Ingebrigt S. Sørfonn
(KrF) [14:48:41]: Eg har eit spørsmål til
fornyings- og administrasjonsministeren. Spørsmålet
lyder slik:
«Klagenemnda for offentlige anskaffelser
(KOFA) har ei viktig oppgåve. På grunn av at mange
klagar til nemnda, har sakshandsamingstida vorte svært
lang. Dette har igjen ført til at verksemder ikkje
klagar, sjølv om dei meiner at det er grunnlag for klage.
Meiner statsråden den lange handsamingstida
påverkar konkurransen, og kva vil statsråden gjera
for å setja KOFA i stand til å fylla oppgåva
si?»
Statsråd Heidi Grande
Røys [14:49:18]: Som representanten Sørfonn peika
på, har sakshandsaminga i tid i Klagenemnda for offentlige
anskaffelser – KOFA – vorte lengre. Saksinngangen
har heilt sidan opprettinga i 2003 vore stor, og etterspørselen etter
tvisteløysing har auka. Dette har skapt kapasitetsproblem
i sekretariatet.
Vi har derimot ingen indikasjonar på at
konkurransen om offentlege kjøp vert svekt av den lange
sakshandsamingstida. Dette skulle i tilfelle resultert i at færre
leverandørar leverte tilbod til offentlege verksemder,
fordi dei ikkje får raske svar på klager
om brot på regelverket. Så langt har vi ikkje
fått tilbakemeldingar om at så skjer.
Sjølv om det ikkje er grunnlag
for å tru at konkurransen vert påverka, er eg
oppteken av å betre sakshandsamingstida i KOFA. Dei sakene
der innkjøpar ventar med å inngå kontrakt,
vert prioriterte tidsmessig av nemnda. I desse sakene var gjennomsnittleg
sakshandsamingstid 51 dagar. Det er ein viss auke frå 2004.
2005 var eit omskifteleg år for Klagenemnda.
Frå opprettinga av var nemnda administrativt underlagd
departementet, med kontor i regjeringskvartalet. I mars 2005 vart det
administrative ansvaret flytta over til Konkurransetilsynet, m.a.
for å tydeleggjere at nemnda er fagleg uavhengig.
Tilsynet sin flytteprosess til Bergen medførte
ei nærast full utskifting av sekretariatet i løpet
av 2005. Frå årsskiftet 2005/2006 er
heile sekretariatet med nytilsette etablert i Bergen,
og løyvinga til nemnda for 2006 er òg auka
med 800 000 kr jamført med fjoråret. Det vert
no lagt vekt på å få ned restansane og
handsamingstida generelt. Alt ligg til rette for det, både
med stabil bemanning i Bergen og med auka løyving.
Departementet skal så i løpet
av 2006 evaluere KOFA. Der skal vi m.a. sjå på om
vi bør gjere ytterlegare endringar for å effektivisere
nemnda sitt arbeid. Mellom anna vil dagens sakshandsamingsreglar,
nemnda sin kompetanse, organisering og klageutgifter, verte vurderte
i den evalueringa vi skal ha i løpet av året.
Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) [14:51:31]: Eg takkar statsråden for svaret.
Me kan vel på mange måtar
seia at KOFA er i ferd med å verta eit offer for sin eigen
suksess. Det som er noko av problemet, er at av dei sakene
som vert avgjorde, så er det faktisk konkludert med at
det for 30 pst. er brot på regelverket. Når me
då får melding om at fleire bedrifter som eigentleg ønskte å klaga,
lét vera nettopp av den grunn som statsråden
her seier, og når nemnda prioriterer saker der det ikkje
er inngått kontrakt, så vert det eit avvegingsspørsmål.
No var jo statsråden rimeleg konkret
og kom med ei rekkje tiltak for å betra situasjonen, men
eg synest likevel det er ei lita usikkerheit
her. Ho nemnde auka løyvingar, men vil det òg
verte gjort noko for å gjera terskelen høgare,
slik at det vert vanskelegare å klaga, eller
vil døra vera like opa til
KOFA?
Statsråd Heidi Grande Røys [14:52:34]: Vi gjer fleire ting på fleire ulike
hald i høve til offentlege innkjøp. Når
det gjeld sjølve regelverket, har vi, for å gjere
regelverket enklare – og
det gjorde jo òg den førre regjeringa – heva terskelen
for innkjøp omfatta av anbod. Det har vore viktig, for
veldig mange av dei brota som har skjedd, har hatt si årsak
i at regelverket har vore
for vanskeleg. Ein har ikkje vilja bryte regelverket,
men har altså kome i skade for å bryte
det. Vi har gjort regelverket enklare
og driv no ein omfattande jobb med å rettleie offentlege
innkjøparar. Det gjer òg KS.
Eg kjem til å leggje fram ein odelstingsproposisjon
for komiteen som representanten Sørfonn
sit i, i løpet av ein månads tid. Der vil eg òg
vurdere sanksjonar retta mot brot på kommunale innkjøp.
Så er representanten inne
på om vi bør sjå på gebyret for å klage.
Får vi inn for mange klager på stort og smått? Det
er òg ein del av det eg vil vurdere i evalueringa.
Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) [14:53:44]: Dette er eit veldig viktig tema, for tillit
og truverde til offentlege innkjøp er heilt avgjerande
viktig for heile offentleg sektor. Dessverre
har det òg i den seinare tida
vorte avslørt ein del tilfelle som ikkje har vore
så gode – kameraderi og, kva skal me
seia, ugreie innkjøpsprosedyrar. At ein nettopp
då har denne moglegheita til å klaga til ei nemnd
dersom ein er usikker, gjev tryggleik og er med på å gjera
tillita og truverdet betre for denne sektoren.
Me har jo i komiteen no òg
ei sak som går på å gjera kunngjering
av innkjøp under terskelverdien enklare, utan at
eg skal ta den saka no. Men kunne statsråden vera
litt meir konkret når det gjeld kva tid ventetida
vil vera avvikla? Det gjekk jo litt fram av
det første svaret, men kan statsråden vera
litt meir konkret?
Statsråd Heidi Grande Røys [14:54:48]: Eg veit ikkje om eg kan love å avvikle
ventetida, for det er klårt at ein her mottek veldig mange
klager. Skal ein avvikle ei behandlingstid,
betyr det anten at ein ikkje mottek klager, eller
at absolutt alle offentlege innkjøparar ikkje
gjer noko galt nokosinne. Det er sjølvsagt vanskeleg
for statsråden å seie. Men eg har tru på dei
tiltaka vi no har sett i gang. Vi har gjort regelverket
enklare. Det var ei oppfølging av Bondevik-regjeringa sine
forslag. Vi har òg innført protokollplikt for
kommunane for alle innkjøp over 100 000 kr, der
dei må godtgjere innkjøp for nettopp å synleggjere
dei kjøpa dei gjer, slik at ein kan prøve å unngå skuldingar
om korrupsjon og kameraderi, som eg er like
oppteken av som representanten Sørfonn.
Vi har også gjort andre
ting når det gjeld å gjere regelverket
enklare. Rettleiing er viktig. Det jobbar både
KS og departementet med, slik at folk skal forstå det regelverket dei
faktisk skal handtere. Som sagt, å vurdere innføring
av sanksjonar mot direkte brot på regelverket
trur eg vil rydde opp i området.