de som driver dette og de som jobber der, er svært fornøyde,
så jeg vil be om å få vite
mer utfyllende hvilke negative konsekvenser statsråden
viser til her.
Statsråd Liv Signe Navarsete [13:34:43]: Konkurranseutsetjing betyr at ein pressar
kravet til effektivitet. Det er ingen tvil om at det på enkelte
område kan føre til at me set tryggleiken
i fare. Det har vist seg i andre land. Røynsler
som ein har frå andre land, syner at ein no enkelte
stader reverserer dei privatiseringsforsøka – skal
vi kalle det det – som har vore gjorde, nettopp
fordi ein ser at det her er negative konsekvensar som ein ikkje
såg då ein sette i gang ei omfattande privatisering
og konkurranseutsetjing.
Borghild Tenden (V) [13:35:27]: Jeg takker igjen statsråden for svaret,
og jeg har hørt statsråden snakke om dette med
sikkerhet flere ganger. Mitt spørsmål er da: Stoler ikke
statsråden på andre enn det offentlige
når det gjelder å ivareta sikkerhet?
Statsråd Liv Signe Navarsete [13:35:46]: Statsråden har stor tillit til at òg
private selskap varetek tryggleikskrav, men i konkurranse
vil private selskap verte pressa til å gå ned
på pris for å sikre seg anbodet. Eg seier ikkje
at dei alltid gjer det, men røynsler frå andre
land viser at det kan få følgjer for tryggleiken
når det å få redusert prisen vert det
overordna i ein konkurranse om å få eit anbod
der det er mange som kjempar om det same anbodet.