Stortinget - Møte onsdag den 11. januar 2006 kl. 10

Dato: 11.01.2006

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 10

Åse M. Schmidt (FrP) [11:52:19]: «Kristiansand Lufthavn Kjevik er en heleid flyplass av Avinor. Dette medfører både rettigheter og plikter. Det har vært lite fokus på flyplassen fra Avinor sin side, selv om den stort sett har gått med overskudd og har et passasjergrunnlag som er økende.

Hva vil statsråden gjøre for å sikre at flyplassen blir oppjustert til en moderne og tidsriktig flyplass, sammenlignet med andre flyplasser i landet som går med overskudd?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:52:54]: Sidan Avinor er organisert som eit aksjeselskap, er det Avinor sitt styre som vedtek dei årlege investeringsbudsjetta. Styret står sjølvsagt ikkje heilt fritt. Det er styresmaktene som fastlegg lufthamnstrukturen, og Avinor må syte for at alle lufthamner kan drivast på ein forsvarleg måte. Lufthamnene må t.d. møte dei til kvar tid gjeldande krava frå Luftfartstilsynet.

Avinor opplyser at det dei to siste åra har vore investert til saman om lag 25 mill. kr i terminalbygget på Kjevik. Dette gjeld i hovudsak tryggingstiltak og nokre mindre utvidingar. Investeringsnivået dei neste åra vil vere høgt. I 2006-budsjettet er det sett av prosjekteringsmidlar til ei større utviding av terminalbygget som er kostnadsrekna til 65 mill. kr. Arbeidet skal etter planen startast mot slutten av 2006. Nytt tårn til 35 mill. kr er òg under prosjektering.

I 2004 gjekk Kjevik lufthamn i økonomisk balanse, medan dei førebelse tala for 2005 viser eit lite overskot.

Dei store utfordringane på Kjevik dei næraste åra gjeld krav til større tryggingsområde i begge endar av rullebana. Dette vil kunne koste om lag 200 mill. kr. Ei slik utbygging vil verte utgreidd i samband med ny reguleringsplan for området.

Det skjer òg ei positiv utvikling med omsyn til trafikkutviklinga. Avinor opplyser at SAS Braathens frå 11. februar 2006 opnar ei ny rute til Alicante, medan KLM frå 1. mars vil doble kapasiteten til Amsterdam. Frå 28. mars 2006 vil SAS Braathens auke kapasiteten på ruta til København.

På bakgrunn av den utviklinga ein ser på Kjevik, er det difor ikkje tvil om at både Avinor og flyselskapa satsar på Kjevik.

Åse M. Schmidt (FrP) [11:54:44]: En ser at det er et etterslep. Ellers hadde det kanskje ikke vært grunnlag for den påplussingen som skjer de neste to årene.

En kan også sammenligne med andre fylker, f.eks. Møre og Romsdal, hvor det er fire flyplasser som betjener det samme passasjergrunnlaget som i Agder. Bør ikke fylker som Vest-Agder og Aust-Agder derfor kunne forvente i det minste én operativ høyverdig flyplass i landsdelen, uten at en må vente år etter år før en – nærmest ved et hastevedtak – får gjort noe med det? I tillegg vil en kanskje se at de påplussingene som skjer i 2006/2007, muligens ikke er gode nok for at det blir så høyverdig som det burde bli.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:55:27]: Ettersom Avinor er eit aksjeselskap, og det er Avinor som har ansvaret for utgreiingane og dei økonomiske prioriteringane på detaljnivå, kan eg ikkje uttale meg i detalj om dei planane som ligg føre, for dei ligg ikkje på mitt bord. Som statsråd er eg generalforsamling og ikkje dagleg leiar eller styret. Men eg kjenner meg trygg på at dei investeringane som vert gjorde, er tidsmessige, og at dei er innretta slik at Kjevik skal verte ein tenleg flyplass, ikkje berre etter dagens standard, men sjølvsagt etter den standarden me skal ha i framtida.

Eg skjønar spørsmålet i forhold til at enkelte andre fylke har fleire flyplassar. Det er ein struktur som har vore lagd, og som ligg der. Denne statsråden har ingen planar om å gjere noko med han. Mitt mål er at Avinor skal kunne setjast i stand til å sikre alle flyplassane våre ei tenleg og framtidsretta utvikling – òg Kjevik. Eg meiner at dei planane som ligg føre, tek høgde for det.

Åse M. Schmidt (FrP) [11:56:35]: Hvis det nå er slik at Avinor ikke klarer å oppfylle forpliktelsene, med tilføring med midler osv., er statsråden da villig til å gjøre noe, f.eks. med avgiftsgrunnlaget, for å tiltrekke seg nye flyaktører og øke konkurransen, og til sist eventuelt også vurdere eierstrukturen ved flyplassen?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:56:58]: Pr. i dag har eg ingen planar om å vurdere eigarstrukturen.

Når det gjeld det andre spørsmålet, vil eg påstå at det er hypotetisk. Eg synest me skal ha tillit til Avinor sine planar, som sjølvsagt vert utarbeidde i tett dialog med lokale styresmakter, og til at dei vil syte for ivaretaking av dei krava me ser at Kjevik har, og som folk i Agder-fylka har, til å ha ein tenleg flyplass både i dag og inn i framtida.