Stortinget - Møte onsdag den 15. mars 2006 kl. 10

Dato: 15.03.2006

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 10

Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:29:36]: Vi har en snørik vinter. Kaos på vegene som følge av dette har gitt daglige oppslag i mediene. Altfor ofte opplever vi at utenlandske vogntog er årsaken til kaoset etter å ha sklidd av vegen eller blitt stående fast. Så snart det kommer snøfall eller tåke med frost i lufta, skjer det igjen. Slitte dekk, sommerdekk, ingen kjettinger, kombinert med mangelfull opplæring –

Presidenten: Presidenten må be om at det i første omgang berre er spørsmålet som blir sitert og lese opp.

Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:29:55]: Jeg mener jeg gjør det, men –

Skal jeg fortsette?

Presidenten: Ja.

Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:30:05]: «Slitte dekk, sommerdekk, ingen kjettinger og mangelfull opplæring om vinterføre hos sjåførene skaper problemer. Tungt lastede kjøretøy som ikke er i stand til å kjøre trygt på norske vinterveger, er en alvorlig fare for trafikksikkerheten, liv og helse.

Hva vil statsråden gjøre for å rette på dette?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:30:30]: Norske reglar krev at køyretøy ikkje må brukast utan at dei er sikra tilstrekkeleg veggrep i forhold til føret. Når det gjeld tunge køyretøy, dvs. køyretøy over 3 500 kg, er det eit absolutt krav at dei har med kjetting i heile «piggdekkperioden». Desse reglane gjeld for norske så vel som for utanlandske køyretøy ved køyring i Noreg.

Både Statens vegvesen og politiet kontrollerer at reglane vert følgde. Kontroll skjer ved grenseovergangar, ferjeleie og andre stader langs vegnettet.

For å redusere dei problema som tunge køyretøy med dårleg dekkutrusting fører til i vintersesongen, har Vegdirektoratet oppmoda regionane i Vegvesenet om å gjennomføre fleire og meir målretta kontrollar av dekk og bruk av kjetting. Regionane skal prioritere slik kontroll når vêr- og føretilhøve tilseier det.

Statens vegvesen opplyser at det i ein del høve har vist seg at kjettingar som er tekne med på køyretøya, ikkje er dimensjonerte for hjula, eller at sjåførane ikkje har kunnskapen til å leggje på kjettingane på ein rett måte. I framtida vil difor Statens vegvesen intensivere kontrollane for å sikre at rette kjettingar følgjer med køyretøyet, og at sjåførane klarar å leggje dei på. Det er tydeleg viktig at kunnskapen om korleis ein skal bruke kjettingar på ein rett måte, vert betre. Her vil eg be Vegdirektoratet sjå til at dette vert betre kjent.

Statens vegvesen sine kontrollar skal vere målretta, og det er viktig at dei òg er effektive. Eg vil at desse kontrollane skal leie til at førarane av tunge køyretøy, når dei kjem i område med vanskelege vêr- og vegforhold, straks vil ta dei naudsynte førehandsreglar for å vere rett skodd.

Eg kan opplyse at Statens vegvesen og politiet i dag har heimel til bruksforbod når køyretøyet ikkje er sikra tilstrekkeleg veggrep ved bruk av piggdekk, kjetting e.l. Vegvesenet og politiet kan òg skrive ut gebyr for mangelfull dekkutrusting. Politiet kan dessutan skrive ut førelegg. Dersom eit køyretøy vert ståande til hinder for annan trafikk, er det politiet åleine som har avgjerdsmakt til å fjerne og forvare køyretøyet. Eg vil at Vegvesenet, i samarbeid med politiet, skal gjere meir aktiv bruk av moglegheita til å ta pant i køyretøy som vert ståande.

Mange av dei utanlandske tunge køyretøya representerer ei spesiell utfordring i Noreg. Vegvesenet har sidan 2001 hatt i gang ein informasjonskampanje, «Donna Diesel», som rettar seg mot utanlandske tungtransportutøvarar og i særleg grad mot austeuropeiske transportørar. Kampanjen gir informasjon om korleis det er å køyre på norske vintervegar, kva reglar som gjeld, og tilrådingar om val av køyreveg om vinteren. Det vert òg gitt informasjon på møte, i samband med transportmesser, videospots på ferjer, spreiing av informasjonsmateriell og ved ein guide som finst på Internett på seks språk.

