Stortinget - Møte onsdag 25. oktober 2006 kl. 10

Dato: 25.10.2006

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 11

Øyvind Halleraker (H) [12:26:04]: Jeg har et spørsmål til samferdselsministeren:

«Da staten i sin tid bygde Askøybroen mellom Bergen og Askøy, la man vekt på at broen utgjorde et sentralt landskapselement i innseilingen til Bergen. Statens vegvesen utstyrte derfor broen med belysning på bærekablene, «perleradsbelysningen», som har gledet befolkningen og reisende i området i mange år. I den senere tid har ikke belysningen vært operativ pga. manglende vedlikehold, som er et statlig ansvar.

Vil statsråden ta et initiativ for at belysningen igjen kan bli intakt, og bidra til at lysene igjen kan tennes?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:26:51]: Det såkalla perlekjedet på Askøybrua vart avvikla på grunn av den tekniske tilstanden på lysarmaturen, som kravde særs høge drifts- og vedlikehaldskostnader. Statens vegvesen har ikkje funne det rett å investere i eit nytt «perlekjede», på grunn av investeringskostnader og framtidige driftskostnader.

På denne bakgrunnen har Askøybrua AS teke initiativet til å reetablere «perlekjedet». Dei vende seg til eit lokalt elselskap, Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap, hausten 2005 og bad om tilbod på etablering og drift av ei lysrekkje. Bompengeselskapet fekk eit tilbod om investering og drift som lét seg finansiere utan bruk av bompengar eller statlege midlar.

Tilbodet vart lagt fram for Statens vegvesen, som gjorde selskapet merksam på at reetableringa vert omfatta av lov om offentlege innkjøp, med den konsekvensen at reetablering av det såkalla perlekjedet må lysast ut på anbod. Det pågår for tida eit arbeid i regi av Askøybrua AS med å utarbeide konkurransegrunnlag for reetablering og drift av «perlekjedet» på Askøybrua, og dette arbeidet vil vere ferdig i slutten av oktober i år.

Øyvind Halleraker (H) [12:28:10]: Jeg takker for svaret.

Saken reiser flere prinsipielle spørsmål, nemlig statens ansvar for å følge opp egne investeringer med vedlikeholdsmidler og mulighet til å dekke drifts- og vedlikeholdskostnader med bompenger der finansieringsselskapet ber om dette. Askøybrua var for øvrig et nesten 100 pst. brukerfinansiert prosjekt i utgangspunktet.

Som statsråden sier, har bompengeselskapet – og publikum – vært veldig opptatt av saken og vært i en dialog med Statens vegvesen i lengre tid. Det er nettopp fordi dette utgjør et såpass vakkert landskapsmerke at man syns dette fortjener å bli reetablert.

Ser statsråden at vi her står overfor et dilemma, ved at man i et brukerfinansiert prosjekt hvor man har de samme ønsker om å anvende midler også til denne type vedlikehold, ikke får anledning til det?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:29:27]: Med respekt for at både vedtaket om å etablere perleradsbelysninga og det vedtaket som er gjort tidlegare om at ein ikkje har funne det rett å investere på nytt, er gjort før mi tid som statsråd, vil eg nok vere einig med representanten Halleraker i at det er eit dilemma, men eit dilemma på ein litt annan måte, kanskje, enn slik Halleraker tenkjer. Dilemmaet vil jo vere kor mykje ein skal investere i det estetiske. Kor store kostnadar av fellesskapets midlar skal ein bruke på estetikk, når me veit at anten det gjeld bruer, tunnelar eller vegar generelt, er det eit skrikande behov for vedlikehald, som ikkje minst har mykje å seie for trafikktryggleiken, for talet på drepne og skadde på vegane våre. Det er det dilemmaet eg oppfattar at Statens vegvesen har teke inn over seg, og det er derfor ein ikkje har funne å kunne løyve meir midlar til dette enn det ein alt har gjort.

Sigvald Oppebøen Hansen hadde her teke over presidentplassen.

Øyvind Halleraker (H) [12:30:34]: Jeg takker igjen for svaret.

Jeg er kjent med at det har vært arbeidet med konstruktive forslag, bl.a. av lokale elleverandører, for å bidra til at dette skal gjenoppstå, men mitt inntrykk er at saken har kjørt seg litt fast. Med statsrådens engasjement for en lignende sak, nemlig nasjonale turistveger og betydningen av at også veganlegg representerer positive reiseopplevelser, vil jeg igjen spørre om statsråden kan tenke seg å ta initiativ til å få saken løst, slik at dette landemerket igjen kan bli til glede både for vegfarende og sjøfarende.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:31:27]: På spørsmålet om kva statsråden vil gjere, vil eg svare at arbeidet er i gang. Det er ikkje slik at det har stoppa opp. Dilemmaet er at det lovverket me har for offentlege innkjøp, ikkje gjer det mogleg å inngå ein direkte avtale mellom BKK og bompengeselskapet. Ein kan beklage det, men eg veit at representanten Halleraker tilhøyrer eit parti som absolutt er oppteke av at me skal bruke anbod òg for offentlege innkjøp. Det må òg statsråden innretta seg etter. Eg håpar òg at ein får fortgang i det arbeidet, og det er iallfall fortalt meg at ein skal ha konkurransegrunnlaget ferdig no i denne månaden. Så får ein håpe at dei lokale kreftene er ivrige når det gjeld å vere med i det anbodet, og at ein får ei god løysing. Eg er heilt einig med representanten Halleraker i at det er viktig òg med den estetiske opplevinga langs vegane våre. Her er me heilt einige.