Stortinget - Møte onsdag den 22. november 2006 kl. 10

Dato: 22.11.2006

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 8

Borghild Tenden (V) [12:09:30]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«For å styrke innsatsen for trafikksikkerhet startet Bondevik II-regjeringen en prøveordning med bygging av midtrekkverk på to- og trefelts veier. I løpet av perioden 2002–2005 ble det bygget ca. 70 km midtrekkverk langs eksisterende veier. I Stoltenberg-regjeringens forslag til budsjett for 2007 ligger det inne 9 km midtrekkverk. Dette er en oppfølging på 38 pst. for målene i handlingsprogrammet 2006–2009.

Hva vil statsråden gjøre for å gjenopprette satsing på det viktige trafikksikkerhetstiltaket?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:10:38]: I I Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perioden 2006–2009 er det føresett bygt om lag 50 km med midtrekkverk på to- og trefelts vegar. På grunn av store bindingar må ein vesentleg del av investeringsramma i 2007 nyttast til å sikre rasjonell anleggsdrift av alt igangsette prosjekt. Dette vil òg vere situasjonen i 2008. Følgjeleg er den føresette satsinga på dei såkalla mindre investeringstiltaka, m.a. bygging av midtrekkverk, sterkast i siste del av fireårsperioden.

Regjeringa har som mål å følgje opp Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perioden 2006–2009. Eg føreset difor at det i løpet av denne perioden vil bli bygt om lag 50 km midtrekkverk på eksisterande to- og trefelts vegar. Samstundes vil eg minne om at det er viktig å tenkje heilskap for å redusere talet på trafikkulukker. Sjølv om møteulukkene skjer hyppigast på den delen av vegnettet som har mest trafikk, skjer dei òg på andre delar av vegnettet. Det må difor gjennomførast ulike typar tiltak på vegnettet, avhengig av vegbreidd og trafikkmengd.

Det enklaste tiltaket som no er under utprøving, er å auke mellomrommet mellom midtlinjene og frese asfalten, slik at det oppstår ein vibrasjonseffekt. På vegar som er breiare og har meir trafikk, er bygging av fysisk midtrekkverk eit viktig tiltak. På den mest trafikkerte delen av vegnettet er bygging av firefelts vegar eit effektivt tiltak både mot møte- og utforkøyringsulukker. Sidan 10–15 pst. av møteulukkene har samanheng med t.d. manglande søvn hjå bilføraren, er det òg viktig at trafikantane tek ansvar. Hausten 2006 starta Statens vegvesen difor ein ny kampanje med «Stopp og sov»-informasjon i media.

Borghild Tenden (V) [12:12:30]: Jeg takker statsråden for svaret. Jeg har fått opplyst at av dem som ble drept i trafikkulykker i årene 1999–2000, ble 31 pst. drept i møteulykker. Tall som jeg har fått fra SINTEF, viser at på fire midtrekkverksstrekninger med totallengde 15 km har det ikke vært registrert en eneste trafikkulykke med drepte eller hardt skadde trafikanter. Møteulykkene er helt forsvunnet. Er samferdselsministeren enig i at begrepet nullvisjon får en underlig klang når man ikke har raskere tempo på utbyggingen av midtrekkverk enn det Stoltenberg-regjeringen nå legger opp til?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:13:19]: Noreg er eit av dei landa i Europa og i verda for øvrig som ligg lengst framme i trafikktryggingsarbeidet. Saman med Sverige styrer me dette arbeidet etter nullvisjonen. England, Holland, Sverige og Noreg er dei fire landa som ligg best an.

Det betyr ikkje at me skal lene oss tilbake, men grunnen til at me ligg så godt an, er ikkje at me har så mykje midtrekkverk. Det er at me har satsa breitt på trafikktryggleik. Det er ikkje berre nye vegar, det er ikkje berre midtrekkverk og fysiske skiljelinjer som hindrar ulukker. Det er ei breidd av tiltak. Det er haldningsskapande arbeid i barnehage og skule, det er betra trafikkopplæring, det er kampanjen «Stopp og sov», men ikkje minst det enkle å bruke bilbelte og det å bruke refleks for å hindre fotgjengarulukker.

Alt dette og mange, mange fleire tiltak er det som gjer at me har lukkast så pass som me har, og det er breidda av tiltak som skal gjere at me skal gå ytterlegare ned på dødsstatistikken.

Borghild Tenden (V) [12:14:20]: Jeg takker igjen statsråden for svaret. Jeg er enig i mye av det hun sier der, men nå var temaet midtrekkverk. I den nye Håndbok 017 «Veg- og gateutforming» foreslås det at det skal bygges midtrekkverk på stamveier og hovedveier med fartsgrense over 80 km/t når døgntrafikken på veiene er over 8 000 kjøretøy – dette igjen med utgangspunkt i nullvisjonen innenfor trafikksikkerhet. Er dette forslaget noe statsråden ønsker å følge opp?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:14:57]: I det arbeidet som me gjer på trafikktryggleik, må me, som eg sa i det førre svaret mitt, sjå på ei breidd av tiltak. Eg har i budsjettet for inneverande år sagt kor viktig det er at me iallfall kan få tofeltsvegar, slik at det er passering. Dessverre er det slik at me på mange høgt trafikkerte vegar framleis ikkje har to vegbanar. Me må som sagt sjå på heile breidda.

Det som ligg i handboka om at me skal ha midtdelar på vegar med større årsdøgertrafikk enn 8 000 køyretøy, er iallfall eit stykke fram, for å seie det sånn, i forhold til dagens situasjon. Det må vegast opp mot dei tiltaka me set inn på andre område i trafikktryggingsarbeidet, og eg vil lytte nøye til dei råda som eg får frå dei faglege instansane, før eg tek stilling til det.