Trass i at me har reglar som set strenge krav til utrusting av dekk, og at det vert drive god kontroll og godt informasjonsarbeid knytt til dette, er det dessverre vanskeleg å sikre at alle køyretøya fyller krava. Eg vil difor setje i gang eit arbeid der Statens vegvesen, politiet og norske vegtransportorganisasjonar deltek i lag med Samferdselsdepartementet for å sjå nærare på kva som kan gjerast betre. Statens vegvesen er alt i gang med å samle inn opplysningar om talet på hendingar, og dei vil evaluere resultata og berekne samfunnsøkonomiske konsekvensar. Ut frå erfaringane denne vintersesongen, som viser at apparat og tiltak nok ikkje er tilstrekkelege, skal arbeidet ha i oppdrag å styrkje kontrollen ved grenseovergangane og internasjonale ferjeleie slik at flest moglege køyretøy vert kontrollerte og nekta vidare ferd inn i riket dersom dei er mangelfullt utstyrte, å styrkje handhevinga av påbodsreglane der det er vanskelege køyreforhold, og å styrkje handhevinga av bruksforbod og pant i køyretøy vesentleg.

Eg vil òg halde spesiell fokus på dei utanlandske tungtransportutøvarane. Truleg kan me her gjere meir t.d. i samband med innpassering til Noreg. I min kontakt med styresmakter frå dei landa som representerer særlege problem vinterstid, vil eg nytte høvet til å peike på at me frå norsk side ynskjer samarbeid om ein tryggare trafikk med tunge køyretøy i Noreg. Eg vil vidare i desse samtalane og ved andre internasjonale høve, som t.d. ministerkonferansar, peike på at det er uakseptabelt å vere dårleg skodd på norske vintervegar, at slike køyretøy vil verte stansa, og at det vil svi økonomisk.

Hans Frode Kielland Asmyhr hadde her overtatt presidentplassen.

Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:35:22]: Takk for et svar som bærer bud om at trafikantene på norske vinterveger kan føle seg tryggere når tiltakene blir iverksatt.

Vi vet at den norske transportnæringen ofte sliter hardt med konkurranse. Konkurransen blir heller ikke reell når transportørene kan spekulere i å unndra seg kravene til utrusting og sikkerhet tilpasset norske forhold. Nedover i Europa vet vi at det er forbudt å kjøre med piggdekk, og vi vet også at pålegg om å legge om kommer fort hvis det kommer en norsk bil. Tilsvarende må selvsagt gjelde her. Når det kommer kjøretøy som ikke er skodd for norsk vinterføre, må påleggene komme like raskt.

Statsråden konkluderer med at det er uakseptabelt å være dårlig skodd på norske vinterveger, og at kjøretøy som er det, vil bli stanset, og at det skal svi økonomisk. Mener statsråden det kan ligge til rette for at den skjerpede kontrollen og iverksetting av tøffere sanksjoner kan være på plass allerede neste vinter, når snø og kulde igjen gjør det vanskelig å kjøre på norske veger?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:36:14]: Denne vinteren har me sett mange avisoppslag og fått mange meldingar om farlege situasjonar ikkje minst i austlandsområdet og der fjellovergangane startar, som dessverre har si årsak i at køyretøy ikkje har vore godt nok skodde. Det har me teke på alvor, og det er det som gjer at me no er i gang med eit arbeid. Målet med det arbeidet er sjølvsagt at me skal vere klare til neste vintersesong, slik at me kan sleppe så mange – kanskje forhåpentlegvis nokre – av desse oppslaga.

Ein ting er oppslaga. Det som er verre, er sjølvsagt dei konsekvensane me òg ser at dette kan ha for trafikktryggleiken. Eg har hatt telefonar frå sjåførar, både privatsjåførar og yrkessjåførar, som faktisk føler seg utrygge på vegane. Det er ein situasjon som me ikkje kan leve med, og eg ynskjer å halde stort fokus og trykk på dette arbeidet.

Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:37:19]: Jeg er glad for at samferdselsministeren så tydelig sier at hun vil gripe fatt i disse problemene, og jeg er ganske sikker på at norske trafikanter vil være meget glad for at man nå kan se en tøffere oppfølging fra norsk side. For det er som statsråden sier, det dreier seg ikke bare om at trafikken stopper, men det dreier seg også om at det har skjedd dramatiske uhell, og det må ikke få lov til å skje igjen.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:38:00]: Eg trur me er einige om målet. Så er det opp til statsråden å få fart på prosessen fram til det målet, og det skal ho gjere.