Stortinget - Møte onsdag den 11. oktober 2006 kl. 10

Dato: 11.10.2006

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 1

Audun Blegen (H) [11:11:42]: «Det offentlige på ulike nivåer kjøper bygg- og anleggstjenester for ca. 80 mrd. kr i år. Byggenæringen sliter med at det er mange useriøse aktører i næringen. Byggenæringen ønsker ikke at useriøse bedrifter skal ha oppdrag for offentlige oppdragsgivere. Det offentlige må som oppdragsgiver opptre på en måte som fremmer seriøse bedrifter.

Hva kan det offentlige gjøre for å stimulere til en mer seriøs næring gjennom sin anskaffelses- og kontraheringspraksis?»

Statsråd Heidi Grande Røys [11:12:48]: Fyrst må eg få starte med å takke representanten for spørsmålet, eit veldig godt spørsmål, som eg har gledd meg til å svare på fordi det er viktig at vi er opptekne av dette, både i storting og regjering.

Eg er einig med representanten Blegen i at det er viktig at staten berre bruker seriøse firma til oppdrag. Det er likevel sånn at det er den einskilde verksemda sjølv som innanfor visse gitte rammer har ansvaret for at det skjer. Men Regjeringa har ein del verkemiddel som skal sikre at nettopp verksemdene gjer dette innanfor desse rammene. For det fyrste har vi regelverk for offentlege innkjøp, som gjeld både den statlege og den kommunale sektoren. Det krev at dei som vil delta i konkurransar om offentlege kontraktar, skal dokumentere at skattar og avgifter er innbetalte, og at reglar for helse, miljø og sikkerheit er overhaldne. I det gjeldande regelverket tek den plikta til å gjelde når kontrakten sin verdi overstig den nasjonale terskelverdien. Då den førre regjeringa heva terskelverdien i fjor haust, fall jo skatteattestplikta og HMS-attestplikta vekk for innkjøp mellom 200 000 og 500 000 kr. Det er positivt sett i lys av at ein får eit redusert dokumentkrav til næringslivet og dermed innsparingar av ein del administrative arbeidstimar i næringslivet, men det er uheldig i form av at det kan vere med og byggje opp under useriøse aktørar, som dermed har eit spelerom i forhold til dokumentasjonskravet. Difor innførte Regjeringa eit vedtak om at alle ved innkjøp over 100 000 kr skal innlevere nettopp skatteattest og HMS-attest.

Statlege etatar er vidare pålagde å følgje ILO-konvensjon nr. 94 om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar. Reint praktisk betyr det at når statlege etatar inngår kontraktar om tenester og byggje- og anleggsarbeid over EØS-terskelverdien, skal kontraktane innehalde klausular som sikrar arbeidstakarane lønns- og arbeidsvilkår som ikkje er dårlegare enn dei som gjeld for same type arbeid innanfor same distrikt.

Så vil eg òg orientere representanten om eit sjølvstendig inititativ som eg tok i forhold til mine kollegaer så seint som den 25. september i år. Eg skreiv eit brev til dei andre regjeringsmedlemene og understreka at statlege leiarar har eit ansvar for at staten ikkje nyttar useriøse firma, og at dette ansvaret òg gjeld avtalar som ligg under grenseverdiane for innkjøp, og ikkje minst var det ei påminning om ILO-konvensjon nr. 94. Eg bad dei eksplisitt ta det opp med leiarane i dei underliggjande statsetatane, slik at vi er trygge på at staten gjer dette på ein skikkeleg måte.

Audun Blegen (H) [11:15:29]: Først vil jeg få takke statsråden for svaret. Jeg er veldig glad for at statsråden øver så sterkt press og øker bevisstheten i det offentlige rundt viktigheten og verdien av seriøse aktører. Jeg er imidlertid av den oppfatning at næringen selv ikke blir mer seriøs enn det byggherrer, enten det er private eller offentlige, legger opp til at den skal være.

Den forrige regjeringen samarbeidet tett med byggenæringen rundt spørsmålet om seriøsitet. Et av de konkrete tiltakene som ble etablert, var en kvalifikasjonsordning som heter StartBANK. Dette er en prekvalifiseringsordning som oppfyller alle krav det offentlige har til dokumentasjonsplikt til bedrifter, samtidig som StartBANK inneholder en rekke tilleggsopplysninger som bekrefter om bedriften er seriøs. Systemet kan byggherre bruke for å sjekke om bedrifter og entreprenører er seriøse, på en enkel og kostnadsbesparende måte, slik statsråden også var opptatt av.

Innenfor lovverket er det mulig for det offentlige å benytte formuleringer der en åpner for at medlemskap i StartBANK eller tilsvarende ordninger kan benyttes, istedenfor at en må sende inn alle standarddokumenter som er nødvendige, i hver bidige anbudsrunde. Og oppfølgingsspørsmålet er da: Vil statsråden nå ta et direkte initiativ overfor departementene og ikke minst kommunene for å få dem til å bruke formuleringer som åpner for at det benyttes denne typen kvalitetssikringsordninger?

Statsråd Heidi Grande Røys [11:16:46]: Eg er langt på veg einig i det representanten Blegen seier, men eg har berre lyst til å kommentere ein ting: Eg meiner at næringa sjølv har teke eit stort ansvar for å rydde i eigne rekkjer, nettopp, som representanten viser til, gjennom det samarbeidet som ein har hatt med myndigheitene no overalt, og spesielt innan byggjenæringa, som har fått veldig orden på spesielt det med svart økonomi. Tilsvarande har ein i reinhaldsbransjen spesielt hatt ei opprydding, der ein opererer med ei tilsvarande ordning for bedriftene som heiter «Ren Utvikling».

Eg meiner vi har gjort veldig mykje i høve til det regelverket vi har. Det gjeld innkjøpsregelverket, ILO-konvensjonen er teken opp, og det gjeld det arbeidet eg no har gjort i forhold til statsrådskollegaene mine med å innskjerpe dette forholdet. Men vi skal òg vere klåre over at det kan finnast heilt ordentlege, skikkelege selskap både i byggjenæringa og for så vidt i reinhaldsbransjen som ikkje er med i dei organisasjonane som representanten peiker på. Vi skal passe på at dei ikkje vert ekskluderte fordi vi oppfordrar til spesiell bruk av nokon som har valt seg ei organisasjonstilknyting.

Presidenten: Vi går så over til spørsmål 13.