Per Roar Bredvold (FrP) [12:19:55]: Jeg tillater meg å stille følgende
spørsmål til samferdselsministeren:
«Nissen i Norge holder til
på Savalen i Hedmark, noe dessverre ikke alle
vet. Derfor har det vært behov for skilting, noe som Vegvesenet ikke
er interessert i skal forekomme.
Kan statsråden være
behjelpelig med at nissen (og andre næringsdrivende)
får sette opp skilt, slik at både unge og
gamle finner frem, ifølge TV 2-nyhetene 3. oktober 2006?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:20:24]: Det er i dag god skilting til staden Savalen
frå rv. 3. Dei som ynskjer å besøkje
nissen sin bustad i Savalen, kan følgje skilting
til Savalen og finne nissen sin bustad når dei
kjem til Savalen.
Skilting til nissen og andre næringsdrivande
må avgrensast for ikkje å ta merksemda
til trafikantane vekk frå trafikken til skade for trafikktryggleiken.
Dette gjeld særleg langs viktige hovudvegar som rv. 3.
Nissen har òg andre bustader i Noreg. Eg ser
ikkje at det er ei prioritert oppgåve for samferdslestyremaktene å lære
born og vaksne om nissens forskjellige bustader rundt om i landet.
Eg kan likevel ikkje ta
stilling til den konkret saka. Dersom nissen eller
nokon av hjelparane hans i ei travel førjulstid ynskjer
det, kan dei bringe saka inn for Vegdirektoratet, som
då vil kunne gjere ein meir omfattande gjennomgang.
Per Roar Bredvold (FrP) [12:21:24]: Jeg takker statsråden for svaret,
som jeg synes var mindre seriøst enn jeg kunne ønske.
Som jeg skriver, gjelder dette også andre næringsdrivende.
Så vidt jeg vet, er statsråden
fra et parti som heter Senterpartiet, som har distriktspolitikk
som en av sine fanesaker. Fremskrittspartiet
og undertegnede mener i alle fall at det i distriktspolitikken
skulle være et mål at man skal kunne
bo i distriktene og leve av et eller annet man
produserer, så sant det er mulig. Mange næringsdrivende
prøver det, blant annet langs rv. 3. Men når man ikke
får sette opp skilt til den aktiviteten man bedriver, blir
det vanskelig å fortsette denne for å leve
av den og for å bo ute i distriktene, slik Fremskrittspartiet ønsker.
En god distriktspolitikk
går ut på at folk kan bo der og leve
av det man produserer.
Selvfølgelig er ikke vi
for at alle og enhver skal sette opp skilt. Men det er
viktig at man har en mulighet til å sette opp skilt som
forklarer hva man driver med og hvor man holder til.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:22:32]: Eg meiner eg gav eit både
godt og seriøst svar. Dette handlar om trafikktryggleik.
Dette handlar om at det òg i distrikta finst hundrevis,
for ikkje å seie tusenvis, av bedrifter som meir enn
gjerne skulle hatt eit skilt langs vegen som viste vegen til nettopp
deira bedrift. Som distriktsforkjempar skulle eg meir enn gjerne
gitt dei lov til det, om det ikkje var for at me ville
fått ein jungel av skilt langs hovudvegane våre som
peika til alle dei hundre- og tusenvis av flotte distriktsbedrifter
som gjerne ville vist seg fram og fått vegfarande til å kome
innom nettopp deira bedrift. For å vere heilt
seriøs, handlar dette om ei avgrensing – som òg
representanten er inne på – og korleis
me skal sikre trafikktryggleik, at vegen er i fokus, og
at me har plass til vegskilt og informasjonsskilt som
er knytte til det å reise langs vegen, og ikkje
til alle dei bedriftene som eg skjønar meir enn
gjerne skulle marknadsført seg med eit skilt langs vegen.
Representanten kan meir enn gjerne stille eit
spørsmål til Vegdirektoratet, som har fått
delegert ansvaret for skiltproblematikken i Noreg. Om han ynskjer
eit meir inngåande svar på dette, kan me gjerne kome
tilbake til det. Men det er dette som er hovudgrunnen til at ein
gjennom lang tid har hatt ein slik politikk i Noreg.
Per Roar Bredvold (FrP) [12:23:51]: Jeg takker statsråden nok en gang
for svaret.
Den 8. januar 2003 stilte jeg et lignende spørsmål
til daværende statsråd Torild Skogsholm, som svarte
følgende:
«Det
vil alltid kunne diskuteres hvor grensen skal trekkes for den lokale
vegvisningen til ulike bedrifter og virksomheter. Vegmyndighetene
skal ikke være mer restriktive enn
nødvendig, og må derfor fortløpende vurdere
om dagens praksis ligger på et riktig nivå. Vegdirektoratet
starter i år en fullstendig gjennomgang av det tekniske
regelverket for bruk av offentlige
trafikkskilt, og retningslinjene for vegvisningsskilting vil da på ny
bli vurdert.»
Det vil si at dette er en sak som har versert
i mange år, og den er viktig nettopp for distriktene.
I og med at statsråden nå nevnte at rv. 3 er en
trafikkfarlig vei, er jeg litt forundret over at ikke
rv. 3 fikk mer penger, slik at det kunne blitt en tryggere vei,
og slik at man kanskje kunne få satt opp skiltet. Jeg er ikke
for at vi skal sette opp skilt alle steder, men viktige
bedrifter – i dette tilfellet jeg nevnte, og som også TV 2
tok opp – må få lov til å vise hva
man driver med og ikke minst hvor man holder til.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:25:02]: Når det gjeld rv. 3 og prioriteringar,
følgjer statsråden dei prioriteringane som Oppland
og Hedmark har gjort i si såkalla lottorekkje. Når
det gjeld skiltproblematikken, har denne statsråden vore
oppteken av det. Eg var m.a. oppe og avdekte eit skilt
til Den Gyldne Omveg i Trøndelag, fordi eit heilt område
her har utvikla eit veldig spanande prosjekt – reiseliv,
turisme, næringsutvikling – og difor fekk eit skilt
på hovudvegen. Men det skal ganske mykje til
for at ein skal avvike frå det som er normalen, og setje
opp skilt langs hovudvegen til næringsbedrifter og enkeltbedrifter. Eg
står fast på at for meg er trafikktryggleik
det overordna. Faktisk òg overordna det at bedrifter gjerne
skulle hatt ein vegvisar langs hovudvegen. Kven i alle
dagar skal setje avgrensingane for bedriftene? Berre i mitt eige
nærområde kunne eg sikkert talt opp 50 bedrifter
som kunne ha tenkt seg skilt på E16. Korleis vil det ta
seg ut i forhold til at me skal ha ein veg som skal vere
trygg for dei vegfarande?
For å gå tilbake til det
dette starta med, nemleg lokalvegvisingsskilt til nissen, vil eg òg
seie at det ikkje er skilta med lokalvegvisingsskilt til
nissen i Drøbak, der enkelte òg meiner nissen
held til. Eit vanleg fareskilt med nissesymbolet er sett opp ca.
250 m før ein kjem til Drøbak sentrum. Det er
ikkje sett opp skilt langs E6 som viser nissen i Drøbak.
Men dei som besøkjer nissen i Drøbak, følgjer
skilting til Drøbak, og så finn dei der ut kvar
nissen held til. Det kan ein òg sjølvsagt gjere
i Hedmark.