Audun Blegen (H) [11:11:42]: «Det offentlige på ulike
nivåer kjøper bygg- og anleggstjenester
for ca. 80 mrd. kr i år. Byggenæringen sliter
med at det er mange useriøse aktører i næringen.
Byggenæringen ønsker ikke
at useriøse bedrifter skal ha oppdrag for offentlige oppdragsgivere. Det
offentlige må som oppdragsgiver opptre på en måte som
fremmer seriøse bedrifter.
Hva kan det offentlige gjøre for å stimulere
til en mer seriøs næring gjennom sin anskaffelses-
og kontraheringspraksis?»
Statsråd Heidi Grande
Røys [11:12:48]: Fyrst må eg få starte med å takke
representanten for spørsmålet, eit veldig godt
spørsmål, som eg har gledd meg til å svare
på fordi det er viktig at vi er opptekne av dette, både
i storting og regjering.
Eg er einig med representanten Blegen
i at det er viktig at staten berre bruker seriøse firma
til oppdrag. Det er likevel sånn at det er den
einskilde verksemda sjølv som innanfor
visse gitte rammer har ansvaret for at det skjer. Men Regjeringa
har ein del verkemiddel som skal sikre at nettopp
verksemdene gjer dette innanfor desse rammene. For
det fyrste har vi regelverk for offentlege innkjøp, som gjeld
både den statlege og den kommunale sektoren. Det krev at
dei som vil delta i konkurransar om offentlege kontraktar, skal
dokumentere at skattar og avgifter er innbetalte, og at reglar for
helse, miljø og sikkerheit er overhaldne. I det
gjeldande regelverket tek den plikta
til å gjelde når kontrakten sin verdi overstig
den nasjonale terskelverdien. Då den førre regjeringa
heva terskelverdien i fjor haust, fall jo skatteattestplikta og
HMS-attestplikta vekk for innkjøp mellom 200
000 og 500 000 kr. Det er positivt sett i lys av at ein får
eit redusert dokumentkrav til næringslivet og dermed innsparingar
av ein del administrative arbeidstimar i næringslivet,
men det er uheldig i form av at det kan vere med og byggje
opp under useriøse aktørar, som dermed har eit
spelerom i forhold til dokumentasjonskravet. Difor innførte
Regjeringa eit vedtak om at alle ved innkjøp
over 100 000 kr skal innlevere nettopp skatteattest og
HMS-attest.
Statlege etatar er vidare pålagde å følgje
ILO-konvensjon nr. 94 om lønns- og arbeidsvilkår
i offentlege kontraktar. Reint praktisk betyr det at når
statlege etatar inngår kontraktar om tenester og byggje-
og anleggsarbeid over EØS-terskelverdien, skal kontraktane
innehalde klausular som sikrar arbeidstakarane lønns- og
arbeidsvilkår som ikkje er dårlegare
enn dei som gjeld for same type arbeid innanfor same
distrikt.
Så vil eg òg orientere representanten
om eit sjølvstendig inititativ som eg tok i forhold til mine
kollegaer så seint som den 25. september i år.
Eg skreiv eit brev til dei andre regjeringsmedlemene og
understreka at statlege leiarar har eit ansvar for at
staten ikkje nyttar useriøse firma, og at dette
ansvaret òg gjeld avtalar som ligg under grenseverdiane
for innkjøp, og ikkje minst var det ei påminning
om ILO-konvensjon nr. 94. Eg bad dei eksplisitt ta det opp med leiarane
i dei underliggjande statsetatane, slik at vi er trygge på at
staten gjer dette på ein skikkeleg måte.
Audun Blegen (H) [11:15:29]: Først vil jeg få takke statsråden
for svaret. Jeg er veldig glad for at statsråden øver
så sterkt press og øker bevisstheten i det offentlige rundt
viktigheten og verdien av seriøse aktører.
Jeg er imidlertid av den oppfatning at næringen selv ikke
blir mer seriøs enn det byggherrer, enten det er private eller offentlige,
legger opp til at den skal være.
Den forrige regjeringen samarbeidet
tett med byggenæringen rundt spørsmålet
om seriøsitet. Et av de konkrete tiltakene som ble etablert,
var en kvalifikasjonsordning som heter StartBANK. Dette er en prekvalifiseringsordning
som oppfyller alle krav det offentlige har til dokumentasjonsplikt
til bedrifter, samtidig som StartBANK inneholder en rekke tilleggsopplysninger
som bekrefter om bedriften er seriøs. Systemet kan byggherre
bruke for å sjekke om bedrifter og entreprenører
er seriøse, på en enkel og kostnadsbesparende
måte, slik statsråden også var
opptatt av.
Innenfor lovverket er det
mulig for det offentlige å benytte formuleringer der en åpner
for at medlemskap i StartBANK eller
tilsvarende ordninger kan benyttes, istedenfor at en må sende
inn alle standarddokumenter som er nødvendige,
i hver bidige anbudsrunde. Og oppfølgingsspørsmålet
er da: Vil statsråden nå ta et direkte initiativ overfor
departementene og ikke minst kommunene for å få dem
til å bruke formuleringer som åpner
for at det benyttes denne typen kvalitetssikringsordninger?
Statsråd Heidi Grande Røys [11:16:46]: Eg er langt på veg einig
i det representanten Blegen seier, men eg har berre lyst til å kommentere
ein ting: Eg meiner at næringa sjølv har teke
eit stort ansvar for å rydde i eigne rekkjer, nettopp,
som representanten viser til, gjennom det samarbeidet
som ein har hatt med myndigheitene no overalt, og spesielt
innan byggjenæringa, som har fått veldig orden på spesielt
det med svart økonomi. Tilsvarande har ein i reinhaldsbransjen
spesielt hatt ei opprydding, der ein opererer med ei tilsvarande
ordning for bedriftene som heiter «Ren Utvikling».
Eg meiner vi har gjort veldig mykje i høve
til det regelverket vi har. Det gjeld
innkjøpsregelverket, ILO-konvensjonen er teken opp, og
det gjeld det arbeidet eg no har gjort i forhold til statsrådskollegaene mine
med å innskjerpe dette forholdet. Men vi skal òg vere
klåre over at det kan finnast heilt ordentlege, skikkelege
selskap både i byggjenæringa og for
så vidt i reinhaldsbransjen som ikkje er med
i dei organisasjonane som representanten peiker på. Vi
skal passe på at dei ikkje vert ekskluderte fordi vi
oppfordrar til spesiell bruk av nokon som har valt seg ei organisasjonstilknyting.
Presidenten: Vi går så over til spørsmål
13.