Øyvind Halleraker
(H) [12:26:04]: Jeg har et spørsmål til samferdselsministeren:
«Da staten i sin tid bygde Askøybroen mellom
Bergen og Askøy, la man vekt på at broen utgjorde
et sentralt landskapselement i innseilingen til Bergen.
Statens vegvesen utstyrte derfor broen med belysning på bærekablene, «perleradsbelysningen»,
som har gledet befolkningen og reisende i området i mange år.
I den senere tid har ikke belysningen vært operativ
pga. manglende vedlikehold, som er et statlig ansvar.
Vil statsråden ta et initiativ
for at belysningen igjen kan bli intakt, og bidra til at lysene
igjen kan tennes?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:26:51]: Det såkalla perlekjedet på Askøybrua
vart avvikla på grunn av den tekniske
tilstanden på lysarmaturen, som kravde særs høge
drifts- og vedlikehaldskostnader. Statens vegvesen har ikkje
funne det rett å investere i eit nytt «perlekjede», på grunn
av investeringskostnader og framtidige driftskostnader.
På denne bakgrunnen har Askøybrua
AS teke initiativet til å reetablere «perlekjedet».
Dei vende seg til eit lokalt elselskap, Bergenshalvøens
Kommunale Kraftselskap, hausten 2005 og bad om tilbod på etablering
og drift av ei lysrekkje. Bompengeselskapet fekk eit tilbod om investering
og drift som lét seg finansiere utan
bruk av bompengar eller statlege midlar.
Tilbodet vart lagt fram for Statens vegvesen,
som gjorde selskapet merksam på at reetableringa vert omfatta
av lov om offentlege innkjøp, med den konsekvensen at reetablering
av det såkalla perlekjedet må lysast ut på anbod.
Det pågår for tida eit arbeid
i regi av Askøybrua AS med å utarbeide
konkurransegrunnlag for reetablering og drift av «perlekjedet» på Askøybrua,
og dette arbeidet vil vere ferdig i slutten av oktober
i år.
Øyvind Halleraker (H) [12:28:10]: Jeg takker for svaret.
Saken reiser flere prinsipielle spørsmål,
nemlig statens ansvar for å følge opp egne
investeringer med vedlikeholdsmidler og mulighet til å dekke
drifts- og vedlikeholdskostnader med bompenger der finansieringsselskapet
ber om dette. Askøybrua var for øvrig et nesten
100 pst. brukerfinansiert prosjekt i utgangspunktet.
Som statsråden sier, har bompengeselskapet – og
publikum – vært veldig opptatt
av saken og vært i en dialog med Statens vegvesen
i lengre tid. Det er nettopp fordi dette utgjør
et såpass vakkert landskapsmerke at man syns dette fortjener å bli
reetablert.
Ser statsråden at vi her står
overfor et dilemma, ved at man i et brukerfinansiert prosjekt hvor
man har de samme ønsker om å anvende
midler også til denne type vedlikehold, ikke
får anledning til det?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:29:27]: Med respekt for at både
vedtaket om å etablere perleradsbelysninga og
det vedtaket som er gjort tidlegare om at ein ikkje har
funne det rett å investere på nytt, er gjort før
mi tid som statsråd, vil eg nok vere einig
med representanten Halleraker i at det er eit dilemma, men eit dilemma
på ein litt annan måte, kanskje, enn slik Halleraker
tenkjer. Dilemmaet vil jo vere kor mykje ein skal investere
i det estetiske. Kor store kostnadar av fellesskapets midlar skal ein
bruke på estetikk, når me veit at anten
det gjeld bruer, tunnelar eller vegar generelt, er det
eit skrikande behov for vedlikehald, som ikkje minst har
mykje å seie for trafikktryggleiken, for talet på drepne
og skadde på vegane våre. Det er det dilemmaet
eg oppfattar at Statens vegvesen har teke inn over seg,
og det er derfor ein ikkje har funne å kunne
løyve meir midlar til dette enn det ein alt har gjort.
Sigvald Oppebøen
Hansen hadde her teke over presidentplassen.
Øyvind Halleraker (H) [12:30:34]: Jeg takker igjen for svaret.
Jeg er kjent med at det har vært arbeidet
med konstruktive forslag, bl.a. av lokale elleverandører,
for å bidra til at dette skal gjenoppstå, men
mitt inntrykk er at saken har kjørt seg litt fast. Med
statsrådens engasjement for en lignende sak, nemlig nasjonale
turistveger og betydningen av at også veganlegg
representerer positive reiseopplevelser, vil jeg igjen spørre
om statsråden kan tenke seg å ta initiativ
til å få saken løst, slik at dette landemerket
igjen kan bli til glede både for vegfarende og
sjøfarende.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:31:27]: På spørsmålet om
kva statsråden vil gjere, vil eg svare at arbeidet er i
gang. Det er ikkje slik at det har stoppa opp. Dilemmaet
er at det lovverket me har for offentlege innkjøp, ikkje
gjer det mogleg å inngå ein direkte
avtale mellom BKK og bompengeselskapet. Ein kan beklage
det, men eg veit at representanten Halleraker tilhøyrer
eit parti som absolutt er oppteke av at me skal bruke
anbod òg for offentlege innkjøp. Det må òg
statsråden innretta seg etter. Eg håpar òg
at ein får fortgang i det arbeidet, og det er iallfall
fortalt meg at ein skal ha konkurransegrunnlaget ferdig no i denne
månaden. Så får ein håpe at
dei lokale kreftene er ivrige når det gjeld å vere
med i det anbodet, og at ein får ei god løysing.
Eg er heilt einig med representanten Halleraker i at det
er viktig òg med den estetiske
opplevinga langs vegane våre. Her er me heilt einige.